Amen, ja kom, Du Heilage Ande

Eg er av dei som meiner at Heilaganden har fått altfor liten plass i Kyrkja sitt liv, spesielt i liturgien. Eg vil difor i dag oppmoda folk til å bruke dette i nattverdsliturgien, då Heilaganden (saman med Kristus, i fylgje austleg-ortodoks liturgisk teologi) er liturgiens hovudselebrant.

(Etter innstiftingsorda)

P: Prest/liturg
A: Alle

Bøn om å koma i hug Kristi verk

P: Stort er trua sitt mysterium.
A: Kristus døydde. Kristus stod opp. Kristus skal koma att.
P: Evige, miskunnsame Gud. Vi takkar deg fordi du har gjeve din kjære Son i døden for syndene våre, og i han har forsona verda med deg sjølv. Vi høgtidar dette måltidet med glede og takk for det offer du har fullført, og i trua på di sigerrike oppstode og himmelferd, medan vi ventar på at du kjem att i herlegdom. Gjer oss til eitt med heile di heilage kristne kyrkje og lat oss ein gong samlast hjå deg i ditt fullkomne rike.
A: Amen, ja kom, Herre Jesus.

Herrens bøn

P: I Den Heilage Ande og saman med heile ditt folk, bed vi den bøna Son din sjølv har lært oss:
A: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.

Brødsbryting og bøn

P: Brødet som vi bryt [X] gjev oss del i Kristi lekam.
A: Sjølv om vi er mange, er vi ein lekam. For vi har alle del i det eine brødet.
P: Med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, og alle fekk vi éin Ande å drikka.
A: Amen, ja kom, Du Heilage Ande.
P: Sameina bøna vår med bønene frå tenarane dine alle stader og gjennom alle tider, og med forbøna frå vår store øvsteprest, som alltid bed for oss, til dess han kjem med siger, som Herren over alle ting.
Ved Han og i Han og i samfunn med Den Heilage Ande skal all herlegdom og ære høyra deg til, allmektige Far, evige Gud, no og til evig tid.
A: Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s