Litt om bøn

I Apg 2:42 står det at urkyrkjelyden “heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene.” (NO 78/85) Og vidare, i Apg 3:1, les at ein dag “då det leid til bønetimen, som er den niande timen, gjekk Peter og Johannes opp til templet.” (NO 78/85) Vi ser at urkyrkjelyden, i tillegg til å halda fast ved læra, samfunnet og brødsbrytinga, også heldt fast ved bønene. Men kva var desse bønene? Jo, dette var det som vi no kallar for tidebøne. Det finst åtte slike bøner (Kjelde):

  1. 1. Matutin, nattebøn, men ofte bedd rett før laudes.
  2. 2. Laudes, ved morgongry. Også kalla for morgonsang.
  3. 3. Prim, ved den fyrste timen, dvs. 06.00.
  4. 4. Ters, ved den tredje timen, dvs. 09.00.
  5. 5. Sext, ved den sjette timen, dvs. 12.00.
  6. 6. Non, ved den niande timen, dvs. 15.00.
  7. 7. Vesper, når mørkret bryt fram. (Ofte rundt 19.00.)
  8. 8. Completorium, ved leggetid. (Ofte rundt 21.30-22.00)

Eg skal no skrive litt om completoriet. Eg bur på ein kristen studentheim i Bergen. (Collegium St.ae Sunnivae.) Kvar morgon (mandag-fredag), før jobb og skule, har vi gudsteneste (med nattverd). Eg skal ikkje skrive noko om det, men eg vil heller sjå litt på kva vi gjer på kvelden. På kvelden (mandag, onsdag og torsdag), kl. 21.30, har vi noko som vi kallar ‘completorium.’ Det er latin, og betyr eigentleg ‘komplettering, avslutting.’ Det er ei kveldsbøn, der vi ‘kompletterer’ dagen før vi — i alle fall i teorien — går til sengs.

Denne gamle jødiske bønnetradisjonen sentrerer rundt salmane i Bibelen, og dei kristne valte å ta vare på den. (Sjå Apg 2:43, 3:1.) Dette er noko eg vil anbefale folk å ta del i — saman med andre. Det er ein av dei tinga som har hjulpe meg mest.

Ikkje berre får vi lest Bibelen, vi får bedd Bibelen. Og vi får samstundes lovprisa Herren. I 1Krøn 16:4 les vi at David sette “nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste og til å lova og takka og prisa Herren, Israels Gud.” Vi er også sett til å gjera dette. Dette krev sjølvsagt at vi faktisk tar tid til Han, at vi faktisk ofrar litt av vår tid på Han. Og her kan denne bønetradisjonen vere til hjelp. Dette er vel det som, i det siste, har vore til mest hjelp for meg i mitt kristenliv. Det har på ein måte blitt ein ‘puls,’ det som held kristenlivet mitt oppe. Eg går på forskjellige møte og gudstenestar elles, men eg anbefaler å ha ein fast ting i bønelivet ditt. Ein plass der du ber, og lar bøna forma livet ditt.

Men for at bøna skal forma livet, og for at ein skal kunna ha dette fellesskapet med Gud, så må vi bøye oss. Vi må innsjå at Gud alltid er større, og at Han har rett på takk og lovprising. For at livet vårt her på jorda skal kunna ‘finna sin form,’ så må vi innsjå dette, at Gud må stå i fokus. C.S. Lewis, ein kristen forfattar, sa: “Ta sikte på himmelen og du vil få jorda også. Ta sikte på jorda og du misser begge.” Å heile tida ha dette for augo har vore til stor hjelp for meg. Vi må aldri mista dette av synet. For mistar vi dette perspektivet, så mistar vi oss sjølve.

Vår Herre Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Heilagandens samfunn vere med dykk alle! Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s