Tru og gjerningar

I ein diskusjon kom eg over to uttrykk som beskriv forskjellen mellom ei katolsk og eit luthersk forståing av heilaggjeringa, rettferdgjeringa og forholdet mellom tru og gjerningar. Ein av debattantane sa at det store skiljet mellom det katolske og lutherske synet[1] er at for ein katolikk er Gud “allverkande,” medan for Luther er Gud “åleineverkande.”

Kva som blir meint med dette, er at for Luther så har ikkje gjerningane noko plass saman med trua og nåden, fordi Gud frelser oss gjennom “trua åleine” eller gjennom “nåden åleine.” Dette meinte Luther å finne grunnlag for hjå Paulus, medan han ville fjerne Jakob sitt brev frå NT. Grunnen for dette finn vi i Jak 2:14-26, der det mellom anna står at trua til Abraham “verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda.” (v. 22) Og vidare at “eit menneske vert sagt rettferdig ved gjerningar og ikkje berre ved tru.” (v. 24) Luther var klar på at gjerningane ville komme, men at dei ikkje hadde noko direkte med trua eller nåden å gjere. Mot dette står den katolske læra.

Der meiner ein at Gud er “allverkande,” dvs. at alle dei gjeringane vi gjer skjer eine og åleine fordi Guds nåde verkar i oss. Difor er det total skivebom å seie at katolikkar er “hovmodige,” for dei gjev all ære — også for sine eigne gjerningar — til Gud. Det bibelske grunnlaget for dette finn vi mellom anna i Jakob 2, i Jesus moralske lære, og hjå Paulus, spesielt i Efesarbrevet og Filipparbrevet:

For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. (Ef 2:8-10)

Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age. For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje. (Fil 2:12f)

Poenget er at dei gjerningane som vi utfører i rettferdgjeringa,[2] er eine og åleine mogelege (eller viktige) på grunn av Guds nåde. Dette standpunktet vart på 300-talet debattert av Pelagius og Augustin, fordi fyrstnemnde meinte at mennesket kunne handle godt utan nåde. I denne artikkelen om Pelagius står det at han “benektet arvesynden og hevdet at Adam hadde en naturlig rett til det overnaturlige liv, og at mennesket kunne oppnå frelsen i kraft av sin frie vilje og sine naturlige evner. Dermed blir nåden overflødig.” Denne læra, som vart kalla pelagianismen, vart fordømt av konsilet i Efesos, år 451. For å forklare forskjellen mellom klassisk katolsk lære og Pelagius, vil eg vise til essayet “First and Second things,” der C.S. Lewis forklara prinsippet ved å setje fundamentale ting fyrst. Der sa han at “[you] can’t get second things by putting them first; you can get second things only by putting first things first.”

Vi ser dette spesielt i frelsa, i teosis. Kva er den “andre tingen” der? Jo, det er sjølvsagt gjerningane våre, det vi får i frelsa, etc. Dette er viktig, men vi får det utelukkande gjennom det fundamentale; nåden (Ef 2:8-10). Feilen til Pelagius var at han prøvde å få tak i fruktene utan treet.

Flytter vi denne diskusjonen inn i vår eiga samtid, eller berre fram til 1500-talet, finn vi at den lutherske posisjon faktisk er svært lik den pelagianske. I den artikkelen om Pelagius som eg viste til oppfor står det at “Luthers sterke betoning av Guds nåde som det eneste middel til frelse var, slik han og reformatorene så det, et oppgjør med det de oppfattet som Den katolske Kirkes pelagianisme.” Men Luther gjorde same feilen som Pelagius. Begge to sette eit skilje mellom tru og nåde på den eine sida, og gjerningar på den andre, forskjellen var kva side ein sette fokus på.[3]

Men dette skiljet blir altså avvist i katolsk teologi. Grunnen, som eg allereie har poengtert, er at Gud er “allverkande,” ikkje (berre) “åleineverkande.” Vidare er det ein viss gnostisisme å spore i det lutherske synet. Tua som, i tillegg til å vere tillit til Gud, er rasjonell av karakter. Men i klassisk kristendom er det ikkje kropp og sjel fråskild, men foreina, integrert, men med eit viss hierarki.

Då, for å oppsummere, vil eg sitere noko som stod på ein vegg på eit bussopp: “Hvem du er reflekteres i dine handlinger.”

Noter:

[1] Det må presiserast at katolikkar og lutheranarar ikkje er svært forskjellige i sin praksis, korleis dei lever ut trua, så dette handlar altså ikkje om den moralske praksisen, men om grunnlaget for denne, om den kristne “etikken,” av mangel på eit betre ord.

[2] Her må det presiserast at ein i katolsk (og ortodoks) teologi ikkje set noko essensielt skilje mellom rettferdgjeringa og heilaggjeringa; alt går inn under “teosis.”

