Sjå det Guds lam som ber verdsens synd

I liturgien, rett før altergangen og rett etter at vi har bedd/sunge Agnus Dei, seier presten: “Sjå, det Guds lam, som ber verdsens synd. Sæle er dei som er kalla til måltidet åt Lammet.” Dette er ein svært viktig del av liturgien. Vi ser det også i Skrifta. I Johannesevangeliet vert Kristus kalla ‘Guds lam’ av døyparen Johannes (Joh 1:29.36). Og I Johannes’ Openberring vert Kristus kalla ‘Guds lam’ eller ‘Lammet’ opptil fleire gonger. Men kva betyr det, kva er det eigentleg som vert sagt om Kristus — i Skrifta og i liturgien?

For å få eit svar på det, må vi sjølvsagt gå tilbake til GT, til Exodus, 2. Mosebok. I Exodus 12 står det om påskemåltidet:

Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd. Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det. Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt. De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat. Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons. Det som er att om morgonen, skal de brenna. Når de et det, skal de ha belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren. (Exo 12:5-11)

Legg merke til kva Israelittane måtte gjera med påskelammet, som er ein type på Kristus. Det står fyrst at dei måtte slakte det (v.6). Dette er eit kjent tema i kristen tru, at Kristus leid og døydde for vår skuld. Dette aspektet vert fokusert mykje på, i alle kristne leirar. Deretter står det at dei måtte stryka litt av blodet frå lammet, “stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken” i husa sine. (v.7) Dette finn vi også igjen i Kristus, slik Paulus skriv det, i Ef 1:7a: “I han [Kristus] har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene.” Begge desse aspekta, døden og blodet, finn vi igjen i alle kristne leirar. Men så dett mange av. For det neste aspektet ser det ut som om mange har gløymt.

Det står nemleg, i v. 8 at “kjøtet skal dei eta same natta.” Israelittane måtte nemleg eta påskelammet. Det skulle slaktast og blodet åt lammet skulle strykast på dørstolpane og dørbjelken. Men det skulle også etast. Og dette ser vi klart igjen i nattverden.

For i nattverden får vi del i Kristi sonande offer. Vi får lov til å knytta oss til Han på ein konkret måte, vi får verkeleg del i Hans lekam og blod, og får dermed del i Guds frelse. “Veit de ikkje at litt surdeig syrer heile deigen?” spør Paulus. “Reinsa ut den gamle surdeigen, så de kan vera ein ny deig! De er då som usyrt brød. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.” (1Kor 5:6b-8)

Sjå, det Guds lam, som ber verdsens synd. Sæle er dei som er kalla til måltidet åt Lammet.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s