Søk fyrst Guds rike

På fredag, medan eg var til morgonmesse, kom eg til å tenke på kva som er grunne til at vi feirer messe. På toget tidligare den dagen hadde eg lest i boka Lammets nattverd, og eg byrja å reflektere litt over gudstenesta.

Å feire gudsteneste handlar ikkje om “hjelp til sjølvhjelp” eller “billig” scientologi, me det handlar om å halde fokus utover, mot Gud og mot medmenneska. Lesningane for denne dagen peika også imot dette. Som den skriftlærde i evangelieteksten sa det (til Kristus): “Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.” (Mark 12:32f)

Gudstenesta handlar ikkje om billig “sjølvrealisering,” men om å søkje Guds åsyn, som ironisk nok er den einaste måten å realisere seg sjølv fullt ut. Du finn deg sjølv i Den andre sitt andlet. Dette får eg framfor alle stader i liturgien. Der får eg, i vakre former, lov til å søkje Guds andlet, og får del i det ultimate teiknet på Guds samlande kjærleik; eukaristien, der Guds lam gjev seg sjølv til oss. “Sjå, eg stend for døri og bankar på; dersom nokon høyrer mi røyst og let upp døri, so vil eg ganga inn til han og halda nattverd med han, og han med meg… Sæle er dei som er bedne til brudlaupsnattverden åt Lambet!” (Op 3:20, 19:9, NB1938)

Ef 3:14-21 (78/85):

Difor bøyer eg mine kne for Faderen, han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s