Katolsk og luthersk nattverdslære

Dette innlegget er eit spørsmål som eg har lurt litt på i det siste, nemleg kva forskjellen er mellom den katolske og den lutherske læra om nattverden, evkaristien.

I den latinske teksten til Confessio Augustana (Den augsburgske vedkjenninga) står det (i art. 10):

De Cœna Domini docent, quod corpus et sanguis Christi vere adsint, et distribuantur vescentibus in Cœna Domini; et improbant secus docentes.

Arve Brunvoll omset det slik:

Om Herrens nattverd lærer dei [lutherske forsamlingane] at Kristi lekam og blod i sanning er til stades og vert etla ut til dei som er med og et i Herrens nattverd. Og dei mislikar dei som lærer annleis.[1]

Men den tyske teksten, seier Brunvoll, har litt fleire ord.[2] Med dei ekstra orda vert det sjåande slik ut (med endringane i feit skrift):

Om Herrens nattverd lærer dei [lutherske forsamlingane] at Kristi sanne lekam og blod i sanning er til stades under skapnaden (ty. Gestalt) åt brødet og vinen i nattverden og vert etla ut og teken imot der. Og dei mislikar dei som lærer annleis.[3]

Men kva meiner ein her med setninga ‘unter der Gestalt des Brotes und Weines’ (‘under skapnaden åt brødet og vinen’)? Ein katolikk kunne også sagt dette. Men sidan det er reelle forskjellar, så lurer eg på kva som er forskjellen i definisjonen av Gestalt mellom katolikkar og lutheranarar. (Kan det vere at Philipp Melanchthon, som var ein mann med gode diplomatiske evner, brukte denne termen for å ‘mjuke det opp’ for keisaren?)

Noter:

[1] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 50.

[2] Du finn den tyske teksten på denne nettsida.

[3] Arve Brunvoll, op.cit., s. 50. Sjå note 49.

4 comments on “Katolsk og luthersk nattverdslære

  1. Mishka says:

    Trodde det var slik at under forvandlingen, etter katolsk tro, forblir Jesu i brødet og vinen, men etter luthers tro reiser han tilbake.

  2. Mishka says:

    Jeg mener selvfølgelig at etter katolsk tro, når forvandlingen først har skjedd, så er det evigvarende tilstedeværelse.
    Og etter luthers tro, er Jesu tilstedeværelse i nadverden forbigående.

  3. Vel, ikkje heilt. Luthersk lære seier ikkje at den er forbigåande, men at ein ikkje skal bruke det til noko anna enn nattverdsmåltidet. (Sidan det er eukaristiens formål.)

    Men eg lurer på om korleis ein bruke uttrykket Gestalt. Kunne ein katolikk brukt det?

  4. Eg kom på at eg kunne sjekke Den katolske kyrkja si katekisme på tysk. (Den finn ein her.) Og der bruker ein uttrykket Gestalt. (Sjå mellom anna #1353, 1376 og 1378.)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s