RE: Idear har konsekvensar

For ei tid tilbake skreiv eg ein artikkel om nominalisme og realisme, og konsekvensene av desse. Eg vil no halda fram litt i same leien, ved å sjå på det som Morten Magelssen kallar ein ‘vanhellig treenighet,’ Sigmund Freud, Karl Marx og Charles Darwin. Magelssen skriv:

Jeg anklager Freud, Marx og Darwin – eller rettere, deres nidkjære, ensporede etterfølgere – for å ha undergravd tanken om vår frie vilje. Dette er en filosofi som med nødvendighet fratar mennesket verdighet. Som erstatning proklamerer de et flatt menneskesyn: Vi er blitt evolusjonens ape-menneske og sosialismens Ap-menneske.

La nå ingen tro at jeg trekker i tvil disse tres intellektuelle storhet og betydelige innsikter; skaden skjer først når deres innsikt opphøyes til filosofiske systemer som er altomfattende og ulidelig trange på samme tid. Da perverteres disse tres tenkning, og sammen har perversjonene en skadelig synergieffekt.

Kva filosofisk prisnipp er det som ligg bak desse tre — eller deira nidkjære etterfylgjarar? Som de sikkert har fått med dykk (etter førre post om dette emnet) er dette — i alle fall etter mi meining — nominalismen. Magelssen dreg fram Marx sitt materialistiske historiesyn som framseiere påstanden om at “er det materielle forhold som driver enkeltmenneskene og historiens gang. Mens ideologier, idéer, religioner og filosofier — kort sagt, det meste av det som gjør livet verdt å leve — plasseres i “overbygningen”, som et produkt av samfunnets organisering og den materielle fordelingen.” Han bruker Islam som eit døme på dette, og dreg fram “Vestens — og i særdeleshet våre venstrevridde journalister, politikere og akademikeres — insisterende messing om at årsakene til muslimsk terror er å finne i verdens ressursfordeling og politisk, økonomisk og strukturell undertrykkelse. For den åpenbart viktigste forklaringen er den jihadistene selv hevder for alle som vil høre — en viss tolkning av islam.”

I seg sjølv er både Freud, Marx og Darwin store tankarar. Men, som Magelssen poengterer, så kjem problemet når “deres innsikt opphøyes til filosofiske systemer som er altomfattende og ulidelig trange på samme tid.” For problemet ligg ikkje i påstanden om at materialistiske middel har hatt ein effekt på historia sin gong. Eller at det undermedvite har ein viss dominans. Eller at den biologiske delen av verda har utvikla seg. Problemet ligg i at ein tolker desse med nominalismen som underliggjande prinsipp, samstundes som det desse tre har sagt og meint vert opphøgd til absolutte filosofiar.

2 comments on “RE: Idear har konsekvensar

  1. Morten M. says:

    Kan du utdype hvordan du mener disse har nominalismen som prinsipp, med noen eksempler?

  2. Morten,

    Kan du utdype hvordan du mener disse har nominalismen som prinsipp, med noen eksempler?

    Eg kan prøve.

    Darwin (eller i det minste hans etterfylgjarar) meinte at dei oppdagingane han gjorde var bevis for at vi ikkje treng indre essensar (og årsaker) for å forklare utvikling, og at realismen difor er bortforklart. I artikkelen “Species problem” (Wikipedia) står det at for “Darwin the species problem was the question of how new species arose.” Dette var vanskeleg å forklare, meinte han, innanfor ein omgrepsrealistisk posisjon. (Eg baserer argumentet mitt, dessverre, hovudsakleg på det eg hugsar frå diverse bøker, diskusjonar og samtalar.) Men dette er berre eit problem dersom du antar at naturalismen er rett. For meg — og for Aristoteles — er det ikkje noko problem at nye arter kjem til. (Det var ikkje noko problem då verda vart til, så kvifor skal det vere eit problem no?)

    Marx er litt enklare. Materialisme er — ironisk nok😉 — essensielt nominalistisk. Eg siterte vel deg på noko av dette, då vestens “insisterende messing om at årsakene til muslimsk terror er å finne i verdens ressursfordeling og politisk, økonomisk og strukturell undertrykkelse. For den åpenbart viktigste forklaringen er den jihadistene selv hevder for alle som vil høre — en viss tolkning av islam.” Altså ein indre essensiell og idealistisk tolking av terroren — ikkje utelukkande (materialistisk) ressursfordeling.

    Eg vil også sitere litt frå artikkelen “William of Occam and the Prehistory of English Materialism” av O.V. Trachtenberg (Philosophy and Phenomenological Research, Vol. 6.2 (Des., 1945), s. 212-224). Eg har ikkje lest artikkelen, men i samandraget (sjå linken) står det:

    “Nominalism,” said Marx, “was one of the principal elements of English materialism, and in general is the first expression of materialism.” Nominalism, beginning, in the eleventh and the beginning of the twelfth centuries (Berengar, Roscellin, Abelard), then disappears for a long period, to reappear at the end of the thirteenth and the fourteenth centuries. The greatest representative of the new nominalism, which played and important role in the decline of scholasticism and preparing the way for the philosophy of the Renaissance, was William of Occam (d. circa 1350).

    Abelard kalla seg konseptualist, men eg meiner at konseptualisme er fordekt nominalisme. (Og ein kan jo lure på korleis eit element kan vere ‘prinsippielt’ innanfor eit materialistisk eller nominalistisk livssyn, jmf. Marx sin påstand at nominalismen var “one of the principal elements of English materialism.”)

    Freud er kanskje litt vanskelegare, men eg trur han er nominalistisk. For han er det ikkje vår indre menneskeleg natur — anten god eller fallen — som driv oss, men driftene våre (på forskjellige plan). Men han er kanskje ikkje like einegyldig nominalist. Kanskje vi kan seie at han er konseptualist? (Sjølv om det djupast sett er fordekt nominalisme.)

    Eg svara kanskje på meir enn eg fekk spørsmål om, men eg håpar du er passe fornøgd med svaret.😉

    Det eg meiner er nok meir at deira filosofiske standpunkt er eit direkte resultat av framvoksteren av nominalistisk filosofi, men eg kan jo prøve.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s