Spesielle liturgar

I protestantiske krinsar vert det ofte argumentert med at alle kristne kan forretta nattverd og ha forvaltaransvar i kyrkjelyden. I boka Vi er alle prestar av tidlegare (no avdøde) redaktør i Dagen, Arthur Berg, står det nokre interessante ord om luthersk lære på dette punktet:

Under disputasen i Leipzig i 1519 hadde [Luther] m.a. eit ordskifte med [Johann] Eck om pavens autoritet. Eck hevda då at binde- og løysemakta var gjeve til Peter personleg, og at denne fullmakta seinare var gått i arv til pavane. Luther derimot hevda at Peter her stod som representant for alle som hadde same tru som han. Difor er ikkje binde- og løysemakta gjeve til eit stand, men til heile kyrkjelyden.[1]

Eg må nok her seie meg ueinig med Luther. Eller meir sannsynleg, så seier eg meg ueinig i den framstillinga Berg gjev av han. For meg virkar det som om at Berg har misforstått han. Luther klaga jo over at folk misforstod læra hans, og innførte alt mogeleg nytt. Eit godt døme frå vår tid, er ordinasjonen av Rosemarie Køhn til biskop i 1993. Dåverande kyrkjeminister, Gudmund Hernes, sa då dette: “Kirken [Dnk] bygger på det syn at hver generasjon kan vinne ny innsikt om trosspørsmål… Vår lutherske kirke bygger … på et viktig premiss … at troen ikke er lagt en gang for alle, men at det ligger i menneskets lodd å vinne ny innsikt om tro og etikk.”[2] Det er nok å ta ein titt på dei store forskjellane innan protestantismen for å sjå at Berg sin ståstad ikkje stemmer. Faktisk så virkar det mot sitt føremål, og går imot Kristi eiga befaling i Joh 17. Men det eg no skal sjå på, er om det faktisk er noko forskjell mellom einkvar døypt person og ein prest.

Eit argument som ofte vert brukt er 1Pet 2:9. Der står der (NT05): “Men de [kristne] er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.” Men dersom dette er eit argument imot eit spesielt — eit spesielt kalla — presteskap, kvifor gjeld ikkje dette også GT? For Peter siterer frå 2Mos 19:5f: “Vil de no lyda vel etter orda mine og halda pakta mi, så skal de vera min eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Desse orda skal du tala til israelittane.” (1978/85)

Gud sa til israelittane at dei var “eit kongerike av prestar og eit heilagt folk.” Det same seier han til oss kristne. Men kvifor trengde han då eit spesielt presteskap? Eg trur det er todelt; for det fyrste så handlar dette om forvaltaransvar. I 1Kor 4:1 snakkar Paulus om det forvaltaransvaret han har som apostel, og skriv at kyrkjelyden skal sjå på han og hans likemenn som “Kristi tenarar og forvaltarar av Guds mysterium.” Dette kan sikkert virke som tynn argumentasjon, men dersom alle har like stort forvaltaransvar, slik Berg meiner, så vil det ende i kaos. Og det har det allereie gjort.

Men kva med offeraspektet? Berg skriv:

NT har eit anna ord som er omsett med “prest” i vår Bibel. Det er ordet “hiereuvs”. Dette ordet er henta frå GT. Men det er aldri nytta om apostlar og evangelistar. I den tydinga kan ordet berre brukast om Kristus (det spesielle prestedømet) og om den som trur på han (det ålmenne prestedømet).[3]

Her brukar Berg det eg, i milde ordelag, vil kalla ein ureieleg argumentasjon. Det er teknisk sett rett at substantivet hiereuvs, ‘offerprest,’ ikkje er brukt om apostlane. Men verbet hierourgeo, ‘å virke som offerprest,’ er brukt av — og om — Paulus i Rom 15:16. Han skriv der at han “skal vera Jesu Kristi offerprest hjå heidningane og gjera prestetenesta med Guds evangelium, så heidningane kan verta eit offer som han hev hugnad i, eit som er helga ved den Heilage Ande.” (1938, språkleg oppdatert) Enkelte påpeiker at dette handlar om evangeliet, ikkje sakramenta, men eg meiner at dette er ei reduksjon av evangeliet til ei intellektuell øving. Slik eg ser det, så er sakramenta ein integrert del av evangeliet, dei gode nyhendene, Guds mysterium. Så, når Paulus skriv om ‘Guds mysterium’ eller ‘evangeliet,’ så kan dette også omhandle sakramenta, spesielt dåpen og nattverden — dei kyrkjekonstituerande sakramenta.

Scott Hahn skriv: “Here’s the good news. Christ became one of us, to offer His humanity as the perfect sacrifice. In the Mass, we join our sacrifice with His, and that union makes our sacrifice perfect.”[4] Men kven er det som ber fram våre offer? Det skriv Paulus om i Fil 2:17: “Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle.” (NT05) Her ser vi altså at Paulus til tider har altarteneste der han ber kyrkjelyden si tru fram som offer. Kvifor kunne dei ikkje gjere det sjølv? Vel, eg trur det ligg i det forvaltaransvaret. For trua handlar ikkje berre om vårt forhold til Gud, men om vårt forhold til kvarandre. Dei som har forvaltaransvaret er sett til å verne om Guds folk. Og det er eit stort ansvar. Meir om dette seinare.

Noter:

[1] Arthur Berg, Vi er alle prestar. Oslo: Indremisjonsforlaget, 1953, s. 14

[2] Sitert i Svenn Martinsen & Otto Odland, “Evangelisk-katolsk kirke.” Kommentar til Troserklaeringen i NKK. Dagen, juli 2000. (12.08.2008 )

[3] Berg, op.cit., s. 30

[4] Scott Hahn, The Lamb’s Supper. The Mass as Heaven on Earth. Darton, Longman and Todd, 2003 (paperback), s. 150

One comment on “Spesielle liturgar

  1. Som ein tilleggsopplysning til Rom 15:16, så vil eg nemne at Pauli bruk av seg sjølv som ‘offerprest’ passar godt saman med den klassiske kristne læra — både innan katolsk og ortodoks teologi — at presten, i messa — og foreina med Kristus — gjev Guds folk tilbake til Gud som eit offer.

    “Eg skal vera Jesu Kristi offerprest hjå heidningane,” skriv Paulus, “og gjera prestetenesta med Guds evangelium, så heidningane kan verta eit offer som han hev hugnad i, eit som er helga ved den Heilage Ande.” (Mine uthevingar)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s