Filosofien og løyndomen

Mange påstår at Den katolske kyrkja si lære om nattverden er ‘tørr’ og altfor ‘intellektualistisk.’ (Eg må innrømme at eg ikkje liker at ‘intellektualistisk’ blir brukt som noko negativt.) Men eg er ueinig. Ein bruker ikkje filosofien for å uttømme — eller fjerne — det mystiske, løyndomen, men for å beskytte den.

Vi kan samanlikne dette med truvedkjenninga. Der får vi ikkje eit uttømmande bilete av Kristus, men vi får hjelp — via filosofiske omgrep — til å avgrense oss imot kjetteri. Og ironisk nok er det ikkje ortodoksien som er einsidig, men faktisk kjetteriet. Nestorianismen og monofysittismen er begge reduksjonistiske. Og det same kan vi seie om mange nattverdssyn. Den kalvinistiske læra om nattverden, t.d., seier at sjølv om Kristus sa at “Dette er min lekam” og “Dette er mitt blod” så er det eigentleg berre eit ‘symbol.’ Ein snakkar om at nattverden er ‘åndeleg.’ (Kva no det enn betyr.)

Så eg vil påstå at filosofien, dersom den blir brukt rett, ikkje står i motsetnad til, men faktisk bygger opp under, løyndomen. Som ein kyrkjefader sa det: “All sanning er Guds sanning.”

One comment on “Filosofien og løyndomen

  1. […] Filosofien og løyndomen Jump to Comments Ei stund tilbake skreiv eg ein artikkel om motstanden mot bruk av filosofiske omgrep i enkelte protestantiske kretsar. Eg vil no fortsetje […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s