Frelsa og nattverden

Frelsa er rett og slett at vi, ved Kristus, får “del i guddomleg natur,” som Peter seier det i 2Pet 1:4. Scott Hahn, ein katolsk amerikansk forfattar, knyt dette opp mot gjerningane og ofra våre, og skriv litt om evangeliet: “Den gode nyhet er at Kristus ble en av oss, for å frembære sin menneskenatur som et fullkomment offer. I messen forener vi vårt offer med hans, og denne foreningen gjør vårt offer fullkomment.”[1] Våre ‘offer’ er liva våre, som vi — mellom anna i nattverden — kan gje til Gud, slik at Han kan fullkommengjera dei, heilaggjera dei. Peter skriv: “Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.” (1Pet 2:5) Eller som Paulus seier det, i Rom 12:1: “Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.”

Men det er viktig å påpeike at i motsetnad til mange andre religionar og livssyn, så er alle offer og gjerningar i kristendommen noko Gud, av nåde, utfører i oss, ikkje noko vi gjer av eigen kraft. “For det er Gud som er verksam i dykk,” skriv Paulus, “så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje.” (Fil 2:13) Våre offer og gjeringar er altså Guds gjerningar i oss, at Gud er verksam i oss, ved sin nåde.

Kristendommen handlar ikkje om ‘billeg sjølvrealisering,’ der vi fokuserer innover, men det handlar om å søkje utover, mot Gud, som ironisk nok er den einaste måten vi verkeleg blir realiserte. “For den som vil berga livet sitt,” seier Kristus, “skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?” (Mark 8:35f) Og dette får vi dersom vi går inn i den nye pakta med Gud, gjennom Kristus.

Den nye pakta er på mange måtar ei fullkommengjering av den gamle, som Gud gjorde med Moses. Og vi finn likskapar mellom desse. I 2Mos 24:5-11 står det om at Gud gjorde ei pakt med Israel, ved Moses:

[Moses sende ut] nokre unge israelittar. Dei bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren. Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene; den andre halvparten skvette han på altaret. Så tok han paktboka og las opp for folket, og dei sa: “Vi vil vera lydige og gjera alt det Herren har sagt.” Då tok Moses blodet, skvette det på folket og sa: “Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.”

Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel. Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv. Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

Her ser vi den gamle pakta, med store likskapar til den nye. I Matt 26:26-28 står det:

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til disiplane og sa: “Ta imot og et! Dette er min kropp.” Så tok han eit beger, takka, gav dei og sa: “Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange så syndene blir tilgjevne.”

I nattverden får vi smake på frelsa, og får del i himmelen her og no, del i Jesu fellesskap. I Johannes’ Openberring står det, etter omsetjinga frå 1938 (eg har ‘oppdatert’ språket litt): “Sjå, eg står for døra og bankar på; dersom nokon høyrer mi røyst og let opp døra, so vil eg gå inn til han og halda nattverd med han, og han med meg.” (Op 3:20) Og seinare: “Sæle er dei som er bedne til bryllaupsnattverden åt Lammet!” (Op 19:9) Nattverden er himmel på jord, ein plass der vi kan få ‘næring på vegen.’ Vi får eit ‘sunt kosthald,’ slik at vi toler å vere i Guds nærver, utan å dø. I GT står det at den som ser Gud vil dø, men vi ser i forteljinga frå 2Mos 24 at dei kunne skoda (sjå) Gud utan å dø. “Dei skoda Gud, og dei åt og drakk,” står det. Eg trur at det er måltidet som er nøkkelen her. Eg trur at dei fekk ein forsmak på Lammets himmelske måltid, Lammets bryllaupsnattverd.

Då vil eg avslutte med nokre ord av Scott Hahn, som knytter nattverden (eller eukaristien, som det også heiter) til Jesu andre komme:

Hvilket bilde skal vi … gjøre oss av Jesu gjenkomst? For meg er det eukaristien, og den skjer ved at messen bringer himmelen til jorden. Akkurat som den jordiske prest står over brødet og vinen og sier “Dette er mitt legeme” og dermed forvandler elementene, slik står ypperstepresten Kristus over kosmos og uttaler de samme ordene. Vi står på jorden som elementene står på alteret. Vi er her for å bli forvandlet: for at vi selv skal dø, leve for andre og elske som Gud. Det er det som skjer på det alter som er jorden, akkurat som det skjer på altrene i våre kirker. Likesom ilden fôr ned fra himmelen for å fortære ofrene på Salomos alter, slik fôr ilden ned for å opptenne disiplene ved den første pinse. Ilden er den ene og samme; det er den Hellige Ånd, som setter oss i stand til å bli frembåret som levende ofre på jordens alter.[2]

La oss be:

Herre Gud, himmelske Far! Du som gjev oss nåde slik at vi kan leve etter din gode vilje. La oss, når vi tar del i din nattverd, få komme inn i ditt heilage fellesskap der vi, saman med englane og dei andre heilage, får sjå deg som du er, andlet til andlet. Gjev oss alltid å søkje ditt nærver, ved Jesus Kristus, din Son, vår Herre, som med deg og den Heilage Ande, lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Noter & referansar:

[1] Hahn, Scott (2007) Lammets nattverd. Messen som himmelen på jorden. Oslo: St. Olav, s. 129

[2] Ibid, s. 119

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s