Gledesbodskapen og Guds dom

3. sundag i advent

I dag er det 3. sundag i advent, og tekstane for dagen finn de her (Dkk) eller her (Dnk, 1. rekkja). Dei er høvesvis Jes 61:1-2a.10-11, 1Tess 5:16-24 og Joh 1:6-8.19-28 (Dkk) eller Jes 35:3-10, 1Kor 4:1-5 og Matt 11:2-10 (Dnk). I dag skal eg konsentrere meg om begge tekstane — men evangeliet er henta frå Dnk si teksrekkje.

† Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det 11. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: “Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?” Jesus svara: “Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!”

Då dei var farne, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: “Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svagar i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: Meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydja vegen for deg.”

Slik lyder Herrens ord. Lova vere du, Kristus. Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I dag er fokuset på evangeliet som vert forkynt for fattige. “Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige.” Dette la Kristus fram som ‘bevis’ for at Han var den som skulle koma; Messias, Davids son — Guds Son!

I dagens fyrste lesetekst i Den katolske kyrkja finn vi ein slags forløpar til denne teksten. I Jes 61:1-2a står det:

Herrens Ande er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg til å forkynna ein gledebodskap for armingar, til å lækja dei som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne. Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren, ein dag med straff frå vår Gud.

Ein interessant detalj her, er at gledesbodskapen — at folk skal verta lækte og få fridom — er knytt så tett til Guds straffedom. Og dette set eit klart fokus på kva advent faktisk er for noko. Adventstida handlar ikkje om ein søt bodskap om ‘Jesusbarnet,’ men også om Kristi komme til dom — og til rettferdiggjering av dei som har vore offer for urett. I adventstida bør vi reflektere over det faktum at Gud ikkje lar urettferd gå ustraffa. Og det burde Han heller ikkje gjera. Vi kan kanskje, med føresetnad for at ein ikkje må dra dette for langt, samanlikne Kristus med den amerikanske julenissen. Han spør; “Er det nokre snille born her?” Og vi bør reflektere over dette no i adventstida. Lever vi eit liv som rettferdiggjer at vi skal få presangar og gåver? Eller bør vi kanskje gjera opp med nesten fyrst?

Eg seier ikkje dette for å skremma folk. Eg seier det for å påpeike realismen og alvoret i adventstida. Vi ventar på Kristus. Men Kristus er ikkje berre eit menneske. Han er også Gud. Han er den som, utan favorisering, kjem med “ein gledebodskap for armingar,” med lækjedom for “dei som har eit knust hjarta,” med “fridom for fangar og frigjering for dei bundne.” Og sist, men ikkje minst; med “ein dag med straff frå vår Gud.”

Reflekter over dette no i adventstida, og høyr på denne sangen — utan å dra det for langt.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Og i denne filmen kan ein læra litt meir om “Santa Clause Is Coming to Town.”

One comment on “Gledesbodskapen og Guds dom

  1. Harald says:

    Interessant nok knyttet jeg an til samme poeng som deg, men med en helt annet twist: I Jesu svar til Johannes er domsaspektet fra Jesaja-tekstene han alluderer til helt fraværende, det er i stedet erstattet av nettopp uttrykket “evangeliet forkynnes for fattige”.

    Johannes var selv apokalyptiker og domsprofet, og han forkynte Messias’ nært forstående komme med bilder som “Øksen ligger alt ved foten av treet!”. Messias kom, men dommen…? Er det da så utenkelig at det var nettopp mangelen på dom som gjorde at Johannes ble usikker, at det var derfor han endte opp med å spørre som han gjorde: “Er du (virkelig!) han som skal komme? Eller skal vi vente en annen?”

    Jeg synes det kan være på sin plass å sitere Brorson på en dag som denne:

    Gud er nå ikke lenger vred,
    det kan vi derav vite
    at han har sendt sin sønn her ned
    for verdens synd å lide.
    Gjør dette vidt i verden kjent
    at Gud sin sønn for oss har sendt
    til jammer, ve og våde!
    Hvem vil da ikke være sæl
    og trøste seg i ve og vel
    til Jesu rike nåde!

    (NoS 44, v.4)

    Fortsatt god adventstid til deg, Kjetil!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s