Maria som paktskiste med meir

Katolikken skreiv, den unge lutheranaren spurde, katolikken kom med svar, og den unge lutheranaren svarte igjen. Her kjem neste svar frå meg, om Maria som paktskiste, samt litt om Maria si opptaking i himmelen. (Desse to er ikkje nødvendigvis det same.)

Om Maria som paktkiste må eg innrømme at dette hovudsakleg frå mi side er spekulasjon, med utgangspunkt i Op 11:19, samt kva funksjon paktskista hadde i tabernaklet/tempelet. Paktkista var heilag på grunn av det innhaldet den hadde — dei ti bodorda, skrive på steintavler av Gud sjølv, manna og Arons stav — teiknet på hans øvsteprestelege teneste. Alle desse tinga vart fullenda i Kristus. Difor synes eg at det er på sin plass å i alle fall seie at paktskista er ein type på Maria. (Og det skal også seiast at ein ting kan vere type på meir enn ein anna ting. Viss ikkje heiter det ‘allegori.’)

Dette vert også støtta av enkelte kyrkjefedre. (Eg skammar meg sjølvsagt over å ikkje ha sjekka om Athanasius-sitatet var rett.) Det eg kjem med her er sjølvsagt spekulasjon. (Men spekulasjon er ikkje det same som feil.) Og då kan eg vel spekukere litt vidare også.

Vi finn nokre interessante koplingar mellom paktkista og Maria i Lukasevangeliet. Her er Maria sitt besøk hjå Elisabet (Luk 1:39-45) viktig. Der står det:

Nokre dagar etter [bodskapen til Maria frå engelen] drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og sa med høg røyst: “Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.”

Her er det interessant å nemne nokre moment:

  1. Maria reiste til Juda, til der Elisabet og Sakarja budde, ikkje langt frå der paktskista var. Maria og paktskista reiste same vegen. Dette er kanskje eit tynt argument, men det er ein interessant ting.
  2. Då David møtte paktskista, vart han fylt med age for Herren, og sa: “Korleis skulle eg kunna hysa Herrens paktkiste?” (2Sam 6:9) Då Elisabet møtte Maria, sa ho: “Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?” (Luk 1:43)
  3. I 1Krøn 15:25-29 kan vi lese om då David, dei eldste i Israel og tusenmannsførarane skulle henta paktkista opp frå huset til Obed-Edom. Her ser vi at David gjekk kledd i presteklede, og at han hoppa og dansa for paktskista. I Luk 1:44 kan vi lese at Johannes — som var av presteslekt etter far sin Sakarja — sparka … i magen [Til Elisabet] av fryd.”
  4. Då paktskista kom, slik Maria gjorde, vart den møtt med glederop. De greske ordet som Elisabet brukte til Maria er ord ein finn igjen i Septuaginta i situasjonar der paktskista var involvert. (Dette har eg ikkje sjekka opp, men baserer meg utelukkande på ‘greskkyndig’ kamerat av meg.)

Så, over til Maria si opptaking i himmelen. Her vil eg byrje med å sitere Otto Odland, som er litt kritisk til denne læra:

[Marias legemlige opptagelse til himmelen] ble forkynt som dogme av Pave Pius IX i 1954. Dette dogme har elementer i seg som de evangeliske kan si ja til. Vi har før [i heftet] sagt at Skriften fører oss til å tro at Maria hører til de salige som er nådd frem sammen med dem som nevnes i Hebr 11-12,1, og mange troende er i samme følge senere. Jomfruen hører Kirken til, og når nattverdliturgien synges av enlene og av Kristi kirke i himmelen og på jorden, så hører hun til Kristi kirke i himmelen. Men det er en og samme kirke, gjennom generasjonene og over landegrensene. Maria er i himmelen, men det er ikke hentet fra Skriften at Maria er legemlig tatt opp til himmelen. Noe slikt står om Enok og Elija, men ikke om Maria. Da gjør vi vel å vente på hennes legemlige himmelfart til Herren kommer igjen for å forløse sin menighet.[1]

Her må eg seie meg litt ueinig med Odland. Han skriv at dette ikkje er henta frå Skrifta. Det er sikkert rett. (Med mindre paktskista i Op 11 faktisk er Maria.) Men eit spørsmål: kvifor skulle det stå noko om det? Det einaste skriftet som det hadde vore naturleg er Apostelgjerningane. Men der er fokus hovudsakleg på Pauli virke. Men eg må seie at det argumentet eg finn sterkast er det faktum at dette er ein del av den kristne Tradisjonen — både i austkyrkja og i vestkyrkja. (Dei har faktisk same festdagen, 15. august.)

Ifylgje Tradisjonen var Maria si grav var tom nokre dagar etter døden hennar, og difor seier ein at ho vart tatt opp i himmelen. Kallistos Ware har nokre interessante ord om dette, får ein Ortodoks synsvinkel:

Orthodoxy, while for the most part denying the doctrine of of the Immaculate Conception of Mary, firmly believes in her Bodily Assumption. Like the rest of humankind, Our Lady underwent physical death, but in her case the Resurrection of the Body has been anticipated: after death her body was taken up or ‘assumed’ into heaven and her tomb was found to be empty. She has passed beyond death and judgement, and lives already in the Age to Come. Yet she is not thereby separated from the rest of humanity, for that same bodily glory which Mary enjoys now, all of us hope one day to share.

Belief in the Assumption of the Mother of God is clearly and unambiguously affirmed in the hymns sung by the Church on 15 August, the Feast of the ‘Dormition’ or ‘Falling Asleep’. But Orthodoxy, unlike Rome, has never proclaimed the Assumption as a dogma, nor would it ever wish to do so. The doctrines of the Trinity and the Incarnation have been proclaimed as dogmas, for they belong to the public preaching of the Church; but the glorification of Our Lady belongs to the Church’s inner Tradition.[2]

Ware poengterer ein viktig forskjell mellom den Ortodokse og romersk-katolske forståinga av ‘dogmatikken.’ Der Den romersk katolske kyrkja har dogmatisert dette, fordi dei trur på det, så har Den ortodokse kyrkja ikkje dogmatisert det, fordi dei ser på ‘dogma’ som det som høyrer til evangeliet, slik som mysteria (Skrifta og sakramenta), Inkarnasjonen, Treeininga, etc. Her held eg meg til Den ortodokse tradisjonen.

Eg meiner at dogmatikken ikkje bør verta ein plass der alle sanningar i kristendommen finn stad. Dogmatikken meiner eg høyrer til ‘dei evangeliske sanningane.’ Men dette ser ikkje eg som noko grunn til å tvile på det som vert lært om saka. At Maria vart tatt opp i himmelen er ein del av den kristne Tradisjonen. Eg ser difor ingen grunn til å forkaste dette. Kanskje er eg naiv og godtruande.

Noter:

[1] Otto Odland, “Maria hun er en jomfru ren.” Omfang og grenser for en evangelisk mariologi. Arken-hefte nr. 6 (ny serie), 2000, s. 65

[2] Kallistos Ware, The Orthodox Church. New Edition. Penguin Books, 1993, s. 260

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s