Nokre tankar omkring treeininga

Eit spørsmål som eg har fundert ein del over i det siste er korleis vi kan halde fast på subsistensen — den verkelege og distinkte eksistensen — til dei tre guddomlege personane, og samstundes ikkje gli over i triteismen (eller motsett; modalismen).

Spørsmålet er svært viktig. For frelsa er at den andre personen i guddomen — Logos, Visdomen, Guds Son — vart menneske, “ikkje ved ei omskaping av guddomen til kjøt, med ved opptakinga av manndomen i Gud.” Ordet vart menneske for å gje oss del i sitt, for å gje oss “del i guddomleg natur.” Men for å halde fast på dette, for å halde fast på den verkelege personlege, hypostatiske, foreininga av Gud og menneske i Kristus, så må Logos vere ein verkeleg, distinkt og subsistent person. Og dette er også det vi har fått openberra i Bibelen. Thomas Aquinas skreiv, med utgangspunkt i Kristi utsegn i Joh 8:58 og 10:30,[1] at “pronomenet “eg” betyr personen som talar. Men han som ytra desse orda var eit menneske. Den sama personen som er Gud og menneske.” (Comp. Theol., 203)[2] Men for at denne “eg” skal kunne ta desse orda i sin munn — utan å lyge — må Logos vere ein verkeleg person.

Spørsmålet er korleis vi kan halde fast på dette utan å gli over i triteisme. Eg har eit forslag — og kjenn dykk frie til å rive det i fillebitar dersom det ikkje stemmer.😉

Mitt syn, som eg sjølvsagt er villig til å endre på, er innanfor den såkalla ‘sosiale tradisjonen,’ som vi finn hjå notidige teologar som J.P. Moreland og William Lane Craig, og hjå ‘dei gamla karane,’ slik som dei Kappadokiske fedrane. For å gje litt historisk bakgrunn, vil eg sitere teologen D.M. Baillie, D.D., som ser nokre problem med denne modellen, med bakgrunn i Karl Barth sin teologi. Barth tok utgangspunkt i Boethius sin definisjon av personen — “ein individuell substans av rasjonell natur”[3] — og Baillie skriv at Barth,

… [points out] how Aquinas in particular was conscious that this definition increased the difficulties of the Trinitarian conception of three Persons in the Godhead. But it is when we come to the quite modern concept of personality, which, according to Barth, adds the attribute of self-consciousness, that he feels the difficulty to be acute, because ‘three Persons’ in the modern sens would mean three distinct centres of consciousness, three self-conscious personal beings, and this seems very near to tritheism. (…)

[There] is the tendency, mainly among Anglican theologians, to sharpen the distinction between the Persons of the Trinity, and to go farther than theology has been accustomed to go in the direction of regarding them as distinct personal beings between whom there can be a ‘social’ relationship. In the Patristic age it was the Cappadocian Fathers, the two Gregories and Basil, that went farthest in this direction, illustrating the Trinity by the analogy of three individual men; and thus we might speak of the ‘ultra-Cappadocian’ movement in modern Trinitarian thought.[4]

Eg meiner at Baillie tar feil. Slik seg ser det, så ligg forskjellen mellom polyteisme og trinitarisk monoteisme i at ein i polyteismen seier at det finst mange gudar, som eigentleg betyr fleire guddomlege vesen; medan ein i den trinitariske monoteismen seier at det finst berre eitt guddomleg vesen, og tre guddomlege personar (som alle har same natur). Vi kan illustrere dette gjennom å samanlikne forholdet mellom Faderen, Sonen og Heilaganden med forholdet mellom oss menneske, som alle er skapte i den treeinige Guds bilete.

Vi har alle same natur, men vi er forskjellige personar. Forskjellen ligg sjølvsagt i at vi ikkje er foreina på same måte som dei guddomlege personane, og at vi har potensiale til å vere foreina, til å vere “eitt slik som [Faderen og Sonen] er eitt” (Joh 17:11, jmf. 21-23). Dei guddomlege personane har ikkje dette potensialet, det har vore (er) aktualisert frå æva av. Gud er, i Thomas Aquinas sine ord, ‘rein akt.’ Det vil seie at det ikkje finst noko potensiale i Gud, at Han er totalt aktualisert, at i Han “er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.” (Jak 1:7). Aquinas skilde i sin metafysikk mellom to hovudomgrep; actus (‘akt,’ ‘aktualitet’) og potentia (‘potens,’ ‘potensialitet’). Knut Erik Tranøy skriv litt om dette:

Det er ikke lett å finne en adekvat oversettelse for disse to grunnbegrepene, potentia og actus. Prenter bruker uttrykkene mulighet og virkelighet, og de antyder i alle fall en meget viktig og vesentlig del av begrepsinnholdet. Jeg tror likevel det er å foretrekke å holde seg til ordene potens og akt for å unngå villedende bibetydninger som andre uttrykk kan ha. (…)

Potens og akt er to grunnleggende værens-former eller værens-måter. Thomas sier om en ting som er, at den er in potentia eller in actu. Å si at en ting er in potentia er å si at den har væren i mulighets form; å si at en ting er in actu er å si at den har væren i virkelighet; og det vil igjen si at de muligheter tingen hadde da den var in potentia, nå — da den er in actu — er aktualisert, virkeliggjort, oppfylt.[5]

I guddomen er dei tre personane verkeleg foreina, slik at vi kan seie at dei er treeinige. Dersom vi samanliknar forholdet mellom Faderen, Sonen og Heilaganden med forholdet mellom polyteistiske gudar (t.d. dei romerske, greske eller hinduiske gudane), så ser vi at forskjellen ligg at medan det i fyrstnemnde er snakk om tre personar og eitt vesen (totalt foreina), så er det i sistenemnde ikkje berre snakk om fleire personar, men også fleire vesen, og ein myriade av forskjellige mål, meiningar og viljar.

Det er rett at eg her argumenterer imot den aller strengaste forma for ‘guddomleg enkelskap’ (eng., divine simplicity). Men eg ser ikkje nokre direkte teologiske eller filosofiske problem med dette. Forstått strengt, så kan ikkje Gud her eingong ha fleire eigenskapar. Men slik eg ser det, så er denne basert på ein platonsk omgrepsrealisme som tilseier at eigenskapar og personar eksisterer utanfor det einskilde. Vi kan seie, sidan både personen og vesenet er ein substans, at vesenet berre eksisterer i dei tre guddomlege personane, og ikkje i nokon annan, men også at desse tre personane eksisterer innanfor guddomsnaturen. ‘Vesen’ er svaret på spørsmålet; kva er dette. ‘Person’ er svaret på spørsmålet; kven er dette.

Moreland og Craig kjem nok inn under det Baillie kallar den ‘ultra-Kappadokiske’ tradisjonen, men eg meiner at det er Baillie, og ikkje Moreland og Craig, som tar feil her. Kva er eigentleg problemet med at det i Gud er tre sjølvmedvitne personar? Er dette triteisme? Nei, det trur eg ikkje. I triteisme er det snakk om tre gudar, ikkje tre guddomlege personar. Enkelte meiner at dette er feil, fordi vi kallar menneskelege personar for menneske. Kvifor kallar vi ikkje guddomlege personar for gudar? Grunnane er mange, men eg skal berre nemne to. For det fyrste bruker ein ikkje uttrykket “gudar” for å halde fast på at det berre er eit guddomleg vesen, og at desse er knytt saman i ei total eining. For det andre er faktisk ikkje heilt korrekt å kalla ein menneskeleg person eit menneske. Vi bruker dette ordet fordi det er enklare å seie “eit menneske” enn “ein menneskeleg person.”

Er dette triteistisk?

Noter:

[1] “Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.” “Eg og Far er eitt.”

[2] Thomas Aquinas (2006) Teologisk Håndbok (lat. Compendium Theologiae). Oversettelse og innledende essay av Nils Heyerdahl. Oslo: De norske bokklubbene, s. 213 (omsett til nynorsk)

[3] Mot Eutyches og Nestorius, 3. Sitert i Moreland, J.P. & Rae, Scott B. (2000) Body & Soul: Human Nature & the Crisis in Ethics.InterVarsity Press, s. 25

[4] Baillie, D.M,, D.D. (1956) God was in Christ. An essay on Incarnation and Atonement. Reprint, 1968. London: Faber and Faber Limited, s. 135.137

[5] Tranøy, Knut Erik (1957) Thomas av Aquino som moralfilosof. Oslo: Universitetsforlaget, s. 54-55. ‘Prenter’ er ei referanse til Regin Prenter si bok Thomismen (København: Gads forlag, 1953)

One comment on “Nokre tankar omkring treeininga

  1. Øyvind says:

    Haha!

    Ok, den interne teologiske diskusjonen skal du få ha i fred.

    Det bryr meg ikke hvorvidt du tror på treenigheten, tre enigheter eller en enighet mellom tre…så lenge du innser at det kun er en tro, og at den ikke vil gjøre deg godt i det lange løp.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s