Syng ein ny song for Herren

I dag er det nest siste sundag i kyrkjeåret, så eg vil i dag rett og slett sitere den gamaltestamentlege teksten for denne søndagen (Dnk), slik den kunne blitt sunge liturgisk. (Eg har dessverre ikkje kamera, men om eg hadde det, ville eg tatt det opp. Det kan eg kanskje gjere ein annan gong).

(F = Forsangar (prest, kantor, etc.). A = Alle)

Salme 98:1-9:

F: Halleluja, halleluja.

A: Halleluja, halleluja.

F: Syng ein ny song for Herren, * for han har gjort under!

A: Halleluja, halleluja.

F: Hans høgre hand har gjeve han siger, * hans heilage arm har hjelpt han.

A: Halleluja, halleluja.

F: Herren har gjort si frelse kjend, * har vist si rettferd for folkeslag.

A: Halleluja, halleluja.

F: Han kjem i hug si miskunn * og sin truskap mot Israels ætt.

A: Halleluja, halleluja.

F: Alle folk på jord har sett * frelsa frå vår Gud.

A: Halleluja, halleluja.

F: Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda! * Bryt ut i jubel og lovsong!

A: Halleluja, halleluja.

F: Syng og spel på lyre for Herren, * spel på lyre, medan songen ljomar!

A: Halleluja, halleluja.

F: Lat hyllingsrop lyda for kongen, Herren, * til klangen av trompetar og horn!

A: Halleluja, halleluja.

F: Havet og alt som er i det, skal brusa, * jorda og dei som der bur.

A: Halleluja, halleluja.

F: Elvane skal klappa i hendene, * og fjella skal jubla i kor.

A: Halleluja, halleluja.

F: Dei skal jubla for Herren, * for han kjem og vil døma jorda.

A: Halleluja, halleluja.

F: Han skal døma verda med rettferd * og folka med rettvise.

A: Halleluja, halleluja.

F: Ære, vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, * som det var i opphavet, så no og alltid, og i all æve. Amen.

A: Halleluja, halleluja. Halleluja, halleluja.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s