Idear har konsekvensar

I 1948 vart Richard M. Weaver si bok Ideas Have Consequences publisert. Tittelen har etter kvart blitt ein klisjé, og dei fleste som høyrer tittelen trur at boka handlar om at måten vi tenker influerer måten vi handlar. Dette er nok ein del av det han skriv om, men tittelen er faktisk eit ordspel. Edward Feser skriv at tittelen peikte på

Plato’s famous Theory of Ideas, a metaphysical thesis that has cast a long shadow over the history of Western civilization. Indeed, Weaver’s view was that this metaphysical vision is what made Western civilization possible, that its abandonment was the primary source of the pathologies of the modern world so decried by conservatives, and that its recovery is essential if those pathologies are to be overcome.

Weaver tar mellom anna opp nominalismen, og påpeiker nokre klare problem med denne. Eg skal vere den fyrste til å seie at ikkje alle problem i den moderne verda er nominalismens feil. (Enkelte eg har diskutert med ser ut til å meine det.) Grunnen til at eg ikkje er nominalist handlar ikkje om ‘konsekvensanalyse,’ men om at eg trur nominalismen er feil, og at realismen (dvs., den moderate realismen) er rett. (At alt skal handle om ‘konsekvensanalyse’ er det faktisk enkelte som skuldar nominalismen for.)

Men det er klare problem med nominalismen, som eg tar for meg nedanfor. Men fyrst må eg forklare litt meir.

I mellomalderen gjekk det lenge ein diskusjon omkring almennomgrep og universalia. (Døme på universalia er ‘grøn,’ ‘menneske,’ ‘hund,’ etc.) Denne diskusjonen hadde lange røter, og held framleis på, men som med mykje anna vart dette gjennomgåande diskutert i mellomalderen.

Ein kom fram til at det hovudsakleg finst fire posisjonar i spørsmålet rundt universalia. Desse er

  • Ekstrem realisme. Her seier ein at universalia eksisterer uavhengig av, og før, einskildstinga (universalia ante res).
  • Moderat realisme. Her seier ein at universalia eksisterer immanent i einskildstinga som deira former, essensar og eigenskapar (universalia in res).
  • Konseptualisme. Her seier ein at universalia utelukkande eksisterer inne i sinnet og at dei ikkje har noko ekstern eller substansiell røynd. Denne er, slik eg ser det, ei fordekt utgåve av den siste kategorien;
  • Nominalisme. Her seier ein at universalia ikkje eksisterer i det heile, men berre er namn (latin nomen, ‘namn’) som vi bruker om einskildsting som liknar på kvarandre. Det er altså berre einskildstinga som finst.

No skal eg ta for meg eit par problem med nominalismen, sett frå eit kristen synspunkt. Det eg skal sjå på er gudsbiletet, rettferdiggjeringa og fellesskapet. (Liturgien har eg allereie tatt opp i liturgibloggen min, Mediator Dei, her og her.)

Den eldre Luther sa at han, i sine yngre år, var ein ‘okkamist,’ dvs. ein som fylgjer William av Ockham. Ockham levde frå (c. 1288 – c. 1347) og var kjent som ein av dei som starta via moderna — ‘den moderne vegen.’ Dei som fylgde dette vart kalla moderni — ‘dei moderne.’ Før hadde ein fylgd via antiqua — ‘den antikke/gamle vegen.’ Den store forskjellen mellom desse to ligg i kva syn ein hadde på allmennomgrep og universalia. Den moderne rørsla meinte, liksom Ockham, at berre einskildstinga hadde reell eksistens.

Denne moderna rørsla påverka store delar av filosofien og teologien på 1300 -og 1400-talet, og dermed også samfunnet. (Enkelte vil sjølvsagt vere ueinig i dette, kanskje spesielt her i Noreg, men universitet og høgskular er dei plassane der dei fleste av samfunnets idear vert utforma.) Denne nominalismen påverka også Luther og Calvin. (Luther reagerte seinare hardt på nominalismen, men han — som ikkje hadde noko vidare kjennskap til skolastisk filosofi før Ockham — trudde at katolsk teologi var nominalistisk. Dette fekk klare konsekvensar for hans gudsbilete. Meir om det nedanfor.)

Så, la oss sjå litt på dei fire punkta eg nemnde oppfor.

Gudsbiletet

I artikkelen “Luther sett med en katolikks øyne” skriv Olav Müller at Luthers gudsbilete “har nok i stor utstrekning sin årsak i en avsporet teologi på 1500-tallet, som egentlig ikke var katolsk.” Müller tar også opp dei to store mellomalderteologane Thomas Aquinos og Duns Scotus. Müller skriv:

Thomas Aquinas skrev mye om Guds væren, hvem han er i seg selv. Duns Scotus beskjeftiget seg mer med Guds gjerninger, hva han gjør for oss.

Disse to teologer utfylte hverandre. Det som skjedde i senmiddelalderen og stadig mer jo nærmere vi kommer reformasjonen var at Thomas Aquinos værensteologi rykket i bakgrunnen, mens Duns Scotus lære om Guds handlinger ble temmelig enerådende. Hva Gud er i seg selv ble uinteressant.

Vi fikk en engelsk teolog innen denne retning, som het Wilhelm av Occam. Han grunnla en teologisk skoleretning vi kaller nominalismen. Han sier at vi med våre ufullstendige begreper ikke kan si det ringeste om Guds sanne vesen.

