Arvesynda

Eg har allereie skrive litt om dette på engelsk, men denne blir litt annleis.

Ein ting mange kristne har problem med å forstå, og som eg ikkje forstår heilt eg heller, er læra om arvesynda. Men for å forstå det, så må vi sjå på korleis vi skal definere synd. Synd er ikkje utelukkande ein moralsk kategori — som seier noko om kva vi gjer, eller har gjort — men ein ontologisk/antropologisk kategori — som seier noko om kven vi er. Den katolske kyrkja si katekisme påpeiker (i §404) at arvesynda “er en synd som videreføres ved forplantning til hele menneskeheten, det vil si at det er en menneskenatur uten den opprinnelige hellighet og rettferdighet som føres videre. Derfor kalles den opprinnelige synd “synd” ved analogi, fordi det dreier seg om en synd som er “pådratt”, ikke “begått”, en tilstand, ikke en handling.” (mi utheving)

Mange er ueinige i denne definisjonen av synd, og siterer 1Joh 3:4 som bevis: “Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova.” Men dette er ein klassisk feil. Ein må ta for seg heile Bibelen, ikkje eit enkelt vers tatt ut av kontekst. Det kjem fram av teksten i 1Joh (3:5f) at vi “veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd. Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.”

Dersom vi her ser på synda som ein moralsk kategori, så må konklusjonen bli at ingen kristne syndar eller gjer noko galt. Men dette er beviseleg feil, eg veit at eg syndar. Men om vi derimot her ser på synda som ein ontologisk/antropologisk kategori, så blir konklusjonen at kristne ikkje lenger er bestemt på synda, ikkje lenger bestemt på oss sjølve, men på Gud. Synd er i all hovudsak mistillit til Gud og eit brot i fellesskapet med Han. For kristne er ikkje synda lenger ein del av vår natur (mennesket i seg sjølv), vi er omskapte i Guds bilete. Dette ser vi mellom anna i 2Kor 3:18 og Ef 4:22-24.

Vi kan også lesei Rom 5:13b-14a: “Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov, rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam.” (mi utheving)

Eg lar Harald Hauge få ordet:

Synd forstås da [i de fleste (kanskje alle) kirker som praktiserer barnedåp] ikke utelukkende som en moralsk kategori (“lovbrudd”) men primært som en ontologisk kategori (beskrivelse av de vilkår mennesket eksisterer under). Selv sier jeg det gjerne slik: Synd er en relasjonsbeskrivelse. Uttrykket synd sier primært noe om hvilke vilkår vi bygger relasjoner innenfor. Dersom våre relasjoner (til Gud, skaperverket og vår Den andre) er preget av mistillit, da kaller vi det i teologien for synd. Dersom våre relasjoner er preget av tillit, da kaller vi det i teologien for tro.

Læren om arvesynden eller den opprinnelige synden er en lære som sier noe om at våre relasjoner allerede fra begynnelsen av er styrt av mistilliten. Det er derfor livene våre etter hvert har det med å falle fra hverandre; vi gjør handlingssynder fordi livene våre er bestemt av synden. Når vi derfor sier i vår kirkes dåpsteologi sier at “De [barna] er født med menneskeslektens synd og skyld” så forsøker vi rett og slett å si: Barna er som alle andre mennesker preget av mistilliten allerede før de har tatt ett eneste bevisst valg. De kan ikke velge bort mistilliten. Derfor trenger også de å få gjenopprettet sin grunnrelasjon til Gud, og dette må skje utenfra. Det er nettopp dette som skjer i dåpen, i følge (for eksempel) luthersk teologi.