[3] No må det igjen presiserast at Luther sin feil ikkje var “like grov” som Pelagius sin, fordi nåden er grunnlaget for gjerningane.

4 comments on “Tru og gjerningar

  1. torstein says:

    Luther mente vel vi skulle skjelne mellom tro og gjerninger, ikke nødvendigvis sette et SKILLE mellom dem.

    Jeg kan ikke se at Luther skriver at gjerningene ikke hadde NOE direkte med nåden å gjøre. Helliggjørelsen har med nåde å gjøre, f.eks NÅDEgavene.

    Kanskje det kommer an på definisjonen av “gjerninger”. Hos Luther er jo det Loven. Vi er fri fra Loven, eller død for den. Jeg mener altså at vi er fri til å elske Gud UTEN KRAV – men med kjærlighet som drivkraft istedet. Er det slike “gjerninger” du/katolikkene sikter til – er vi nok på linje.

    Forholdet mellom tro og gjerning er nok litt sammensatt, og jeg synes Luther brakte mye ny lærdom til ettertanke.

    Men, jeg er likevel litt lei av den nærmest skjematiske måten mange lutheranere preker på der en først MÅ preke “evangeliet” minst halve tiden før en kan komme med en formaning eller to.

  2. No er denne distinksjonen mellom rettferdiggjering og heilaggjering ikkje bibelsk, og stinker av nominalisme.

  3. torstein says:

    Ord som “stinker” funker dårlig for meg. Unødvendig.

    Hva reagerer du på? VIL du diskutere? Er det virkelig ubibelsk at vi er død fra lovens forbannelse? Det står i Bibelen; Hva betyr det, da?

    Jeg ønsket en helt vanlig, seriøs “debatt”. Kan jeg få en saklig respons på kommentaren min, eller?

    Sjerpings!

  4. Det eg meiner er at det ikkje er noko skilje mellom rettferdiggjering og heilaggjering. Dette skiljet vart skapt av reformatorane, og er ein konsekvens av ein nominalistisk tankegang.

    Nominalismen, som nektar for eksistensen av universalia — essensar — gjer det også umogeleg å ha noko kommunion. Difor måtte ein lage eit skilje mellom rettferdiggjering og heilaggjering.

    Ein snakkar då om at rettferdiggjeringa er utelukkande utanfor mennesket, slik vi er i Guds auge, medan heilaggjeringa er ein gradvis vekst der vi — takksame til Gud — veks i tru. Dette er ein totalt indre prosess, og har ingenting å seie for vår ståe for Gud. Men dette skiljet er verken bibelsk eller kyrkjeleg. (Kyrkja er som kjent “støtte og grunnvoll for sanninga.”)

    Carl E. Olson skriv nokre interessante ord om dette i artikkelen “What’s in a Name?”:

    [R]adical individualism—what French Catholic philosopher Jacques Maritain called “the advent of the self”—(…) became a distinguishing feature of Protestantism. In the moral realm this radical separation of faith and grace meant a severing of the moral act from its actual value. If God can impose any value he desires upon a moral act arbitrarily, then it follows that man’s actions cannot possess any objective value relating to grace or the meriting of eternal life. (…)

    Calvin systematized this discontinuity by basing his Institutes of the Christian Religion around the central theological theme of predestination. Calvin made it clear that God can be sovereign only if man is nothing, that is, totally depraved and lacking any free will.

    It has been said that for the Protestant fathers justification was the article of faith upon which the Church either “stand or falls.” But their denial of free will is actually the key article of faith, as it informed their position on justification as well as that of Scripture, Church authority, and the sacraments. Without free will, man’s moral actions mean nothing, so justification becomes a legal fiction, not a lifetime of growth in God’s divine life.

    The Reformer from Geneva also took up Ockham’s view of the Incarnation, as [Alister] McGrath noted in A Life of John Calvin (Cambridge: Basil Blackwell, 1990). Calvin “makes it clear that the basis of Christ’s merit is not located in Christ’s offering of himself,” McGrath wrote, “but in the divine decision to accept such an offering as of sufficient merit for the redemption of mankind (which corresponds to the voluntarist [nominalist] approach). For Calvin, ‘apart from God’s good pleasure, Christ could not merit anything’ [Institutes, II.xvii.i-iv].” McGrath also noted that “Calvin’s continuity appears to be with the late medieval voluntarist tradition, deriving from Ockham of Ockham and Gregory of Rimini.”

    The crucial break between each moral act (known by revelation) and its meritorious value (unknown and reliant on God’s arbitrary will) is evident. So Calvin taught a distinct break between justification and sanctification. The former is external, imputed, and eternal; the latter is internal and pertains to salvation as an evidence only shown by good works, a sign of perseverance, which the truly predestined saint will possess. Believers can know they are saved by the signs of their works, all the while knowing that those works possess little, if any, actual value in the eyes of God.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s