Ten Herren fullt ut!

4. sundag i advent

Eg skulle eigentleg ha posta denne teksten i går, men det var eit straumbrot, og eg var ikkje heime då straumen kom tilbake.

I går var det 4. sundag i advent, og tekstane for dagen finn de her (Dkk) eller her (Dnk, 1. rekkja). Dei er høvesvis 2Sam 7:5.8b-11.16, Rom 16:25-27 og Luk 1:26-38 (Dkk) eller Jes 52:7-10, Fil 4:4-7 og Joh 1:19-27 (Dnk) I dag skal eg konsentrere meg om tekstane frå Dkk, men eg kjem innom tekstane frå Dnk også.

† Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas i det 1. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria. Engelen kom inn til henne og sa: “Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!” Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne: “Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.” Maria sa til engelen: “Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?” Engelen svara: “Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son. Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden. For ingen ting er umogeleg for Gud.” Då sa Maria: “Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.” Så fór engelen bort att.

Slik lyder Herrens ord. Lova vere du, Kristus. Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I dag er fokuset, som det også var førre søndag — og som det har vore i heile advent — på ein person som peiker på, eller fram mot, Kristus, og som gledeleg går inn i teneste for Gud. “Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.” Sterkare kan det knapt seiast. Maria gjekk fullt ut inn i tenesta si. Og denne tenesta var at ho, full av morskjærleik — og full av nåde! — bar Guds Son, Ordet, inn i verda. Dette kan vi sjå allereie i 1Mos 3:15. Etter at menneska hadde synda, gav Gud dei dette håpet om frelse, då han sa til ormen: “Fiendskap vil eg setja mellom deg og kvinna, mellom ditt avkom og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei i hælen.”

Her ser du julebodskapen! Det skal komma fiendskap mellom djevelen og kvinna si ætt. Men kven er kvinna her? Den fyrste tanken som slår meg, er at det er snakk om Eva. Men når vi deretter tenker på at Kristus er frelsaren, Han som knuste djevelens, dødens og synda si makt, så tenker eg at dette er ein profeti som peiker framover mot Maria — mot Herrens tenestkvinne. Og ho er også til tider kalla for den andre Eva.

I Maria ser vi kva advent handlar om. “Mary is, in some sense, ADVENT PERSONIFIED” skriv Fr. Roger J. Landry. “God the Father had prepared her from the first moment of her life to be a worthy mother of his Son. Like a faithful daughter of Israel, she had prayed throughout her youth for the coming of the Messiah. When she was a young girl, she discovered that she was part of God’s answer to that prayer, but in a way that would far have exceeded any Hebrew maiden’s prayers: Not only would the Messiah be her son, but her son would also be God. Her “yes!” to the Archangel Gabriel launched the proximate preparation for the birth of Jesus the Messiah.”

Maria er altså personifiseringa, eller endå betre (og kanskje endå meir inkarnatorisk); lekamleggjeringa av adventstida. Ho bar heilt konkret på Herren, noko vi også skal, men på ein annan måte. Vi må også lekamleggjere Hans nærvær, Hans komme, i oss — gjennom å leve på Hans bod, slik Maria, Herrens tenestekvinne, gjorde. Ein heilt konkret måte å gjere dette, er å ta del i nattverden, for der vert vi lekamleggjort — gjort til Herrens lekam, ved Den Heilage Ande. (Jmf. 1Kor 10:16-17, 12:13)

Ein annan måte er å proklamere den gode bodskapen for alt folket! Og difor vil eg sitere dagens gammaltestamentlege lesetekst for Dnk, Jes 52:7-10:

Kor fagre er på fjelli hans føter som ber gledebod, som forkynner fred, som ber godt bod, som forkynner frelsa, som segjer til Sion: Din Gud er no konge! Høyr! Dine vaktmenner ropar, dei jublar alle i hop; for beint for sine augo ser dei at Herren kjem heim att til Sion. Set i og jubla alle saman, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, han løyser ut Jerusalem. Herren nækjer sin heilage arm for augo på alle folki, og alle utbygder på jordi fær sjå frelsa frå vår Gud.

I dag, på fjerde og siste sundag i advent, vil eg formane dykk om å fylgja i fotspora til Maria, den verkelege Madonna. Ho sa: “Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.” Den ‘falske’ Madonna, derimot, sa: “Papa don’t preach.” Nei, fylgje Maria! “Eg er Herrens tenestmann. Lat det gå meg som du har sagt.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s