Trinitarisk fokus i liturgien

I eit par diskusjonar omkring trinitariske formlar i liturgien på bloggen til Harald Hauge,[1] har det komme fram litt forskjellige synspunkt. Eg tenkte å ta for meg nokre kommentarar frå sistnemnde, frå ei som kallar seg Ellen, ein som kallar seg for Pål Asle og ein kort kommentar frå underteikna sjølv.

I hovudinnlegget siterer Harald Hauge Bendik Vollebæk, som er student, og som skreiv eit innlegg om språk og liturgi i Vårt Land, 22.08.2008. Eit kort sitat frå innlegget:

“Skaper, Frigjører og Livgiver” er helt “riktige” begreper om Gud, men det er abstrakte beskrivelser. Hvis ikke begrepene tar utgangspunkt i den konkrete bibelske fortellingen om Faderen, Sønnen og Den Hellige Ånd, risikerer vi å gå glipp av det sårbare ved skapelsen, det ydmykende og kostbare ved frigjøringen og Guds glede ved å gi nytt liv.

Ellen regarte på dette, og skreiv: “Skaper, frigjører og livgiver — abstrakte begreper om Gud? I tilfelle et definisjonsspørsmål.” Men den mest interessante kommentaren stod Pål Asle for. Her er eit kort sitat. (Les heile kommentaren!):

Problemet med Skapar, Frigjerar og Livgivar som trinitarisk formel, er at det ikkje er ein trinitarisk formel. Det er tre utsagn om Gud og hans verk. Nemningar for Gud, guds verk eller attributtar blir ikkje ein trinitarisk formel fordi ein seier tre av dei i lag.

Så kom eg med ein kort kommentar: “Ellen, ville du kalla far din og mor di for “klesvaskaren” og “kokken,” eller noko i den duren?” Ellen svara: “Nei, definitivt ikke. Ikke med min oppvekst. Men jeg tar poenget!”

Her ser vi ein interessant ting. Kanskje merka Ellen den ‘fella’ eg la i spørsmålet mitt, kanskje ikkje. (Eg har spurt det spørsmålet før, i ein munnleg diskusjon.) Eg spurde om Ellen ville ha kalla far og mor for ‘klesvaskaren’ og ‘kokken.’ Og ho svara at nei, det ville ho ikkje — “Ikke med min oppvekst.” Eg kjenner ikkje til hennar oppvekst, men ut frå ordlyden her — og ut frå erfaringane eg har gjort ved å lese andre kommentarar ho har skrive — reknar eg med at far og mor hovudsakleg har fordelt arbeidet nokolunde likt. (Som dei fleste gjer.)

Og det er nettopp det som er poenget mitt. Dersom du kallar mor for ‘kokken,’ så har du (1) redusert mor frå å vere ein person til å vere ein grei funksjon i familien, og (2) du har sementert ho i den rolla — rolla som ‘kokk.’ Når vi kallar Faderen, Sonen og Heilaganden for ‘skaparen,’ ‘utfriaren’ og ‘livgjevaren,’ så reduserer vi dei frå personar til funksjonar — og vi sementerer dei i sin ‘funksjon.’ For det er ikkje berre Faderen som er skapar. Det er ikkje berre Sonen som er utfriar. Det er ikkje berre Heilaganden som er livgjevar. Dei arbeider alltid saman. (Og dessutan; tilbedinga av personane er nettopp ei tilbeding av personane i seg sjølv, ikkje ei tilbeding av dei abstrakte ‘rollene’ vi så ofte sementerer dei i.)

Noter:

[1] Sjå her og her

14 comments on “Trinitarisk fokus i liturgien

  1. Ellen says:

    Jeg kunne sagt mye interessant om min oppvekst. Men ikke på nettet… 😉

    Men jo, jeg tok faktisk poenget,Kjetil. Og jeg er enig i at det er et poeng.

    Men selv om min mor av og til fortjener benevnelsen kokk, så er hun dermed ikke redusert til å være bare kokk. Hun er fremdeles masse annet også. Uansett hva jeg kaller henne. Kjært barn har mange navn, som det heter.

    Gud er vel heller ikke bare Fader, Jesus er ikke bare Sønn, ja, også var det DHÅ, da. Som blåser dit den vil… 🙂

  2. Nei, men Faderen, Sonen og Heilaganden er dei namna som er blitt openberra for oss. Dei reduserer ikkje personane på den måten som ‘skapar, utfriar og livgjevar’ gjer. Når vi feirer gudsteneste, og presten byrjar med å seie: ‘I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande,’ så seier vi at vi tilber personane for den dei er — ikkje for kva dei tilfeldigvis har gjort. På same måte som du elskar mor di på grunn av kven ho er, ikkje fordi ho lagde gode kjøttkaker.

  3. Ellen says:

    Etter min mening utelukker ikke det ene det andre. Fordi det ikke bare handler om Gud, nei, kanskje mest om mennesker og vår tro og hvordan den blir uttrykt. Og da bør det være rom for mange ting.

