Kort om abort

Enkelte eg har diskutert med spør meg om eg veit at eit ufødd menneske — ein zygote, eit forster — er ein person. For å vere heile ærleg, vil eg seie ja. Vi ‘veit’ reint intuitivt at dette er ein person. Men la oss for tida vere agnostiske. Er det å vere anostisk på dette området ein god grunn til å tillate abort? Mange ser ut til å meine det. Men dette er ei logisk feilslutning.

La meg presenterer argumentet (som er basert på eit foredrag av Peter Kreeft):

(A) Anten så er ein zygote ein person, eller så er den ikkje ein person. (B) Anten så veit vi dette, eller så veit vi det ikkje.

Ut frå dette kan vi berre dra fire konklusjonar.

1. Ein zygote er ein person og vi veit det. I denne situsjonen ville abort vore overlagt drap. Og burde då sjølvsagt vere straffbart. (Her er det mange som drar inn krig, men det er ein viss forskjell. Når ein drep eit menneske som enno ikkje er fødd, så drep ein ein uskuldig person.)

2. Ein zygote er ein person og vi veit det ikkje. I denne situsjonen ville abort vore drap, men ikkje overlagt. Men slike ting er likevel straffbart. Ein skal ikkje la uvisse styrehandlingane, men ein skal vente til ein har meir kunnskap på området. La meg illustrere dette: La oss anta at du går i skogen på den nye garden din då du finn eit gammalt gjerde som du ikkje veit kvifor er der. Riv du det då ned? Sjølvsagt ikkje! Du undersøker saka slik at du veit om du kan og bør fjerne det eller la det stå. Poenget er at det er kunnskap som skal styre handlingane, ikkje uvissa!

3. Ein zygote er ikkje ein person og vi veit det ikkje. I denne situsjonen vil abort verta rekna som kriminelt slurv. Det ville vore som om ein skadedyrnedkjempar skulle gassa ned ein skule utan fyrst å sjekke om den var tom for menneske. Om han var heldig er uvesentleg, dette ville vore straffbart. Og dette viser også til mitt førre poeng; Det er kunnskap som skal styre handlingane, ikkje uvissa!

4. Ein zygote er ikkje ein person og vi veit det. I denne situsjonen vil abort vere heilt greit, logisk sett.

Vi ser altså at abort berre er greit dersom zugoten/fosteret ikkje er ein person og vi veit at den ikkje er det. Men veit vi det? Viss ikkje, kvifor skal vi då tillate abort?

6 comments on “Kort om abort

  1. Ole Anders says:

    Hei Kjetil! Moro å sjå at du har ein blogg. Du skriv mykje bra. For diskusjonens del, kan eg gjera greie for nokre motargument, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er mine eigne tankar rundt temaet.

    Du er heilt klart imot handlinga abort, men det virker som du er meir oppteken av dine eigne verdiar, istaden for fosteret sine verdiar.

    Ei ung jente havna på skråplanet og byrjar med narkotika. Ho har ingen rundt seg og er ressurssvak. Ein kveld blir ho valdteken, når ho søv i tung heroinrus. Jenta blir gravid.

    Jenta veit ikkje om dette, og fortsett sitt liv som “vanleg”. Lite næring og mykje av den giftige narkotikaen, fører til at bornet blir vannskapt, hjerneskada og underutvikla.

    Likevel, merker jenta etter kvart at ho er gravid. Sidan det ikkje er lovlig å ta abort, må ho føda bornet. Om bornet blir adoptert(skal det være lovlig?), eller endå verre, ho oppfostrar bornet sjølv (sjå Trainspotting), er altså bornet hjerneskada og må sitja i rullestol resten av livet, utan å kunna reflektera over livet eller væra istand til å på nokon som helst måte be om forlatelse og frelse f.eks.

    Vi veit altså ikkje om ein “zygote” eller eit foster kan kallast ein person, men noko me heilt klart kan kalla det, er liv. Men eg ville vært svært forsiktig å ikkje tillata seg abort, fordi vi ikkje klarer å definere det som ein person. Me har trossalt litt kunnskap. Fosteret har utvikla dei fleste organ, inkludert hjernen, ikkje før veke 8. Ein tek altså livet av ein klump som under riktige forutsetningar, kan bli ein person. Grunnen til at eg skriv “kan bli”, er den høge prosenten av spontanabortering og den altfor høge fødsel og krybbedauden me har i eit medisinskmoderne land.

    Med dette, vil eg sidestilla abort med å ta livet av eit insekt som stikk deg på leggen. Du tek ifrå individet livet, ikkje noko anna.

    At abort skal være lovleg, trur eg gagner menneskeheiten godt. At folk ut av luksusproblem vel abort som ei billeg løysing, er noko heilt anna. Men då meiner eg at dei som vel abort, når dei eigentleg ikkje burde det, kan få det på si eiga kappe. Ikkje menneskeheiten sjølv.

    Kva er forresten synet på prevansjon?

    Helsin Ole-Anders

  2. Interessant argument, Ole Anders. Men eg vil berre legge ut nokre korte spørsmål:

    1. Du har rett i at det sikkert er ein del born som blir fødd med store skadar på grunn av slike situasjonar som du beskriv oppfor. Men gjer dette oss lov til å ta livet deira? Er ikkje dette eit svært elitistisk argument?

    2. (For å bygge litt vidare på elitismen.) Kor mange fattige er det eigentleg som tar abort? Storparten av dei som tar abort er folk frå middelklassen og oppover, folk som ikkje nødvendigvis gjer dette av økonomiske grunnar.

