Dnk og ‘romarkyrkja’

I tidsskriftet Fast Grunn skriv Egil Sjaastad nokre tankar omkring dei personane innan Den norske kyrkja som har “høykirkelige tilbøyeligheter” og som “har en stor åpenhet overfor Romerkirken og tenker at vi fra det hold finner redningen for bibelsk kristendom i vår tid.” Han fortset med å seie at det ikkje er så enkelt og skriv vidare at sjølv om “paven er god og har et klart syn på etiske spørsmål, forandrer det ingenting på Romerkirkens teologiske grunnholdning når det gjelder så fundamentale spørsmål som Skriften alene og troen alene.”[1]

Så det Sjaastad seier er altså at ‘romarkyrkja’ ikkje vil knytta seg til noko som vart kokt i hop på 1500-talet, ca. 1500 år etter Kyrkja starta og 11-1200 år etter at Kyrkja bestemte Bibelen kanon som inkluderte dei bøkene som reformatorane ikkje synst passa inn med deira teologi. (At ein fyrst seier at ein held seg til ‘Bibelen åleine’ for så å reinske ut det som ikkje passar med eigen teologi er mildt tala uredeleg.)

Det er ikkje ofte eg vert overraska, men at Sjaastad trur at han skriv noko banebrytande er ei lita overrasking. At prinsippa han tar for seg heller ikkje finst i Bibelen styrkar heller ikkje saka hans. Trua åleine blir regelrett forkasta av Bibelen. “Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? (…) Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru.” (Jak 2:14.24) Og Skrifta åleine blir også forkasta. Bibelen sjølv påpeiker jo at det er Kyrkja — og ikkje Bibelen — som er “søyle og grunnvoll for sanninga.” (1Tim 3:15)

Ein kan jo av og til lure på kve som verkeg er ‘bibelske’ når alt kjem til alt.

[1] Sitert i Vårt Land, 28.05.2008, s. 25

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s