Og Ordet vart menneske

No er det vel streng tatt korrekt å seie at Ordet vart menneske den 25. mars, på Maria bodskapsdag. Det er dagen då Kristus, etter tradisjonen, vart unnfanga i Maria. Men sidan dette er tett knytt opp til jula, så tar eg det i dag.

Det spesielle med kristendommen, som eg også poengterte på fredag ved å sitere den austleg-ortodokse biskopen Kallistos Ware, ligg i inkarnasjonstanken, at Gud, i biskop Kallistos sine ord, “frelser os ved at identificere sig med os, ved at lære den menneskelige erfaring at kende indefra.” Gud steig ned til oss fo å løfte oss opp ved å bli som oss. Dette perspektivet er litt uvant for oss i den vestlege delen av Kristi lekam. Vi tenker ofte slik om forsoninga, at den handlar om at “Kristus døydde slik at eg helst skulle sleppe unna.” Eller som Dorothy L. Sayers ironisk formulerte det, etter det kvardagsfolk meinte om kristendomen:

Gud ønska å fordømme einkvar, men hans vreide vart tilfredstilla ved krossfestinga av hans eigen Son, som var heilt uskuldig, og difor eit spesielt skikka offer. Gud fordømmer no kun personar som ikkje fylgjer Kristus eller som aldri har høyrt om han.[1]

Realiteten er noko heilt anna. Det er ikkje slik at vi skal hale oss borte frå Kristi død, nei vi skal faktisk dø med Han. Og denne frelsesprosessen byrja med jula (som eigentleg byrja 25. mars). Grunn på dette no i jula, og resten av livet ditt også. Grunn på kva det vil seie at Gud vart menneske, og at vi, gjennom hans inkarnasjon, skal få “el i guddomleg natur” (2Pet 1:4). Og grunn over desse orda frå Paulus:

Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. (Gal 2:1b-20)

God jul!

Noter & referansar:

[1] Sayers, Dorothy L. (1947) The Dogma is the Drama. Sitert frå Jacob Frode Knudsen, “Måtte Jesus dø?” (Spor, magasin for Bergen domkirke menighet, nr. 2/2007), s. 13 (omsett til nynorsk).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s