Helgemessesundag

I dag er det helgemessesundag i Dnk.[1] Førre søndagen var det bots- og bededag, der vi kunne leggja av oss det som tynga oss. I dag bruker ein 2. tekstrekke, men tekstrekkene er no endra seg det ut til. Eg vel å sitere frå Hebr 12:

Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss, med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause… [De] de er komne til Sionfjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring, til forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein dommar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga, til Jesus, mellommannen for ei ny pakt, og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod. (Hebr 12:1-3.22-24)[2]

Førre søndag var det som sagt søndagen var det bots- og bededag. Då kunne vi legge syndene av oss. I denne leseteksten er fokuset nettopp der, på erkjenninga av synd. “[Lat] oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss.” Og krafta til dette får vi ved Kristus, og ved dei ‘heiarop’ vi får frå våre avdøde sysken i trua. For vi har “ei sky av vitne kring oss.” Her bruker forfattaren av Hebrearbrevet eit bilete frå idretten. Dei heilage står og heiar oss fram, på vår veg fram mot fullendinga. “Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen,” skriv Paulus, “men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigerskransen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.” (Fil 3:12-14) Men denne sigerskransen kan vi berre få dersom vi faktisk fokuserer fram mot målet — mot Kristus. I leseteksten vår står det at vi må “halda ut i det løpet som ligg framfor oss, med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar.”

Og kva er denne sigerskransen? Kva får vi del i der framme, på Sionfjellet, i “den levande Guds by, det himmelske Jerusalem”? Jo, der får vi, i all æva, del i ei høgtidsfeiring, del i “reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.” Dette er Kristi blod, som vi no får del i gjennom nattverden, den heilage evkaristi. Vi får del i Kristus, saman med alle dei heilage. La oss be:

Lova vere du, vår Herre Jesu Kristi Far,
du som i Kristus har velsigna oss med
alt av Andens velsigning i himmelen.
Hjelp oss å overvinna det vonde med
det gode, slik at vi som dine medarbeidarar
kan stå i forsoningstenesta og stifta fred
mellom menneske.
Ved Jesus Kristus, vår Herre. Amen.[3]

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, no og alltid og i all æve. Amen.

[1] Helgemessedag er 1. november, men i Dnk feirer ein det på den næraste søndagen. (Helgemessedag = allehelgensdag.)

[2] Dette er andre lesetekst frå 2. tekstrekka etter den gamle ordninga, samt fyrste lesetekst i dagens tilleggstekstar.

[3] Dette er bøna for morgonsang, laudes, på lørdagen. Eg bruker denne fordi helgemessedagen eigentleg var i går, og fordi eg synst bøna passar svært bra.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s