Moderne murstein

1mote-siste-omslag

I dag var eg på eit lanseringsseminar for antologien Moderne teologi. Tradisjon og nytenkning hos det 20. århundres teologer. Det var interessant. Og eg måtte jo sjølvsagt kjøpe den også. Den er på ca. 760 sider, så den er ein murstein. Eller, på grunn av namnet, ein moderne murstein. For å parafrasere litt frå minutta før seminaret: Ein mann kjem inn og seier; “Det var litt av ein murstein.” Og ein annan svarar; “Nei, dette er heile mursteinen, ikkje berre litt av han.”

Antologien er redigert av Ståle Johannes Kristiansen og Svein Rise. Fyrstnemnde er stipendiat i kunsthistorie ved UiB, der han arbeidar med ei avhandling om Dionysius Areopagitens symbolske teologi. Sistnemnde er professor i systematisk teologi ved NLA Høgskolen i Bergen. I si tid tok han doktorgrad på Wolfhart Pannenberg sin kristologi.

For å bruke litt bokmål: Løp og kjøp! (Sjølv om den kostar kr. 598,-)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s