Er offer nødvendig?

I mandagens utgåve av Vårt Land hadde Erling Rimehaug ein svært interessant artikkel om offer, der han tok for seg nokre tankar om dette som kom fram på den europeiske religionsfilosofiske konferansen som var i Oslo førre helg. Eg skal ikkje ta for meg så mykje av sjølve artikkelen, men vil heller sjå litt på offertanken i seg sjølv. La meg byrje med Mahatma Gandhi. Han lista, i 1925, opp sju moderne dødssynder.[1] Desse dødssyndene var:

  1. Politikk utan prinsipp
  2. Rikdom utan arbeid
  3. Lyst utan samvit
  4. Kunnskap utan karakter
  5. Handel utan moral
  6. Vitskap utan manndom
  7. Tilbeding utan offer

Gandhi meinte altså at vi ikkje kunne tilbe utan å ofre. Ein annan stad skal ha, i alle fall slik eg hugsar det, ha sagt at tanken om tilbeding utan offer er ei moderne vestleg villfaring. Og ikkje berre er det ei vestleg villfaring, det er også filosofisk sett feil. Kva er eit offer? Slår vi opp i ordboka, så ser vi at ‘offer’ kan bety ‘sjølvgløymande handling.’ (Bokmål: ‘uegennyttig handling.’) Det handlar ikkje nødvendigvis om blod, sveitte og tårer — men ikkje at det er noko i vegen for det.

Poenget er at når ein tilber, så ofrar ein noko. Ein ofrar noko av det ein eig. Dette vert hovudsakleg gjort for å symbolisere at ein gjer seg sjølv til den ein ofrar til. Kristus seier det slik:

Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld og for evangeliet, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? (Mark 8:34-36)

Når vi tilber, så seier vi at det finst noko som er større enn oss sjølve, noko vi er villige til å gje oss sjølve for. Eit godt døme på dette er biskop Kyprian. Rett før han vart halshugga og vart ein martyr, fekk han beskjed om å ofre til dei romerske gudane og til keisarens genius. Han sa då at han ikkje ville gjere det. Då han fekk beskjed om å tenke seg om, sa han: “Min tryggleik og styrke er Kristus Herren, som eg ynskjer å tene til evig tid.”[2]
Offer handlar om å tene. Men eg trur at vi må vere varsame. Gud ynskjer offer, men dei ofra han ynskjer er inderlege offer.[3] “Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd. Eit sundbrote og knust hjarta, det vanvørder du ikkje, Gud.” (Sal 51:19) Denne offertanken ser vi mellom anna i tanken om todah-offeret i jødedommen.[4]

“I den kommande Messianske tidsalderen vil alle ofra opphøyra, men takkofferet [hebr. todah] vil aldri opphøyra. ” Slik står det i den jødiske Midrash, i Pesiqta.[5] Men kva betyr det eigentleg, og kva har det med Kristi offer å gjera? Dei fleste har høyrt om brennofra og syndofra i Bibelen. Men dei fleste har ikkje høyrt om takkofra. Men desse ofra — dersom vi skal tru dei fleste jødiske teologar — var heilt sentrale i den jødiske religionen. Tim Gray skriv:

A todah sacrifice would be offered by someone whose life had been delivered from great peril, such as disease or the sword. The redeemed person would show his gratitude to God by gathering his closest friends and family for a todah sacrificial meal. The lamb would be sacrificed in the Temple and the bread for the meal would be consecrated the moment the lamb was sacrificed. The bread and meat, along with wine, would constitute the elements of the sacred todah meal, which would be accompanied by prayers and songs of thanksgiving, such as Psalm 116.

Vi ser kor sentralt dette er når vi les i 1Krøn 16. I v.4 står det at David sette “nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud.” Orda som her er omsett med ‘lova,’ ‘takka’ og ‘prisa’ er høvesvis zakar (‘huska, påkalla’); yadah (‘takka’) og halal (‘skina, prisa’). (Ordet yadah er ein munnleg form av todah.) Liturgien og ofringane skulle altså vera sentrert rundt påkallinga av Herren, minnet om Hans gjerningar (som også tydde ei reell påkalling av desse, eller deira velsigningar), takkeoffer på grunn av desse gjerningane og lovprising av Herren. Og nettopp dette ser vi både i Kristi gjerning og i vårt liv som kristne.

Offertanken, denne for oss vestlege så barbariske og umenneskelege skikk, er heilt nødvendig for oss menneske. Og slik eg ser det, så er Kristi offer essensielt eit takkoffer til Herren. Det er sjølvsagt også eit syndoffer.[6] Men dette er ikkje det sentrale. Adams synd var at han ikkje lydde Gud. Han prøvde, så å seie, å verta fullkommen av sin eigen ufullkomne kraft, av eigen natur. Men Kristus var fullkommen. Han var — er! — Gud, “gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.” (Fil 2:6-8) Hans offer var lydnadsofferet. Han levde slik Adam skulle, i Guds nærvær, i påkalling, takk og lovprising.

For å lovprise, for å tilbe — for å komme opp til det nivå vi er skapte til å vera på, så må vi bøye oss. Vi må innsjå at Gud alltid er større, og at Han har rett på takk og lovprising. Vi må aldri mista offertanken. For mistar vi dette perspektivet, så mistar vi oss sjølve.

Noter:

[1] Mahatma Gandhi, Collected Works of Mahatma Gandhi, vol. 33, September 25, 1925 – February 10, 1926. 10.09.2008. S. 135. Lenke til pdf-dokument

[2] Sitert i Joseph Milner, The History of the Church of Christ: From the Days of the Apostles, Till the Famous Disputation Between Luther and Miltitz in 1520. With a Continuation to the Present Time, by T. Haweis. Edinburgh: Peter Brown and Thomas Nelson, 1835. Digitized May 15, 2006. 09.09.2008., s. 160. Omsett til norsk.

[3] Dette må ikkje på nokon måte tolkast til at ofra skal ‘åndeleggjerast.’ Dei skal vere kroppslege, men det betyr at dei ikkje skal vere eit ‘tomt ritual,’ noko vi gjer berre fordi vi gjer det. Det må heller ikkje tolkast til at ofra berre skal handle om mitt ‘personlege forhold’ til Gud. Dei ofra vi gjer, skal også gjerast for andre menneske — men med Gud i fokus. For, som C.S. Lewis sa det: “Aim at heaven and you will get earth thrown in. Aim at earth and you get neither.” Kjelde

[4] Her tar eg opp at delar av det eg allereie har skrive om på Mediator Dei

[5] Hartmut Gese, Essays On Biblical Theology. Minneapolis: Augsburg Publishing House, s. 133

[6] Når vi seier at Kristi offer var et syndoffer, at Han tok våre synder på seg, så betyr ikkje dette at Gud krev død og pine. Det betyr rett og slett at Kristus — for å endra oss og vår røyndom — gjekk gjennom alt det vi må gjennom, inkludert konsekvensane av vår synd (død o.l.).

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s