Herrens dåp

I dag feirer ein i Den katolske kyrkja Herrens dåp. Denne hang, i fylgje nettsidene til Den katolske kyrkja i Noreg, opphavleg saman med Epifani-feiringa. “Epifania er gresk og betyr «åpenbaring» eller «lysende», og i det religiøse språket betyr det soloppgang eller en herskers ankomst på statsbesøk. Høytiden er gammel, eldre enn julefeiringen, og har alexandrinsk opprinnelse.”

Denne feiringa markerer starten på Kristi offentlege misjon. I dagens evangelietekst, Matt 3:13-17, står det: “Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: “Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede”.” (v.16-17)

Dei vise tre menn openberra indirekte openberra kven Kristus er, gjennom sine tre gåver. Gud openberra det direkte: “Dette er Son min.” Men kva innebar denne dåpen, kva var det Kristus vart innvigd til der? For å svare på det, så må vi ta ein titt på kva dåpen var for noko. I Matt 3:1-2.4-6 står det:

På den tid steig døyparen Johannes fram og forkynte i øydemarka i Judea. Han sa: “Vend om, for himmelriket er kome nær!” (…) Johannes hadde ei kappe av kamelhår og lêrbelte om livet, og maten hans var grashopper og villhonning. Folket i Jerusalem og heile Judea og landet langsmed Jordan drog ut til han. Og dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.

Dette var altså ein omvendingsdåp, ein dåp der menneska kunne sanne syndene sine, bli døypt og dermed reinsa seg. Men trengde Kristus å reinse seg for synder? Var ikkje Kristus syndfri? Dette spurde også Johannes då Kristus kom for å bli døypt: “Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?” (Matt 3:14) Slik eg ser det, så var denne dåpen ei innviing der det vart openberra kven var; nemleg Messias, folkets frelsar. Dette ser vi også i Johannesevangeliet, kap 1:28f:

Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte. Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: “Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!”

Eg tolker dette som at Johannes fekk det openberra for seg, i Kristi dåp, at Kristus er den som “ber verdsens synd.” Vi kan kanskje seie at Kristus tok på seg dei syndene som folk vedkjente seg i dåpen. Dette er sjølvsagt eit bilete, for Kristus tok på seg alle verdsens synder. Men det er likevel eit godt bilete, for det får fram det at Kristus ikkje frelsar dei som ikkje bil bli frelst. Han sjaltar ikkje ut viljen vår.

Det Kristi dåp forkynte var altså dette: Kristus er Messias, den som tar bort syndene til folket sitt (ikkje berre Israel, men heile verda) — og Han er Guds Son. Då vil eg gjerne sitere tre vers (nr. 1, 2 og 4) og refreng frå “Å kom nå med lovsang,” ein vakker julesalme (vi kan seie at det (kanskje) framleis er jul; 20. juledag). Eg har omsett det til nynorsk.

Å, kom no med lovsong,
jordas kristenskare!
Å, kom no med lovsong til Betlehem!
Kom for å sjå Han, Kongen i ei krubbe!

Omkved:
Kom, tilbe Han, Guds under!
Kom, tilbe Han, Guds under!
Kom, tilbe Han, Guds under!
Vår Herre Krist!

Gud, evig Gud og
ljos av ljos det er Han!
Til oss er Han komme som bror i dag.
Sann Gud av opphav, fødd før alle tider.

Omkved:
Kom, tilbe Han, Guds under!
Kom, tilbe Han, Guds under!
Kom, tilbe Han, Guds under!
Vår Herre Krist!

Herre, vi hyllar
deg som kom til jorda.
Barn Jesus, deg høyrer signinga til.
Ordet vart kjøt og bur imellom oss.

Omkved:
Kom, tilbe Han, Guds under!
Kom, tilbe Han, Guds under!
Kom, tilbe Han, Guds under!
Vår Herre Krist!

Grunn på dette i dag, grunn på at Kristus tok på seg våre synder, og ofra seg på vegne av oss!

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s