«Del i guddomleg natur»

I 2Pet 1:4 står det at det kristne mennesket vil få “del i guddomleg natur.” Kva det vil seie er det mange forskjellige meiningar om. I ein kommentar til Peter sitt fyrste og andre brev skriv Trygve Bjerkrheim at ein har ofte vore ueinig om innhaldet i uttrykket «guddomleg natur»:

Enkelte har hevdet at apostelen med dette tenker på fullendelsen, herlighetslivet på den nye jord, når de troende ved oppstandelsen har fått et «åndelig legeme». 1 Kor. 15,44, samtidig som deres ånd er blitt fullkommen. Siden «Gud er ånd», Joh. 4,24, har de fått del i hans guddoms-natur. Men etter grunnteksten er den guddommelige natur noe som alt er blitt lesernes eie etter at dere har flyktet bort fra fordervelsen i verden som har sin rot i lysten. (Det greske partisippet uttrykker ikke en stilling: «så dere flykter» (Luther), men noe avsluttet.) Vi må da med «guddommelig natur» tenke på gjenfødelseslivet, gudslivet, det evige livet, Joh. 3.15-16, den nye skapning, 2 Kor. 5,17, det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilde med den rettferdighet og hellighet som hører sannheten til. Ef. 4,24. Det er det liv som er Kristi eget oppstandelsesliv, innplantet i den troende ved Den Hellige Ånd. Da er «det gamle foranget, se, alt er blitt nytt». 2 Kor. 5,17. «For Gud forener oss med seg selv, og derved blir vi til Guds bilde. Hva han er, blir ved hans gave også vår eiendom. Ved Guds sannhet blir vi sanne. Ved Guds kjærlighet lærer vi å elske. Ved Guds evige kjærlighet mottar vi den uforgjengelige herlighet» (Schlatter). [1]

Æveperspektiv. Eg er stort sett einig i det Bjerkrheim skriv her, men vil utfylle det litt. Slik eg ser det, skal det kristne livet alltid sjåast i eit «æveperspektiv.» Det betyr at alt ein kristen gjer, skal ha si rot i det evige. Eit godt døme på dette er Kristi si formaning på slutten av Matteusevangeliet sitt femte kapittel: «Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.» (Matt 5:48) Dersom ein les grunnteksten, så ser vi at ordet som er omsett med fullkommen er ordet teleios. Ordet har tre hovudbetydningar: (1) bragt til enden, avslutta; (2) å ikkje trenge noko meir for å bli komplett, og (3) perfekt/fullkommen. Ordet har rot i telos, «ende, mål.» Det er i dette perspektivet vi må forstå både Kristi formaning og Peter sitt uttrykk «guddomleg natur.» Dette er noko som startar her og no, men som ikkje er heilt fullenda før vi har nådd målet, vårt telos.[2]

Dette er, som Bjerkrheim påpeiker, knytt til «gjenfødelseslivet, gudslivet, det evige livet» og til «Kristi eget oppstandelsesliv, innplantet i den troende ved Den Hellige Ånd.» Men vi må gå vidare enn dette. Betyr det at vi får del i «guddomleg natur» at vi blir Gud av «natur,» av essens? Nei, og dette må forklarast litt meir inngåande.

Theosis. I austleg-ortodoks kristendom utvikla det seg ei lære som ein kalla for Theosis (eller Theopoiesis), «guddomleggjeringa.»[3] I austleg-ortodoks kyrkjeliv set ein eit skilje mellom Guds natur og Guds energiar. Dette er eigentleg eit litt dårleg ord på norsk, fordi det greske ordet energia ikkje direkte betyr det vi tenker på som «energi,» men «i arbeid,» av en, «i» og ergon, «arbeid.» Det er altså snakk om å skilje mellom det Gud er, og det Gud gjer. Men dette er eigentleg ei litt for stor forenkling av det heile. Desse «energiane» blir kalla «uskapte.» Eit døme på ein slik er nåden. I vestleg kristendom, spesielt i lutherdomen, har dette ofte fått ei altfor stor juridisk forankring. Medan ein i austleg-ortodoks og romersk-katolsk lære heller ser på nåden som ei «skapande kraft,» noko som endrar oss. Den beste måten å forklare dette er at vi ved nåden blir «adopterte» av Gud. Vi blir difor hans born, får del i alle Hans gode gåver, men sluttar ikkje å vere menneske. Vi blir faktisk meir menneske nn vi er no, vi blir fullkomne menneske. Som ein kristen tenåring ein gong sa det: «Gjer som Gud — bli sant menneske!»