Dette ser vi også i det lutherske vedkjenningsskriftet Confessio Augustana — Den augsburske konfesjon (CA). Der står det, i § 2, at vi “vert fødde med synd, det vil seie utan otte for Gud, utan tillitt til Gud og med trå, og at denne ervelege (lat. originis, “opphavlege”) sjukdomen og bresten verkeleg er synd.”[1]

Det er altså slik at synda påverker den vi er, den er ikkje berre ei handling, men ein tilstand. Difor må Kristi frelsesverk vere ei nyskaping av mennesket. Gud blir menneske, lever som menneske, dør som menneske, står opp att som (fornya) menneske, og fer opp til Faderen — og tar menneskenaturen med seg. Inkarnasjonen opner for dette, opner for at vi kan få “del i guddomleg natur.” (2Pet 1:4)

Synd har med natur å gjere. Men problemet er at ein i diskusjonar rundt dette opererer med totalt forskjellig begrepsapparat. Mange snakkar om synd som ein hovudsakleg moralsk kategori. Men når eg snakker om synd, så ser eg det hovudsakleg som ein ontologisk kategori med fokus på relasjonar. Som Som Peter Kreeft sa det: “Sin doesn’t just mean “no-no’s,” it’s an ontological term. It’s like divorce from God, the source of all good.”[2] Vidare har vi nåden, og denne ser eg også i eit ontologisk perspektiv. For meg er nåden ei nyskapande kraft, medan det ofte hjå andre utelukkande er ein juridisk term. Eg trur at nåden er ei kraft som gjer at eg kan bli rik, at eg får “del i guddomleg natur,” at eg blir nyskapt i Guds bilete.

Mange av dei eg diskuterer dette med er einige, men dei opererer med ein skjult (og falsk) premiss. Dei går ut frå at arvesyndsdogmet er falskt fordi alle menneske har rett på å bli frelst, at vi har rett på å vere i Edens hage — at dette er vår naturlege tilstand. Men dette er feil. Frelsa er overnaturleg av karakter, vi blir heva over vår naturlege tilstand.[3] Og dette er av nåde, ei gratis gåve som vi ikkje har krav på.

Med utgangspunkt i dette, så vil eg skrive ned nokre tankar omkring arvesynda. Som eit bakteppe for artikkelen, anbefaler eg å lese Den katolske kyrkja si katemisme (DKKK) si behandling av mennesket i Paradis, § 374-379. Eg vil sitere ein paragraf litt lenger nede, § 384: “Åpenbaringen lærer oss å kjenne den tilstand av hellighet og opprinnelig rettferdighet mann og kvinne levde i før syndefallet. Deres lykketilstand i paradiset skyldtes deres vennskap med Gud.”

Det du (eventuelt) las frå DKKK, er tett knytt opp til læra om dei fire gåvene mennesket hadde i Paradis, tre preternaturale, èi overnaturleg. Desse er (1) inngitt kunnskap, (2) udøydelegdom, (3) integritet (at sjelsevnene er styrt av fornufta), og (4) den opphavlege rettferda, som er knytt til den heilaggjerande nåden (overnaturleg). Taylor Marshall skriv:

Preter refers to something prior, as in the Latin sense of the adverb praeter, meaning “prior” or “beyond”.

The three “preternatural gifts” (the three I’s: infused knowledge, immortality, and integrity) are preternatural in the sense they do not belong to bare human nature, while at the same time they are not supernatural. In other words, the preternatural gifts strengthen human nature, but are not habits of grace. They bring out the best of what human nature could be.

Med utgangspunkt i dette, og i soga i 1. Mosebok, kan vi komme fram til fem punkt for å forklare kva arvesynda (og motsett; frelsa) er for noko.

  1. Mennesket er ikkje guddomleg av natur, og kan ikkje bli som Gud av seg sjølv, på naturleg vis. Vi treng Guds heilaggjerande nåde, ei overnaturleg gåve, som hjelper oss mot vårt sanne mål saman med, eller i, Gud.
  2. Gud gav mennesket denne heilaggjerande nåden (og difor den opphavlege rettferda), og dei preternaturale gåvene, slik at mennesket skulle klare å nå dette målet.
  3. Gud hadde som mål at denne “pakka” — med over -og preternaturale gåver — skulle gå i arv.
  4. Adam feila dette både passivt og aktivt; (1) han verga ikkje Eva mot slangen, som hyrde og husbond, og (2) han åt av frukta.
  5. Mennesket mista difor desse fire gåvene, og miste også venskapet med (tillitt til) Gud. Dette betyr ikkje at Gud slutta å elske oss, det var omvendt. Mennesket ville berre ha med seg sjølv, med “kjøtet,” å gjere.

