Den omlagande nåden

Tekstane for nyårsafta er 1Joh 2:18-21 og Joh 1:1-18. Eg skal konsentrere meg om to korte vers i evangelieteksten (Joh 1), nemleg v. 12 og 14:

Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans…
Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.

“Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born.” Finst det noko støtte gåve, noko større nåde enn dette: Å bli Gud born? Nei, men kva inneber det? Kva er denne nåden?

Når Paulus skulle fortelje kva nåden er for noko — og ikkje berre kva nåden innebar (frelse, fred, etc.) — så sa han det slik: “De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.” (2Kor 8:9)

Betyr det at Kristus var fattig materielt sett? Mykje tyder på at han var det. Men eg trur ikkje at det er det som er fokus i Pauli ordbruk i dette verset. Eg trur, slik eg gjer om det meste i Bibelen, at alt må forståast i kontekst, ikkje berre lokalt (det enkelte skrift), men også den samla kontekst som er Skrifta. Og så meiner eg at vi må tolke dette i lys av Kristus.

Kva er sentrum i den kristne trua, ortodoksiens kjerne? Jo, det er dette enkle credo: “Jesus Kristus er Herre” (Fil 2:11). Og difor må vi tolke Pauli ord om nåden gjennom dette. Eg trur ikkje at verset handlar om materiell rikdom og fattigdom, men at det er meint som eit bilete på Inkarnasjonen. La oss parafrasere litt: “De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart menneske då han var Gud, så de ved hans manndom skulle bli som Gud (evt. få “del i guddomleg natur”, jmf. 2Pet 1:4).”

Frelsa er ikkje berre at vi får syndene våre tilgjevne, men at vi blir lyfta opp og nyskapt i Guds bilete. Vi ser det også i 2Kor 3:18, der det står (NO 1978/85):

Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Gud tar bustad i oss, og gjev oss barneår i Kristus. Jesus er verkeleg, slik Brorson sa det, den som “fyller lt i alle.” Som pave Benedict sa det i talen sin på midanttsmessa på julafta:

In the stable at Bethlehem, Heaven and Earth meet. Heaven has come down to Earth. For this reason, a light shines from the stable for all times; for this reason joy is enkindled there; for this reason song is born there. At the end of our Christmas meditation I should like to quote a remarkable passage from Saint Augustine. Interpreting the invocation in the Lord’s Prayer: “Our Father who art in Heaven”, he asks: what is this — Heaven? And where is Heaven? Then comes a surprising response: “… who art in Heaven — that means: in the saints and in the just. Yes, the heavens are the highest bodies in the universe, but they are still bodies, which cannot exist except in a given location. Yet if we believe that God is located in the heavens, meaning in the highest parts of the world, then the birds would be more fortunate than we, since they would live closer to God. Yet it is not written: ‘The Lord is close to those who dwell on the heights or on the mountains’, but rather: ‘the Lord is close to the brokenhearted’ (Ps 34:18[33:19]), an expression which refers to humility. Just as the sinner is called ‘Earth’, so by contrast the just man can be called ‘Heaven'” (Sermo in monte II 5, 17). Heaven does not belong to the geography of space, but to the geography of the heart. And the heart of God, during the Holy Night, stooped down to the stable: the humility of God is Heaven. And if we approach this humility, then we touch Heaven. Then the Earth too is made new. With the humility of the shepherds, let us set out, during this Holy Night, towards the Child in the stable! Let us touch God’s humility, God’s heart! Then his joy will touch us and will make the world more radiant. Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s