Men eg vil gjerne forklare litt meir. Vi blir ikkje ontologisk lik Gud, slik enkelte tolker dette, men vi blir Guds born av nåde. Ingen skapt ting tar del i Guds natur ontologisk, men gjennom Kristus blir vi kalla til å ta del i Gud liv, ta del i den treeinige dans (perichoresis). Dette får vi på grunn av at Gud vart menneske i Jesus Kristus, og fordi at vi lar Heilaganden verke i oss. «Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel,» skriv Paulus, «vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.» (2Kor 3:18)

Peter kallar dette som kjent å få «del i guddomleg natur,» men dette er av nåde, ikkje ei ontologisk endring. I forholdet Gud og skapningen, så opererer ein i ortodoks teologi med desse tre; (1) Guds vesen, (2) guddomlege eigenskapar, og (3) skapte ting. I ein artikkel om Maximos Confessor si lære om Theosis skriv Torstein T. Tollefsen:

Her konfronteres vi med et problem, for hvordan kan det kommuniseres over en kløft av den typen jeg har fremstilt [det ontologiske skille, mi anm.]? Man skulle jo tro at fellesskap var umulig mellom så radikalt ulike vesener som Gud og menneske, og dog er det ikke slik, ifølge Maximos. Hvordan vil han løse dette problemet? Vi må, i følge Maximos, skjelne mellom to typer av Guds verk (erga theou). Den ene typen kaller han for »begynnelsesløse verk«, mens den andre typen er verk som har en begynnelse (jfr. Cap.gnost 1, 48). De begynnelsesløse verk er guddommelige egenskaper som Godhet, Liv, Udødelighet og Uendelighet, ja, som Væren, Skaperkraft og Visdom (jfr. De char. 1.100 og 3, 25). De verk som har en begynnelse er alle de skapte tingene, dvs. det totalt skapte kosmos. I det bildet som fremkommer på denne bakgrunn må vi derfor skjelne mellom tre saker, nemlig (i) Den treenige Guds vesen, (ii) guddommelige egenskaper og (iii) skapte ting. Maximos’ tanke er at Gud i sin radikale hinsidighet bygger en bro over til det skapte (»annethet«, det som er noe annet enn Gud) ved hjelp av de nevnte egenskaper. Som en samlende betegnelse for disse egenskaper bruker Maximos termen »den guddommelige energeia«, dvs. »virksomhet« eller »energi«.[4]

Kristus er ljoset for verdaa (Joh 8:12) — og gjennom Hans omlagande ljos får vi del i Guds energiar, og blir guddommeleggjorte, ikkje av natur eller vesen, men av nåde. Difor meiner eg at skiljet mellom Guds vesen — det som gjer Gud til det han er, ontologien — og Guds «energiar,» eller eigenskapar, er viktig. For å avslutte med kyrkjefaderen Athanasius: «Gud vart menneske for at mennesket skulle bli guddomleggjort.»

Noter & referansar:

[1] Bjerkreim, Trygve (1976) Fortolkning til Peters første og annet brev. Bibelverket. Oslo: Luther/Lunde, s. 145-146

[2] Thomas Aquinas meinte at dette målet var vår fullkomne glede, å sjå Guds herlegdom. Dette finn vi bakgrunn for mellom anna hjå Paulus og Johannes. «No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet. No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.» (1Kor 13:12) «Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.» (1Joh 3:2)

[3] Mange austleg-ortodokse teologar påstår at det ikkje er noko teologisk utvikling hjå dei, spesielt ikkje i læra om Theosis, men dette meiner Dr. Peter J. Leithart er feil. I artikkelen «Theopoiesis» tar han for seg dette i synet på Theosis.

[4] Tollefsen, Torstein Theodor (2003) «Maximos Bekjenneren — deltakelse og guddomeliggjørelse,» Ortodokse røster i nord: En antologi ved. f. arkimandritt Johannes Johansen. København: Hl. Silouan, s. 60

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s