Arvesynda handlar altså ikkje om at vi har arva skulda til Adam, men at vi har same natur som han. Og utan Gud er vi syndarar fordi synd, slik Harald Hauge påpeika, handlar om å vere fråskild frå Gud (den Andre). Det er ikkje primært ein moralsk kategori med fokus på skuld, det seier heller korleis mennesket er i seg sjølv, utan Gud. Paulus skriv ein del om dette i breva sine. Han skriv mellom anna om forskjellen mellom “Anden” og “kjøtet.” Eg vil sitere to bibelstader.

“Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever etter Anden, traktar etter det som høyrer Anden til. For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.” (Rom 8:5f)

“Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.” (Rom 7:19)

For Paulus, og for oss, er synda ein eksistensiell realitet. Det er noko som pregar våre liv. “Seier vi at vi ikkje har synd,” skriv Johannes, “då fører vi oss sjølve vill, og sanninga er ikkje i oss.” (1Joh 1:8)

Denne realiteten kan vi anten halde fast på — slik at vi “traktar etter det som høyrer menneske til” — eller ta avstand frå — slik at vi “traktar etter det som høyrer Anden til.” Ei kort oppklaring: Skiljet mellom “Anden” og “kjøtet” handlar ikkje om ånd (forstått som det åndelege/sjelelege i mennesket) vs. kropp. Nei, det handlar om Gud og menneske. Dersom mennesket ikkje vil ha noko med Gud å gjere, så har det del i “kjøtet,” innestengd i seg sjølv. Dersom det har fellesskap med Gud, så er det seg sjølv — slik Gud hadde det i tankane — og har del i “Anden,” som nyskapar oss i Guds bilete, urbiletet. Slik det står i 2Kor 3:18:

Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Ei kort oppsummering: Arvesynda handlar ikkje om at vi har arva Adam si skuld, men at vi har same natur som Adam, og at denne naturen ikkje er nok i seg sjølv. Vi veit innst inne at utan hjelp så er vi ikkje eigenleg oss sjølve, slik Gud hadde oss i tankane. Vi veit at vi hjelp utanfrå. Og dette får vi frå Kristus, som tok på seg vår menneskelege natur slik at vi, ved Hans nåde skulle, som Peter skriv, få “del i guddomleg natur.” Det handlar ikkje om at vi arvar skuld, men at vi har same natur som Adam. Taylor Marshall skriv vidare:

[The teaching about the four gifts in Paradise] is an important feature of Catholic anthropology. A) It resists the Calvinist doctrine of “total depravity” because Original Sin causes man to fall to bare human nature. The Fall is the removal of a set of gifts, strictly speaking. B) It also allows us to understand how redemption is accomplished through Christ — that we are reconstituted in sanctifying grace through Christ. C) It may be helpful with understanding an evolutionary origin of mankind, in that human beings were not created as “naturally” immortal, but that this immortality was something “preternatural”. Immortality was a gift that was forfeited.

Noter & referansar:

[1] Brunvoll, Arve, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar (Oslo: Lunde, 1979), s. 45

[2] Kreeft, Peter, “The Dark Side.” Foredrag på Socrates in the City, 04.05.2005. (21.12.2007)

[3] Men det betyr ikkje at vår natur blir utsletta eller ““sjalta ut.” Nei den blir fullenda. Thomas Aquinas poengterte, etter Knut Erik Tranøy si omsetjing, at “nåden opphev ikkje nauren, men fullkommengjer den.” (ST 1a, 1.8, ad2)
Kjelde: Thomas Aquinas, Om loven, Guds attributter, tro og viten og kjønnslivet i paradiset. Oversettelse, innledning og kommentar ved Knut Erik Tranøy (Oslo: Pax, 1967), s. 29

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s