Ordet om krossen

Bibelen sentrerer rundt det Paulus kallar ‘ordet om krossen.’ “For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt,” skriv han, “men for oss som blir frelste, er det Guds kraft.”[1] I 1Kor 2:1f skriv han vidare:

Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium. For eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.

Men det store spørsmålet er dette; kva er eigentleg ‘ordet om krossen’? Betyr det, som mange oppfattar det,[2] at Gud må ‘torturere’ Son sin for å bli ’tilfredsstilla’? Nei, det er det ikkje. Men før eg forklarar kva eg sjølv meiner om dette, vil eg ta for meg dei tre vanlegaste fortolkingane i vesterlandsk teologi. Desse, som alle vesterlandske teologistundentar har lest om, er (1) den klassiske forsoningslæra, (2) den objektive forsoningslæra, og (3) den subjektive forsoningslæra. Ei rask forklaring på desse er på sin plass. Den klassiske forsoningslæra forkuserer på kampen mellom det gode og det vonde. Her seier ein at Kristus, gjennom sitt verk, sigra over dei vonde maktene. Dette finn ein klare dømer på i NT, men eg skal ikkje ta dei her. Den objektive forsoningslæra, som har sin bakgrunn i Anselm av Canterbury, fokuserer på at Gud er ‘fornerma,’ men at Han ordner opp ved at Han legg vår straff på Sonen. Den subjektive forsoningslæra, som har sin bakgrunn i Peter Abelard, seier at Kristus heng på krossen som eit slags ‘førebilete’ for oss, ei openberring av Guds kjærleik som er så stor at Han kan gå i døden for oss. Alle desse tre har noko for seg, men alle tre er også altfor einsidige. Eg er, som folk sikkert har fått med seg, ingen motstandar av ‘skolastisisme’ og bruk av filosofiske omgrep. Men det betyr ikkje at eg går god for den reduksjonistiske tolkinga dette har fått i moderne tid, spesielt i protestantiske kretsar.[3]

“O, Guds lam uskyldig, på korset ihjelslaget.” Slik syng vi i ein gammal salme. Betyr det at Gud var ‘blodtørstig’? Nei, det gjer det ikkje. Eg meiner at Kristi død var ein konsekvens av kven Han var, og av syndebukksmekanismane i samfunnet, på engelsk kalla scapegoating. (Dette kan du lese om i ein artikkel skrive av Torkel Brekke.) I Wikipedia-artikkelen om scapegoating står det:

The Christian anthropologist René Girard has provided a reconstruction of the scapegoat theory. In Girard’s view, it is humankind, not God, who has the problem with violence. Humans are driven by desire for that which another has or wants (mimetic desire). This causes a triangulation of desire and results in conflict between the desiring parties. This mimetic contagion increases to a point where society is at risk; it is at this point that the scapegoat mechanism is triggered. This is the point where one person is singled out as the cause of the trouble and is expelled or killed by the group. This person is the scapegoat. Social order is restored as people are contented that they have solved the cause of their problems by removing the scapegoated individual, and the cycle begins again. Girard contends that this is what happened in the case of Jesus. The difference in this case, Girard believes, is that he was resurrected from the dead and shown to be innocent; humanity is thus made aware of its violent tendencies and the cycle is broken. Satan, who is seen to be manifested in the contagion, is cast out. Thus Girard’s work is significant as a re-construction of the Christus Victor atonement theory.

Det var ikkje Gud som slo i hel Kristus, det var menneska. Poenget er at det er ikkje nødvendigvis døden og krossen som utvirkar frelsa, men det at Kristus — sann Gud og sant menneske — ber sin menneskenatur som eit offer, dvs. i lydnad til Gud og til sanninga.

Kristi offer ser vi klart i Hebr 10. Der påpeiker ein dn store forskjellen mellom Kristi offer og tempelofringane — og mellom Kristus og øvsteprestane. Eg siterer:

Men offera er kvart år ei påminning om synd. For blod frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder. Difor seier Kristus når han stig inn i verda: Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha, men ein kropp laga du til meg; brennoffer og syndoffer har du inga glede av. Då sa eg: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive om meg.

Blod “frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder,” står det. Poenget er at det ein treng er eit fullkomme menneske som ber ivet sitt i lydnad til Gud. “Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje, Gud,” står det. Scott Hahn skriv at den “gode nyhet er at Kristus ble en av oss, for å frembære sin menneskenatur som et fullkomment offer.”[4]

Eg trur at hjelpen ligg i austleg-ortodoks teologi. Der fokuserer ein mindre på soning, og meir på guddomleggjering. Frelsa, seier dei, er ikkje berre at vi får ei ny juridisk stode for Gud, men ei ontologisk endring. Difor kan vi tolke inkarnasjonen i lys av dette. Det interessante er at Johannes, når han skriv sin prolog (Joh 1:1-18 ), så nemner han ikkje døden. Men han nemner inkarnasjonen. “Og Ordet vart menneske.” (Joh 1:14) Dette er kjerna. Han vart menneske slik at Han kunne bere fram sin menneskenatur som eit fullkomme offer, ikkje fordi Gud krev død, men fordi Gud ynskjer at vi skal fylgja Hans vilje. Adam var ulydig, Kristus var lydig. Ja, som det står i ei hymne:

“Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.” (Fil 2:6-8 )

Det var det at Han var lydig som var offeret, ikkje at Han vart slått i hel på krossen. Døden var sjølvsagt ein del av offeret. Som menneske måtte Han dø, då dette er ein del av den menneskelege erfaringa.

“Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.” (Joh 3:13-17)

Noter:

[1] Dersom anna ikkje vert nemnt, så er alle bibelsitat henta frå Det norske bibelselskap sine omsetjingar av 1978/85 (GT), 1988 (Dei deuterokanoniske bøkene) og 2005 (NT). Henta frå bibelen.no.

[2] I “Kristendommen, den tiende landeplage” siterer Arnulf Øverland ein aforisme frå Schopenhauers etterlatte småskrifter. Den heiter “En samtale fra år 33”:

– Har De hørt siste nytt?
– Nei, er der hendt noe?
– Verden er gjenløst!
– Hvad behager?
– Jo den gode Gud har iført sig menneskeskikkelse og reist til Jerusalem, og har latt sig henrette. Og på denne måten har han simpelthen narret djevelen og gjenløst oss alle sammen!
– Men det er da virkelig storartet!

Dette er ei misforståing av kva kristendommen handlar om, men det skal seiast at det verken er Øverland eller Schopenhauer sin feil at ein tolker det slik. Feilen ligg nok hjå einsidig teologi.

[3] Kan det igjen vere nominalismen, som slil alt frå kvarandre, som har øydelagd dette også?

[4] Hahn: 2007: 129

Referansar:

Hahn, Scott (2007) Lammets nattverd. Messen som himmelen på jorden. Oversatt av Anne Krohn. Oslo: St. Olav

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s