Sjå, eg gjer alle ting nye!

“Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar… Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar. Då er òg dei fortapte som har sovna inn i Kristus. Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.” 1Kor 15:14.17-19

Dei siste dagane har vi feira forskjellige delar av påsken; frå nattverden til kvila i grava. Men det er eigentleg berre “oppvarminga.” Rett før Kristus døydde på krossen, så sa Han: “Det er fullført!” Då hadde han gått gjennom alt det vi må gjennom, som menneske. Men Han hadde ein ting igjen; oppstoda.

Oppstoda er vår “pant” på frelsa. Det er frukta av at Ordet vart menneske, levde som menneske, leid som menneske og døydde som menneske — utan synd. Og gjennom dette fornya Han menneskenaturen. “Den gode nyhet,” skriv Scott Hahn, “er at Kristus ble en av oss, for å frembære sin menneskenatur som et fullkomment offer.”[1] Påskenatt vart mørke til lys, sorg til glede, redsle til håp. Og ein dag skal vi få del i dette. Ein dag skal vi fornyast totalt, få ein ny lekam, og vi skal ha del i himmelens herlegdom. Som det står hjå Daniel: “Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernene, evig og alltid.” (Dan 12:3)

Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever
gravi brast, og Jesus lever!

Eg har vunne, Jesus vann!
Mørkheims makt for honom rømde.
Krist or gravi utgang fann
og for evig døden dømde.
Open har eg himlen funne,
Jesus vann, og eg har vunne!

—NOS 180

Noter & referansar:

[1] Hahn, Scott (2007) Lammets nattverd. Messen som himmelen på jorden. Oslo: St. Olav, s. 129

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s