  4. Ja, det bør vere rom for mange ting i gudstenesta. (Sjølv om det sjølvsagt finst visse grenser.) Poenget mitt er at vi ikkje bør byrje gudstenesta eller utføre dåp ved å seie “I namnet åt Skaparen, Utfriaren og Livgjevaren.” Fordi dette er funksjonar, ikkje personar. Som Pål Asle seier det: “Nemningar for Gud, guds verk eller attributtar blir ikkje ein trinitarisk formel fordi ein seier tre av dei i lag.”

    Vi bør byrje gudstenesta ved å setje eit klart fokus på at vi trur på ein treeinig Gud. Vi tilber personane, ikkje atributtane eller gjerningane deira. Og uttrykket “Skaparen, Utfriaren og Livgjevaren” kan — sjølv om vi sjølvsagt ville lagt ei anna forståing i omgrepa — like godt brukast av ein modalist som ein “mainstream” kristen.

  5. Ellen says:

    Jo, men Gud er ikke bare far – eller??? Å være far er vel også en funksjon. F.eks: jeg er mor – men jeg er da jammen mye mer enn det og.

    Alle ord vi bruker om Gud er bilder, metaforer. Det gjelder selvfølgelig også Bibelens ord.

  6. Du kan seie at Far er ein funksjon, men det er også eit personleg namn. Og i denne samanhengen er det dt namnet vi har fått openberra.

    Du kallar ikkje far for far/pappa fordi han har lagd middag for deg, men fordi han er den han er — og på grunn av ditt personlege forhold til han.

    Men som sagt, hovudpoenget er at vi ikkje har fått openberra noko anna namn. (YHWH kan kanskje diskuterast, men eg trur at den gjeld for alle tre personane.)

  7. Ellen says:

    Uenig. Far er muligens ikke bare en funksjon. Men har noe med relasjonen å gjøre. Og det er ikke alle mennesker gitt å ha en far-barn-relasjon til Gud. Uansett hva Bibelen sier. Den er også skrevet av mennesker. Som hadde et helt annet syn på farskap enn oss.

    Gyrid er nok inne på noe…😉

  8. Kvifor er du då kristen (og prest, viss eg hugsar rett)?

  9. Og sjølvsagt handlar det om relasjon — heile Bibelen handlar jo om Guds relasjon til sitt folk. Og Han har openberra seg til det folket, fullkomme i Den nye pakta, som Fader, Son og Heilag Ande.

  10. Ellen says:

    Jeg vet ikke om jeg skjønner relevansen av spørsmålet…

    For tiden fungerer jeg ikke som prest, men som 4-barnsmor. Om det blir plass til å være prest ved siden av en slik funksjon/relasjon, får fremtiden vise.

    Å være kristen er et vidt begrep. Jeg opplever ikke at troen min er noe jeg kan velge eller velge bort. Jeg forholder meg til Gud, men troen min er ikke statisk.

  11. Å vere kristen er eit vidt begrep.

    Klassisk svar. Ein kan altså seie det meste, og så forsvare det med at å vere kristen er eit ‘vidt begrep.’ Men Kristus påpeika at å ha del i det evige livet var å ta del i den openberringa vi har fått. “Og dette er det evige livet,” sa Han, “at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.” (Joh 17:3) Judas skriv også om dette, og ber oss om å “strida for den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage.” (Jud 3) Denne overleveringa er trua på Den treeinige Gud — Fader, Son og Heilag Ande. Det er det vi har fått openberra.

    Når ein går bort frå dette og samstundes krevjer å kalle seg kristen, så har ein rett og slett tømt det omgrepet for all meining. Og då blir det berre endå eit verktøy for ideologane.

  12. Ellen says:

    Og grunnen til at jeg ikke vil gi deg et mer konkret svar,er at jeg ikke liker at folk definerer min tro god nok til å kvalifisere seg til den eller den betegnelsen.

    Helt ærlig: Sånne uttalelser som dette bør du være varsom med. Jeg er garva i gamet, og blir ikke så lett såra. Men det finnes mange mennesker som blir triste over uttalelser som dette. Bibelen er en bok med stive permer. Det kan gjøre vondt å få den slengt i hodet.

    I stedet kan det være lurt å gå i seg selv og finne ut hvorfor man er så avhengig av å ha svar på alle ting.
    🙂

  13. Eg veit at enkelte vert trist av slikt, og eg veit at du er “garva.” Men poenget er at kristendommen ikkje er ein difus, utflytande storleik. Det er ei overlevering frå apostlane. Dersom ein ikkje godtek denne overleveringa, så får ein heller la vere å kalle seg kristen.

    For å dra ein analogi. Synst du at Aslak Sira Myhre skal kunne gå inn i Høgre å endre dette til eit kommunistisk parti?

  14. […] september 5, 2008 av Harald Debatten om hvorvidt den tradisjonelle benevnelsen “Fader, Sønn og Hellig Ånd” er patriarkalsk og heller bør erstattes med mer eller mindre kjønnsnøytrale alternativer som “Skaperen, Frelseren, Livgiveren”- vel, den har ikke akkurat tatt av. Ikke her i den nære bloggsfæren, i hvert fall. Men det har vært noen gode ansatser likevel, synes jeg, en til tider meningsfull samtale – i ordets beste forstand. Noen av ansatsene finner du her, her (sjekk illustrasjonen, den er genial!) og her. […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s