Dagen før dagen

Julekvelden

I går reklamerte NRK med at dei skulle feira ‘kvelden før kvelden.’ Då får vel eg gjere noko liknande, og feire ‘dagen før dagen.’ (Eller ‘kvelden før dagen.’)

I dag skal eg ikkje gjere noko spanande, men eg vil rett og slett sitere dagens tekstar, i fylgje Den katolske kyrkja. Dei finn du her. Eg vel å bruke tekstane frå vigilien. Dei er Jes 62;1-5, Apg 13:16-17.22-25 og Matt 1:1-25.

Fyrste lesing er frå profeten Jesaja i det 62. kapitlet:

For Sions skuld vil eg ikkje teia, for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still, før hennar rett strålar fram med glans og hennar frelse som ein brennande fakkel. Då skal folkeslag sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom. Du skal få eit nytt namn, som Herren sjølv skal gje deg. Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand, ein kongeleg hovudprydnad i handa åt din Gud. Du skal ikkje lenger kallast “Den forlatne”, og ditt land skal ikkje meir heita “Øydemark”. Men du skal kallast “Mi kjære”, og landet ditt skal heita “Kone”. For Herren skal ha deg kjær, og landet ditt skal takast til ekte. Som ein ungdom gifter seg med ei møy, skal dine søner ta deg til ekte. Og som ein brudgom gleder seg over si brur, skal din Gud gleda seg over deg.

Slik lyder Herrens ord. Lova vere Gud.

Andre lesing er frå Apostelgjerningane i det 13. kapitlet:

Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa: “Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg! Han som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå… Men Gud avsette han og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘ Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’ I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket. Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’”

Slik lyder Herrens ord. Lova vere Gud.

† Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det 1. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

Dette er ættetavla til Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son: Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob fekk Juda og brørne hans. Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram, Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Naksjon, Naksjon fekk Salma, Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai, og Isai vart far til David, kongen.

David fekk sonen Salomo med kona til Uria, Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa, Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia, Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Akas, Akas fekk Hiskia, Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.

Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.

Slik er det i alt fjorten ættledd frå Abraham til David, fjorten ættledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten ættledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: “Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.” Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin, og han gav han namnet Jesus.

Slik lyder Herrens ord. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Amen! Og God julefeireing! (Og så har eg endra til juletema for bloggen!)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s