Herrens openberringsdag

I dag er det dagen for Herrens openberring eller Kristi openberringsdag som det heiter i Den norske kyrkja.

Evangelieteksten for Den katolske kyrkja, Matt 2:1-12, fortel om vismennene som hylla Kristus. Desse blir av enkelte kalla for “magikarar,” sidan grunnteksten bruker det greske ordet magos (eintal; magoi), som kan omsetjast med alt frå “vismann” og “lækjar” til “prest” og “astrolog.” Enkelte meiner at desse var alkymistar og sjernetydarar, og at dei også var “involvert” i den litterære visdomstradisjonen, slik vi mellom anna kjenner den frå dei forskjellige visdomsskriftene i GT.

Desse mystiske menn gav Kristus tre gåver; gull, røykjelse og myrra. I den kristne tradisjonen[1] har desse tre gåvene mellom anna blitt sett på som teikn som peiker på kven Kristus er, som openberrar Han.

Gullet peiker fram mot Kristus som konge. Gullet representerer ikkje berre jordleg rikdom, men men Kristi kongelege herlegdom. Men det har også ei jordleg tilknyting. Hans majestet er ikkje berre knytt til det guddomlege — Guds Son — men også til det menneskelege — Menneskesonen — slik Daniel profeterer det (Dan 7:13f)::

Så såg eg i nattsynene mine:
Sjå, med himmelens skyer
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.
Han fekk herredøme, ære og rike;
folk og ætter med ulike språk,
alle folkeslag skal tena han.
Hans velde er eit evig velde,
det skal ikkje forgå;
hans rike går aldri til grunne.

Røykjelsen peiker fram mot Kristi prestegjerning, og Hans profeterte fullending av prestedømmet etter Melkisedek. Det står i Salme 110:4:

Herren har svore og angrar det ikkje:
“Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.”

Og i Hebrearbrevet (7:1-3.26-28) står det:

Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Den høgste Gud. Han kom og møtte Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane, og Abraham gav han tiend av alt. Han er for det første Melkisedek, namnet tyder ‘rettferds konge’, dernest er han konge i Salem, det vil seia fredens konge. Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing og livet hans ingen ende. Slik er han lik Guds Son; han er og blir prest for alltid. (…)

Ja, ein slik øvsteprest var det vi trong: heilag, utan vondskap, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane. Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. Dei som lova set inn som øvsteprestar, er veike menneske. Men gjennom ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, blir Sonen innsett, han som for evig har nådd fram til fullendinga.

Det bør påpeikast at dette offeret ikkje berre handlar om krossen, men om inkarnasjonen: Offeret var at Kristus, som den andre — og siste — Adam, levde eitt fullkomme liv, og at at Han fullt og heilt var “lydig til døden, ja, døden på krossen,” som Paulus skriv i brevet til filipparane (Fil 2:8).

Myrra-salven er, i fylgje denne nettsida, “perhaps the most mysterious of the Gifts.” Det står vidare at namnet på salven “is an Arabic word for bitter, and it is considered a wound healer because of its strong antiseptic and anti-inflammatory properties. Calling it mo yao, the Chinese used it for centuries to treat wounds, bruises and bleeding and to relieve painful swelling.” Og vidare står det at salven “was one of the burial spices of Jesus (John 19:39).”

Dette peiker fram mot to ting; Kristi lækjing, og Kristi død på krossen. Då Krostus gjekk rundt i Israel lælkja han folket i sjel og sinn, og dette gjorde Han på krossen også. Lækjinga av oss menneske er knytt til det at Kristus tok vår natur opp i seg og lækte den. Det er knytt til Inkarnasjoen, at Gud, i den austleg-ortodokse biskopen Kallistos Ware sine ord, “frelser os ved at identificere sig med os, ved at lære den menneskelige erfaring at kende indefra.”[2]

I dag, på Herrens openberringsdag, bør vi grunne på kven Kristus er. Denne mannen som døydde på krossen, stod også opp att, og dette vitnar om at dei tre vismenna vart opplyst av Gud, at dei fekk ei openberring — gjennom det dei dreiv med — om kven dette vesle barnet var. Han var, og er, ikkje berre menneske, men også Gud. Som det står om Kristus i siste del av andre lesetekst i Den norske kyrkja i dag (1Tim 3:16):

Og samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort: Han vart openberra i kjøt og blod, rettferdiggjord i Anden, sedd av englar, forkynt mellom folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter & referansar

[1] Eg nytter meg her av eit vidare tradisjonsomgrep enn ordet “Tradisjonen” som omhandlar læra etter apostlane.

[2] Ware, Biskop Kallistos, Vejen: Ortodoks kristendom. Omsett av Poul Sebbelov (København: Hl. Silouan Forlag, 2001), s. 76

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s