Faderen og Sonen og Den Heilage Ande

Hadde eigentleg tenkt å poste den som førre post, men eg tenkte at enkelte kanskje ville gått inn i ein konspiratorisk overload, då det innlegget var innlegg nr. 666😉

Som kristen trur eg at Gud er treeinig — Fader, Son og Heilag Ande. Men kva inneber eigentleg dette? For det fyrste seier vi at det er tre guddomlege personar og eitt guddomleg vesen. Vi kan, utan at vi skal dra denne samanlikninga altfor langt, samanlikna dette med tre menneskelege personar. Alle deler dei sama naturen, men dei er ikkje same person. Forskjellen ligg i at desse er tre individ, eit uttrykk som vert litt feil å bruke om Faderen, Sonen og Heilaganden. Forskjellen ligg i kva vi i våre dagar legg i personomgrepet, og den tydinga dette fekk av kyrkjefedrane og andre folk i kristendommen fyrste tid. Modalsli og Engedal skriv:

Det er av betydning å være klar over at når den gamle kirke talte om et vesen og tre personer, hadde disse begrepene et noe annet innhold enn det vi kjenner fra vår dagligtale. Med ordene “et guddommelig vesen” menes ganske enkelt at det er en Gud, og denne Guden er 1 slik Skriften vitner om det. Begrepet ‘person’ betyr videre ikke det vi nå gjerne kaller personlighet i betydningen selvstendig individ. Det vil bety triteisme. På den andre siden betyr ‘person’ mer enn en rolle som Gud i en bestemt situasjon spiller. Det vil bety modalisme. At det er tre personer i den ene guddom innebærer at det er tre måter å være på i Gud som rommer en viss polaritet, men som ikke uttrykker en innbyrdes uavhengighet.[1]

Forskjellen mellom eit team på tre menneskelege personar og dei guddomlege personane ligg, trur eg, i at der dei menneskelege personane er separert ved at dei har tre krefter og tre viljar (i konflikt?), er dei guddomlege personane sameina i éi kraft og éin vilje. Og dei er saman om alt som vert gjort. Faderen skapte ved sitt Ord og i Anden. I Salme 33:6 står det: “Ved Herrens ord vart himmelen skapt og himmelhæren ved ein pust frå hans munn.” Herrens ord kan her vise til Ordet, den andre personen i treeininga, medan pusten frå Guds munn kan vere eit hint til Anden. Vi ser det kanskje klarare dersom vi samanliknar opninga av 1. Mosebok med opninga av Johannesevangeliet:

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. Då sa Gud: “Det verte ljos!” Så vart det ljos. (1Mos 1:1-3)

I opphavet var Ordet, Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. (Joh 1:1-3)

Eit anna døme er Kristi offer. Når Ordet vart menneske (Joh 1:14), tok det på seg vår menneskelege natur for å gje den tilbake til Faderen. Akkurat slik som Adam skulle gjort. Men dette var ikkje berre mellom Faderen og Sonen. Slik står det i Hebrearbrevet: “For Kristus har i kraft av ein evig Ande bore seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud.” (Hebr 9:14b)

Kva viser dette oss? Jo, det viser oss at Gud ikkje er ein monoman Zevs som sit oppe i himmelen for å dømma oss, men at Han er ein kjærleg, relasjonell Gud som er definert av at Han er eit samfunn, ein kommunion. Michael Paul Gallagher har nokre interessante tankar omkring dette:

Which God do atheists usually reject? Often a solitary and unrelating potentate — a Christian Zeus, as the Benedictine theologian Sebastian Moore once put it. Seldom the God whose three persons relate to each other in love. Seldom a Trinitarian participation in the Cross — symbolised by all three in Rublev’s icon pointing towards the chalice. Seldom the Three-in-One who invite us to join them and to enjoy their creating and healing of life (…)

The Spirit is the artist of desire, the transformation of you so that you can listen to Jesus, in the words of the Canadian theologian Bernard Lonergan. The Son embodies (literally) a new love here within the tragedies of history. The unseen Father promises another fullness and vision for hereafter. Together they invite us to that fourth place at the table. Such a different picture of God can happily challenge both believers and unbelievers. At its simplest it is a way of making real — because relational — the central Christian claim that God is love.[2]

Det viktige her trur eg er at vi på den eine sida ikkje må skilja personane frå kvarandre, men at vi på den andre sida heller ikkje må blanda dei saman. Det viktigaste, som ein ven av meg poengterte i ein diskusjon for nokre år tilbake, er ikkje å kunna kompliserte uttrykk som hypostase, prosopon, periochoresis, substans, essens osv. Det viktigaste, sa han, er å halda seg ‘trinitarisk open,’ å halda seg open både til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande no og alltid i all æve. Amen!

Noter:

[1] Modalsli og Engedal, Evangelisk tro. Oslo: Lunde 1989, s. 105

[2] Michael Paul Gallagher, “Show atheists the Trinity.” The Tablet, 24.01.1998. (26.11.2008)

2 comments on “Faderen og Sonen og Den Heilage Ande

  1. Tor says:

    Om ikke menneskene hadde rota til dette begrepet, hadde det aldri blitt noe problem.
    Men i dagens Norge er det veldig få som lytter til bibeles klare budskap,
    da de heller lager seg egne ord.

  2. Er du einig eller ueinig med meg? (Må spørje, ettersom at eg har diskutert dette opp og ned med mange såkalla “oneness pentecostals” oppetter åra.)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s