Nynorsk liturgi 2008/2010

No har det komme eit framlegg til ny ordning for hovedgudstenesta i Dnk. De kan finna den her (eller her, direktelenke til pdf-fil.) Eg er svært fornøgd, sjølv om eg har enkelte ting å utsetje på dette her. Ein ting er bruken av det forvirrande omgrepet ‘medliturg.’ Kva meiner ein med det? Vidare er den, etter mitt syn, overdrevne bruken av e-endingar eit problem. Der a-endingar er meir språkleg naturleg, meir poetisk og (kanskje viktigast) mest brukt av nynorskbrukarar flest bør desse brukast. Eit anna døme, som også er meir språkleg enn teologisk, er takkekollekten etter nattverden (som no heiter takkebøna.) De finn den på side 86 i dokumentet:

Himmelske Far, takk for dine velsigna gåver. Vi ber at du med desse gåvene held oss fast i trua på deg, bind oss saman i din kjærleik og stadfestar i oss vona om det evige livet, for Son din, Jesu Kristi skuld.

Her føler eg at dagens versjon er betre, den flyt meir og er nynorsk. (Og ikkje samnorsk, slik den nye formuleringa er.[1]) Den går slik:

Vi takkar deg, himmelske Far, for dine sæle gåver. Vi bed deg at du ved desse gåvene vil halda oss fast i trua på deg, sameina oss i din kjærleik og stadfesta i oss vona om det evige liv, for Son din, Jesu Kristi, vår Herres skuld.

Dette er berre eit av mange dømer, og det er irriterande.

Noter:

[1] Eg trur det er ganske klart at denne nye formuleringa ikkje er utvikla av folk som faktisk bruker nynorsk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s