Nattverden som offer

Nattverden har klare offerkonnotasjonar. Den vart til i eit jødisk offermåltid, påskemåltidet, og vi les at vinen, Herrens blod, vert “utrent for mange til forlating for syndene.” (Matt 26:28 ) Dette er det fyrste aspektet ved messeofferet. Det vi kan kalle for ‘representasjonen’ av krossofferet, der Sonen gav seg sjølv, sitt liv, sin lekam og sitt blod (og vatn), for oss. Det er viktig å presisere at nattverden, evkaristien, ikkje er gjeve til oss, men for oss — og til Faderen. Paulus kallar nattverdsaltaret for ‘Herrens bord’ (1Kor 10:21). Dette speler på offera i GT, jmf. Mal 1:7. I evkaristien gjev Kristus seg for oss, ved presten.[1] Men det er også viktig å presisere at messa har eit anna offeraspekt, nemleg våre offer, som vi gjev til Gud ved Kristus.

“Den gode nyhet,” skriv den katolske forfattaren Scott Hahn, “er at Kristus ble en av oss, for å frembære sin menneskenatur som et fullkomment offer. I messen forener vi vårt offer med hans, og denne foreningen gjør vårt offer fullkomment.”[2] Peter kallar oss til å vera “eit heilagt presteskap [som] ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.” (1Pet 2:5) Her ser vi klart at vi er kalla til å bera fram offer, ved Kristus.

Men kva er eigentleg eit ‘åndeleg offer’? Står det i motsetning til bruk av det materielle? Nei, det trur eg ikkje. Eg trur at ‘åndelege offer’ kan forståast på mange måtar, her gjev eg tre: (1) Offera våre er ikkje lenger knytt til ein fysisk stad, t.d Jerusalem, men skal frast til Gud i “ånd og sanning” (Joh 4:20-24). (2) Offeret er knytt til fornufta, og til sanninga. Det er ikkje noko vi finn på fordi det er hyggeleg. Vi ofrar til Gud fordi vi trur Han er den eine, sanne Gud. (3) Offera er ikkje gjort ved eigen kraft, men ved Heilagandens hjelp, Han som omlagar oss til urbiletet, “frå herlegdom til herlegdom.” (2Kor 3:17-18 )

Dette offeraspektet kjem endå tydlegare fram i Rom 12:1, der Paulus formanar oss om å “bera fram lekamen [vår] til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera [vår] åndelege gudsteneste.” Lekamen vert i Bibelen ofte brukt om heile mennesket. Paulus formanar oss altså om å ofre våre liv, alle våre gjerningar til Gud, slik at dei vert fullkommengjorde — og realiserte — i Kristus, i Gud. Paulus seier; “arbeid på dykkar frelse med otte og age.” Men han legg så til: “For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje.” (Fil 2:12.13)

Måten vi gjer dette i messa, er ved å bere fram offergåvene — brød og vin (og vatn) — som, i fylgje liturgien, er “en frukt av jorden/vintreet og av menneskers arbeid.” I offertoriet, der vi ber fram vår takkebøn, vår evkaristi, ber vi Gud ta imot våre offer, vår ‘åndelege gudsteneste,’ og fullkommengjere dei ved Jesus Kristus. “Tankegangen bak offertoriet,” skriv Terje Tønnessen, “er at vi bærer førstegrøden av alt det skapte til Herren. (…) Gavene som bæres fram under offertoriet representerer oss selv. Det er vi som bæres fram, legges på alteret, løftes opp i nådens stråleglans — ved Kristus og med Kristus og i Kristus. Offertoriet er et selvoffer, et offer av, med, for, fra oss selv. Alt som er vårt har vi fått.”[3]

“Alt for Jesu fot jeg legger, alt hva jeg her kaller mitt.” Slik syng vi i ein velkjent song. Er det ikkje nettopp det, vi gjer i offertoriet? Vi gjev av vårt, vår overflod — brød og vin (og vatn) — for at Kristus skal ta imot det, fullkommengjere det, og ved det fullkommengjere oss. Vi er kalla til å vedkjenna Kristus, men dette skal vi ikkje berre gjere ved ord, men også i handling, som er frukta av trua (jmf. Jak 2:14-26). “Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.” (Hebr 13:15)

Enkelte vil kanskje innvende mot dette, og seie at evkaristien utelukkande er Kristi offer for oss, og at vi ikkje skal ‘blande oss inn.’ Eg er ueinig. Dette er faktisk ei svært audmjuk haldning. Ved å knytte våre offer til krossofferet, gjennom evkaristien, seier vi at våre offer er ingenting utan Kristus. “Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg,” seier Han (Joh 14:6). Og eg trur det gjeld for offera våre også, som “er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.” (1Pet 2:5, mi utheving).

Den gamle pakta gjald Israelsfolket. Den var ein skugge av den nye (Hebr 10:1), og vart gjort i “blod av oksar og bukkar” (Hebr 10:4, jmf. 2Mos 24:1-11). Den nye pakta, fullkommengjeringa av den gamle (Matt 5:17), er gjort i Kristi blod (Matt 26:28, Mark 14:23f, Luk 22:20) — og den gjeld også heidningane, heile verda. Med utgangspunkt i det, er det interessant å lese denne profetteksten frå Malaki:

For frå soloppgong til solnedgong skal mitt namn verta stort mellom heidningfolka, og på kvar ein stad skal dei brenna røykjelse og bera fram offergåver for namnet mitt, reine offergåver; for namnet mitt skal verta stort mellom folkeslaga, seier Herren, allhærs Gud. (Mal 1:11)[4]

Noter og referansar:

[1] I katolsk tradisjon seier ein at presten opererer in persona Christi, at han feirer messe i Kristi stad. Dette er ikkje noko opphøgjing av presten, nei det er heller at han audmjukt seier at han ikkje gjer dette av eiga kraft. Det er heller ikkje noko tilsidesetting av Kristus, men det er nettopp Han som opererer.

[2] Hahn, Scott (2007) Lammets nattverd. Messen som himmelen på jorden. Oslo: St. Olav, s. 129

[3] Tønnessen, Terje (2004) Kristus blant dere — Håpet om herligheten. Eukaristisk spiritualitet i en såret og splittet verden. Saeculum, s. 59

[4] NO 1938, språkleg oppdatert

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s