Den gode Fredagen

I dag feirer vi den gode Fredagen, dagen då Kristus fullførte sitt verk, dagen då han hadde gått gjennom alt det vi har gått gjennom, for å fullkommengjere oss, gje oss “del i guddomleg natur.” Eg skal ikkje bruke for mykje plass på dette, men vil berre sitere nokre bibelstader, og gje ein kort meditasjon over desse.

Joh 3:16: “For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.”

Hebr 4:14-15: “Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.”

Fil 2:6-8: “Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.”

Grunnen til at Kristus døydde, var ikkje fordi Gud trengde å sjå blod, men fordi Han elska oss så mykje at Han sjølv vart som oss for å reise oss opp, og gje oss del i sitt eige liv. “Gud vart menneske for å at vi skulle kunna bli guddomleggjorte.” Tenk på dette. Det var ikkje av hat til synda Gud dette, men på grunn av sin kjærleik til oss.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s