    Når det gjeld prevensjon så er eg litt ambivalent på det området. Men Den katolske kyrkja si lære om prevensjon må nødvendigvis sjåast saman med kyrkje si heile seksualitetslære. Den nederlandske katolikken Cornelis Stok (han kallar seg Turgonian) skriv litt om dette:

    The teaching against contraception does not stand on its own; it has a place in a broader teaching that commands chastity and limiting sexual intercourse to marriage. People who do not follow that teaching will be unlikely to abstain from condoms simply because the Pope says so: after all, they demonstrate that the teaching of the Church is not very important to them. To hold the Pope responsible for the death of children born out of wedlock (or within marriage where a partner has been unfaithful) is therefore not entirely just.

    Men sjølv er eg litt ambivalent og “agnostisk” på dette området.

  3. Ole Anders says:

    1: I døme mitt, meiner eg ikkje at ein “tar” livet til fosteret. Eg meiner ein reddar det! Eg meiner det ikkje ligg noko grunnlag for at bornet kjem til å få det godt.
    For å sette det endå meir på spissen: Visst ein kunne forutsjå framtida til eit foster. Ein får sjå små filmglimt av livet til vedkommande. Ein ser berre elendigheit, svolt, smerte som endar i sjølvmord i ung alder. Om ein i dette tilfellet kan, etter mitt syn før fosteret er eit menneske, velga om det skal leva eller ei, ville du då gidd fosteret livet du visste kom til å være håplaust elendig?

    2: Godt poeng. Men for å snu litt på flisa: Hadde ikkje det vore enklare for og alle å tatt abort, dersom dette ikkje hadde vært ein samfunnsdebatt med moraliserende mennesker på utsida av vanskelege situasjonar? Kva om dette eksempelet eg skreiv var om søstra di?

    Ja eg satt det veldig på spissen no!

    Eg merker meg forresten at du har ei brennande interesse for den katolske kyrkja. Det er ei fin kyrkje og tolkning på kristendommen🙂

  4. Den situasjonen du nemner er ikkje realistisk. (Eg tenker på det at vi får eit slags ‘forsyn’ i kva som vil skje med barnet.) Vi kan ikkje haldast ansvarleg for kva som kan skje med barnet i framtida. Men vi kan — og skal — haldast ansvarleg for det vi faktisk gjer med barnet her og no, også før fødselen.

    Eg vil også leggje til at det er svært klart at all biologisk informasjon er der frå unnfanginga. Utan denne informasjonen, som biologisk sett til bety at fosteret er eit menneske, ville utviklinga vore umogeleg.

    Her vil eg sitere ein filosof som eg ikkje hugsar namnet på, men som sa nokre interessante ord i denne samanhengen (eg siterer etter det eg hugsar:

    We are all human beings. Some of us are fetal human beings. Some of us are infant human beings. Some of us are adolescent human beings. And some of us are adult human beings. But, we are all human beings.

  5. Synne says:

    Eg tykkjer abort er eit særs vanskeleg tema. Det er ikkje noko som ein skal ta lett på. Eg tykkjer det er trist når ein ser på abort statistikken at det er kvinner i faste forhold, med god økonomi og med gode jobbar som vel abort. Dette tydar på egoisme og feile prioriteringar, samt ein situasjon som kunne vore ungått om ein hadde nytta prevensjon. Det høyrar og med til historia at Noreg ligg på bunn i bruken av kondom i Noreg, noko som er utruleg med tanke på kor ‘opplyste’ me tykkjer sjølv at me er.

    Frå ein kristent ståstad dreiar det seg om to ting, det eine er kva ein sjølv meinar og det andre er kor langt ein kan gå i sine meiningar. Eg trur det kan kombinerast å vera mot abort på etiske, religiøse eller personlege grunnar og samstundes vera for sjølvbestemt abort. Eg tykkjer at noko av det viktigaste Jesus lærte oss er at ein ikkje kan stilla seg til dommar over andre menneskjer. Difor er det og vanskeleg å ta avgjersler for andre menneskjer og eg trur tida utan sjølvbestemt abort er forbi.

    Samstundes trur eg mykje kan gjerast tilnærminga til temaet. For mange trur eg abort kan verka som den lettaste vegen ut, noko det i mange tilfeller ikkje er. Det kvilar eit stort ansvar på lækjarar, familie, vener og partnarar i dette tilfellet og god informasjon om mogelegheitar, støtteordningar og alternative løysingar er viktig.

    Eg syns personleg at abort er veldig problematisk, særs med tanke på dei som oftast nyttar denne mogelegheita. Mindre problematisk er det i tilfeller kor ein ikkje har vore ein del av seksualakta sjølv, eg tenkjer då på valdtekt eller incest. I desse tilfella er det ikkje eit val å skapa eit nytt liv og difor tykkjer eg at situasjonen er annleis. Kanskje ikkje i det faktum at eit nytt liv er skapt, men eg har vanskeleg for å tru at den beste løysinga i sånne tilfeller er å seia at synd for deg, dette er situasjonen, du må bæra fram dette barnet. I sånne tilfeller tyr eg nok til ei meir pragmatisk og mindre dogmatisk linja, sidan det livet som er levt og som ein kjenner bør ha fyrsteprioritet. Tankar omkring dette? Er du imot all abort eller er det kontekstuelt betinga?

  6. Eg er i all hovudsak imot abort, men eg skal innrømme at det finst skjøn. Er mora sitt liv i fare, så er ikkje barnet sitt lit meire verdt enn mora sitt — eller omvend, for den saks skuld. (Ved valdtekt er eg usikker.)

    Men eit poeng er at fattige folk, som mange meiner denne lova skal vere retta mot, tar sjeldan abort. Det er hovudsakleg folk — med fast fylgje — i middelklassen og oppover.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s