Opphøgjinga av krossen

I dag er det, i fylgje Den katolske kyrkja sin kalender, festen for opphøgjinga av krossen. Nettsidene for Den katolske kyrkja i Norge fortel oss at denne dagen har sin bakgrunn i at “den 78 år gamle keiserinne Helena” i 328 tok føre seg “en lengre reise til Det hellige Land for å besøke Kristi grav. Hun ønsket også å ære korset som Verdens Frelser hang på, men ingen syntes å vite hvor det var. Hun spurte lokalbefolkningen, som sa at hvis hun kunne finne graven, kunne hun også finne verktøyene for henrettelsen, for jødene hadde den skikk å begrave slike avskyelige gjenstander i et hull nær gravstedet for henrettede forbrytere. Keiser Hadrian hadde bygd et tempel for Venus over stedet der Jesus var blitt korsfestet og gravlagt, men Konstantin skrev til den hellige biskop Makarios av Jerusalem og ga ordre til at det skulle fjernes og at det i stedet skulle settes i gang byggingen av en Gravkirke der. Helena tok på seg oppdraget å få dette arbeidet gjennomført.” (Les meir her.)

Så, la oss lese evangelieteksten for denne dagen. Dette heilage evangeliet står skrive i evangeliet etter Johannes i det 3. kapitlet:

“Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen. Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.” (Joh 3:13-17)

Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Det vi les denne dagen er at frelsa ligg i å skoda Kristus på krossen. I ein velkjent samle, nr. 479 i Nos, seier vi, til Gud, at “Deg å få skode er sæla å nå.” Eg trur dette også kan appliserast på krossen. For det er nettopp der Kristus verkeleg openberrar Guds kjærleik. Guds kjærleik for oss. “For så elska Gud verda,” stod det i dagens evangelietekst, “at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.” Guds kjærleik var så stor at Han gav seg sjølv. (For Sonen var også Gud.)

“O, Guds lam uskyldig, på korset ihjelslaget.” Slik syng vi det i ein gammal salme. Gud vart slått i hel av menneska. Han gjekk gjennom den menneskelege erfaring for å transformere den — for å gje oss del i det guddomlege, “del i guddomleg natur.”

Sjå opp på krossen for der ser vi verkeleg korleis Gud er. Der hang Gud — slått, piska, håna, audmjuka — utan å slå tilbake. Sjå opp mot krossen, og du vil sjå di frelse.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s