Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!

Dagens tekstar i Den norske kyrkja er Jes 62:10-12, Rom 13:11-14 og Matt 21:1-9. Og dagens tekstar i Den katolske kyrkja er Jes 63:16b-17.64:1a.3-7, 1Kor 1:3-9 og Mark 13:33-37.

Eg skal sitere alle desse, og prøve å reflektere litt over dei.

Jes 63:16b-17.64:1a.3-7 (Dkk):

Men du, Herre, er vår far, frå gamal tid er ditt namn vår utløysar. Kvifor fører du oss bort, Herre, frå dine vegar? Kvifor gjer du hjarta vårt hardt, så vi ikkje ottast deg? Snu om for dine tenarar skuld, dei ætter som er din eigedom! Gjev du kløyvde himmelen og steig ned, så fjella skalv for deg, som når elden fatar i risved og får vatnet til å koka. Aldri har nokon høyrt eller spurt, aldri har auga sett nokon annan gud enn deg som kan gjera slikt for dei som ventar på han. Du møter dei som med glede gjer rett, og tenkjer på korleis du går fram. Men du vart harm, og vi synda. Så har det alltid vore — kan vi då verta frelste? Alle vart vi som ureine, som skite ty vart all vår rettferd. Vi vart alle som vise lauv, våre misgjerningar bles oss bort som vinden. Det finst ingen som kallar på ditt namn, ingen som tek seg saman og held fast på deg. For du har løynt ditt åsyn for oss og gjeve oss våre synder i vald. Men du, Herre, er då vår far! Vi er leira, og du har skapt oss, alle er vi eit verk av di hand.

I den gamaltestamentlege teksten i Den katolske kyrkja (Dkk) ser vi ei klagerop til Gud. “Kvifor fører du oss bort, Herre, frå dine vegar? Kvifor gjer du hjarta vårt hardt, så vi ikkje ottast deg?” “Det finst ingen som kallar på ditt namn, ingen som tek seg saman og held fast på deg. For du har løynt ditt åsyn for oss og gjeve oss våre synder i vald.” Men likevel er det ei glime av håp: “Men du, Herre, er då vår far! Vi er leira, og du har skapt oss, alle er vi eit verk av di hand.” Vi er alle Guds verk, og vi er alle kalla til å få del i Guds liv. Og dette håpets evangelium ser vi i dagens gamaltestamentlege tekst i Den norske kyrkja (Dnk):

Jes 62:10-12 (Dnk):

Dra ut, dra ut gjennom portane, og ryd ein veg for folket! Bygg, ja bygg ein kongsveg og reinsa han vel for stein! Reis ei merkestong for folka! Høyr, Herren lèt det ljoma til heimsens ende: Sei til Sions dotter: Sjå, di frelse kjem! Sjå, dei han fekk i løn, er med han, dei han vann, går føre han. Dei skal kallast det heilage folket, dei som Herren har løyst ut. Og sjølv skal du kallast den søkte, byen som ikkje ligg aud og tom.

Vi kan seie at denne dagen ligg i spenninga mellom dom og frelse, mellom gledebodskap og åtvaringar. Vi ser dette reflektert i spenninga mellom dagens tekstar i Dnk og Dkk:

1Kor 1:3-9 (Dkk):

Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Eg takkar alltid min Gud for dykk, for Guds nåde som er gjeven dykk i Kristus Jesus. I han har de vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap. Så er òg vitnemålet om Kristus grunnfest mellom dykk, så de ikkje manglar noka nådegåve medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg. Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag. Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.

Rom 13:11-14 (Dnk):

Dessutan veit de kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua. Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til. Lat oss vandra sømeleg, som på lyse dagen, ikkje i festing og fyll, ikkje i hor og utskeiing, ikkje i strid og misunning. Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsorg for kroppen at det vekkjer lyster.

Mark 13:33-37 (Dkk):

Ver på vakt, hald dykk vakne! For de veit ikkje når tida er inne. Det er som når ein mann er utanlands. Før han fór heimanfrå, overlét han ansvaret til tenarane sine. Kvar av dei fekk sitt å gjera, og til dørvaktaren sa han at han skulle vaka. Så vak då! For de veit ikkje kva tid herren i huset kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel, eller når dagen renn. Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem. Det eg seier til dykk, det seier eg til alle: Ver vakne!

Matt 21:1-9 (Dnk):

Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to disiplar i veg og sa til dei: “Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg. Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.” Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:

Sei til Sions dotter:
Sjå, kongen din kjem til deg,
audmjuk rid han på eit esel,
og på folen til eit trekkdyr.

Disiplane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt. Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå. Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:

Hosianna, Davids son!
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!
Hosianna i det høgste!

Denne dagen ligg, ja den skal liggja, i denne spenninga. For denne kyrkja sin nyårsdag minna oss om at vi må vaka og venta på Kristi komme til dom og frelse. Og den dagen skal vi alle få våre liv og våre gjerningar openberra. Spørsmålet er sjølvsagt dette: Lit du på at Kristus frelsar deg? Lat oss alle be:

Herre Gud, himmelske Far! Vi lovar og prisar deg fordi du har sett Son din til konge over oss for å fri oss frå tyrraniet åt synda, døden og djevelen. Vi bed deg: Opplys og styr oss soleis ved din Heilage Ande at vi held oss til denne kongen åleine, og ikkje, som verden gjer, vert støta av hans fattige skapnad og forakta ord, men i ei fast tru på han vert evig sæle. Ved denne sin Son, Jesus Kristus, vår Herre. Amen.*

* Bøna er henta frå tidebønsboka La oss alle be. Norsk tidebønn. (Oslo: Kirkelig Fornyelse/Oremus 1998, s. 129) Det er kollektbøna for vesper i søndagane i advent. Eg har omsett den til nynorsk.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s