Resultatet av denne teologiske utvikling var at Gud forsvant ut i det store mørke. Han ble den skjulte Gud hvis vilje var uransakelig, den rene vilkårlighet. Vel lærer vi hans kjærlighet å kjenne i hans frelsesverk. Men hva Gud ut over dette er i seg selv, vet vi ikke. «Hvis Gud fant det for godt, kunne han sende de gode til helvete og ta de onde opp til seg i himmelen».

Kva er grunnen til dette? Jo, det er fordi nominalismen ikkje anser at det finst nokre indre essensar. Difor er ikkje Gud lenger actus purus — ‘rein akt’ — men rein vilje, og kan difor gjere martyrdom til dødssyn og voldtekt til dyd. Ingenting, inkludert etikk, er objektivt innanfor nominalismen. Müller skriv at det var den nominalistiske teologien, “sammen med de tidligere nevnte grunner, som forårsaket Luthers rystende Gudsforståelse. Det var denne uberegnelige, vilkårlige dommer han søkte å blidgjøre med gode gjerninger uten noensinne å lykkes.”

Rettferdiggjeringa

Det er klassisk kristen lære at Gud rettferdiggjer den kristne. Men kva betyr dette? Dersom vi er omgrepsrealistar vil dette bety at Gud verkeleg gjer oss rettferdige. (Dette vert av enkelte kalla paktsrealisme.) Det er denne posisjonen ein har innanfor Den katolske kyrkja, Den austleg-ortodokse kyrkja og mange protestantiske kyrkjer.

Men dersom vi er omgrepsnominalistar vil det bety, slik ein seier det i kalvinismen, at Gud berre erklærer oss rettferdige. At han så og seie henger eit skilt på oss som seier at vi er rettferdige, sjølv om ingenting verkeleg skjer med oss. Nominalismen er, for å seie det litt enkelt, ei ‘skilsmisse’ mellom det namn eller den tittel vi gir noko og tingen si objektive røynd. Altså er frelsa ikkje noko verkeleg endring, men berre ei endring av den ‘tittelen’ ein ting har. Eit godt døme er nattverden. Kalvinistane seier at ingenting skjer med nattverdselementa — brødet og vinen — men at Kristus berre ‘kallar det’ lekam og blod. Vi er altså her ved overforenklinga av Duns Scotus sin teologi der, som Olav Müller seier, “Guds handlinger ble temmelig enerådende. Hva Gud er i seg selv ble uinteressant.”

Fellesskapet

Her er vi ved eit av dei store problema til nominalismen. Dersom det ikkje finst nokre indre essensar, korleis kan vi då ha fellesskap med kvarandre? Korleis kan vi ha fellesskap med Gud, få “del i guddomleg natur” (2Pet 1:4)?

Nominalismen prega store delar av seinmiddelalderen og tida før og rundt reformasjonen. Müller skriv at det “som skjedde i senmiddelalderen og stadig mer jo nærmere vi kommer reformasjonen var at Thomas Aquinos værensteologi rykket i bakgrunnen, mens Duns Scotus lære om Guds handlinger ble temmelig enerådende. Hva Gud er i seg selv ble uinteressant.”

Dermed slutta fellesskapet å vera noko objektivt, og byrja å vera ei (pragmatisk) samling av inneslutta einskildsindivid. Gud vart også den monomane, inneslutta tyrannen. Når folk så reagerer mot dette, så reagerer dei faktisk ikkje imot katolsk eller ortodoks teologi — som den gamle Luther meinte — men mot noko som vart starta av ein katolsk filosof som ikkje heldt seg til katolsk lære og som seinare vart utvikla i protestantisk teologi. Vi som er protestantar må ha dette for auga, forstå røttene våre. Det er den einaste måten vi kan gjere noko med det — luke det ut.

3 comments on “Idear har konsekvensar

  1. Morten M. says:

    Meget sterk tekst – velskrevet, pedagogisk, og uhyre interessant tema.

    Hva vil du si om nominalismens rolle i dagens bioetikk-debatter? Vil en nominalist benekte at det finnes en menneskelig essens fosteret kan ta del i – og at fosteret dermed er vesensforskjellig fra oss – og dermed kan avlives?

  2. Slik eg ser det, så er store delar av dagens bioetikk-debattar gjennomsyra av nominalismen.

    Eg vil gjerne også kommentere noko eg såg på youtube i går. Det var ein typisk antikatolsk ‘informasjonsfilm’ (tenk ei litt subtil utgåve av Jack Chick) der ein skulle ‘avsløre’ den katolske læra om nattverden.

    Ein sa der at den katolske læra byggjer si nattverdslære på Aristoteles si sondrering mellom form og stoff, noko som er korrekt. Men så sa ein at vitskapen hadde forkasta dette. Korleis kan vitskapen gjere noko med dette? Dette er eit krondøme på protestantisk nominalisme.

    Det verkar på meg som om mange protestantar er nominalistar på eitt område, men ikkje på eit anna. Eit godt døme er nattverdslæra og rettferdiggjeringslæra. Mange kristne er imot at det kan skje noko med brødet og vinen — fordi vi kan ikkje måle resultatet — men dei har ingen problem å seie a det kan skje noko med det kristne mennesket — sjølv om dette er like umogeleg å ‘måle.’

    Forkastar vi nominalismen, så er transubstansiasjonslæra ikkje lenger noko problem.

  3. […] Idear har konsekvensar Jump to Comments For ei tid tilbake skreiv eg ein artikkel om nominalisme og realisme, og konsekvensene av desse. Eg vil no fortsetje litt i same leien, ved […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s