Han som døyper med Den Heilage Ande

2. sundag i advent

I dag er det 2. sundag i advent, og tekstane for dagen finn de her (Dkk) eller her (Dnk, 1. rekkja). Dei er høvesvis Jes 40:1-5.9-11, 2Pet 3:8-14 og Mark 1:1-8 (Dkk) eller Mal 3:17-4:2, Rom 15:4-7 og Luk 21:25-33 (Dnk). I dag skal eg konsentrere meg om tekstane frå Dkk.

† Dette heilage evangeliet står skrive i evangeliet etter Markus i det 1. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

Dette er opphavet til evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. Hjå profeten Jesaja står det skrive:

Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydja vegen for deg. Ei røyst ropar i øydemarka: Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette!

Såleis stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han ropa ut at folket skulle venda om og la seg døypa så dei kunne få tilgjeving for syndene sine. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han; og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning. Han forkynte: “Etter meg kjem han som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den Heilage Ande.”

Slik lyder Herrens ord. Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Fokuset i dag er, som det bør i adventstida, på Kristus. Og kva er då ikkje betre enn å ta for oss ein av dei som var ivrigast med å peike på Han? I Fredrik Wisløff si kjente og kjære andaktsbok Hvil eder litt står det nokre tankar omkring døyparen Johannes (i andakten for 16. juni):

Jesus kalte Johannes den største som er født. Johannes sier om seg selv at han ikke er verd å gjøre Jesus den ringeste slavetjeneste: å løse skoene av hans føtter.

Johannes gjorde ingen tegn. De “store” gjerninger, det ekstraordinære, det mirakuløse, det som folk beundrer, lå ikke i hans vei.

Men det stille, ydmyke vitnesbyrd om Jesus brakte han. Og alt det Johannes sa var sant. Folk stolte på ham. Det var ikke lett tale; det stod en mann bak ordene. Hans liv og hele hans person var som et mektig utropstegn etter alt det han sa. Derfor trodde folk på Kristus, for Johannes’ vitnesbyrds skyld. Og Jesus kalte ham den største.[1]

Johannes peika forbi seg sjølv — han peika fram mot Han som skulle komma, mot Messias — Kristus.[2] Og dette var Johannes sitt hovudfokus. Men kva var det som kjenneteikna Kristus? Jo, seier Johannes: “Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den Heilage Ande.”

Dette må vera vårt fokus i dag! Vi får, ved Kristus, del i Heilaganden, og vert difor fornya. I Genesis står det at då Gud skapte verda ved sitt ord så sveiv Guds Anden over vatnet. (Sjå Gen 1:1-3) Og det same skjer i vår nyskaping. Heilaganden kjem der over oss, og vi vert tekne opp i kommunionen med Gud — i Kyrkja. Og dette er viktig. Kristus seier det klart i Joh 3:5: “Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.” La oss no, fram mot jul, prøve å halda fokuset her; på Kristus, og på det verk Han fullførte — og på den fullendinga Han har gjeve oss del i, ved Den Heilage Ande.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Noter:

[1] Fredrik Wisløff, Hvil eder litt. Oslo: Indremisjonsforlaget 1948, s. 154-155

[2] Kristus er gresk for Messias.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s