Og Ordet vart kjøt

Julenatt/Juledag

No dag er det julenatt/juledag, og tekstane for dagen finn de her (Dkk) eller her (Dnk, 1. rekkja). Dei er høvesvis Jes 9:2-7, Tit 2:11-14 og Luk 2,1-14 (Dkk, midnattsmesse); Jes 62:11-12; Tit 3:4-7; Luk 2:15-20 (Dkk, messe ved daggry, juledag); Jes 52:7-10; Hebr 1:1-6; Joh 1:1-18 (Dkk, høgmesse, juledag) eller Jes 9:2-3.6-7, Hebr 1:1-5a og Joh 1:1-14 (Dnk, juledag). Som ein ser, så er det, ikkje heilt uventa, eit visst samsvar mellom tekstane for Dkk og Dnk. Men eg skal likevel ikkje sitere nokre av desse. Det eg vil, er å sitere leseteksten som er å finna i liturgien for completorium (kveldsbøn) for julekvelden.[1]

Det står skrive hjå profeten Jesaja i det 11. kapitlet:

Ein kvist skal renna or Isai-stuven, ein renning skal skyta opp frå hans røter. Herrens Ande skal kvila over han, Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap om Herren og age for han. Han skal ha sin hugnad i age for Herren. Han skal ikkje døma etter det han ser, og ikkje skifta rett etter det han høyrer. Han skal døma armingar med rettferd, fella rettvis dom for dei verjelause i landet. Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper. Rettferd skal vera beltet om livet og truskap beltet om hoftene hans. (Jes 11:1-5)

Slik lyder Herrens ord. Lova vere Gud!
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning.

Her les vi om ein som skal komma. Ein som skal vera rettferdig. Ein som skal dømma rettvist. Men det viktigaste trur eg ligg i byrjinga av teksten. “Herrens Ande skal kvila over han,” står det, “Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap om Herren og age for han.”

Dette er karakteristikkane på Kristi sinnelag. Men det er også karakteristikkane på det sinnelaget Gud ynskjer at vi skal ha. “Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!” skriv Paulus (Fil 2:5).

Dette er eit sinnelag vi får dersom vi sameinar oss med Kristus! Og i natt, og resten av dagen, skal vi feira — ja proklamera frå hustaka! — at “Ordet vart kjøt,” at Guds Son, den andre personen i treeininga, “gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik.” (Fil 2:7) Denne store løyndomen, dette store mysteriet, at Kristus “vart openberra i kjøt og blod, rettferdiggjord i Anden, sedd av englar, forkynt mellom folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom” (1Tim 3:16) skal i dag stå i høgsetet! For det er i denne sameininga mellom Gud og mennesket vi finn frelsa. Det er i denne sameininga vi vert fornya ved Den Heilage Ande, og får visdom og vit, råd og styrke, kunnskap om Herren og age for han.

La oss be:
Allmektige Gud, du som let Son din, den einborne, ta på seg vår natur og verta fødd av jomfru Maria, gjev at vi som i den heilage dåpen er atterfødde til å vera dine born, dagleg må fornyast og styrkast ved din Heilage Ande. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre. Amen.[2]

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen!

[1] Etter boka La oss alle be. Norsk tidebønn. Kirkelig Fornyelse/Oremus, s. 136

[2] Ibid, s. 146. Omsett til nynorsk

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s