Teologi og nattverdsfellesskap

For ei tid tilbake fekk eg spørsmål om kvifor ein ikkje kan gå til nattverd i Den katolske kyrkja dersom ein ikkje er katolikk (eller har andre ‘avtalar,’ slik som ortodokse har i visse samanhengar). “Eg blir sint,” sa personen, “når ei kristen gruppe meiner at dei er den sanne Kyrkja og at alle andre tek feil.” Eg skal ikkje ta for meg sanningsspørsmålet, sjølv om det er viktig, men spørsmålet rundt nattverdsfellesskap, kommunion.

For den verkelege saka er eigentleg ikkje at Den katolske kyrkja (eller andre kyrkjer for den del) seier at dei er den einaste sanne Kyrkja, men om vi som ikkje er medlem der har kommunion med denne. Har folk i Den norske kyrkja same teologi, har dei fellesskap med Den katolske kyrkja? Viss ein ikkje har/er det, kvifor ‘late’ som ein har/er det?

Nattverden, evkaristien er teiknet på fellesskapet. “Velsigningsbegeret som vi velsignar,” spør Paulus, “gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.” (1Kor 10:16f) Evkaristien er altså teiknet på fellesskapet, på kommunionen. Det er ikkje middelet til denne unionen, det er sjølve unionen. Det vil difor vere feil å gå til kommunion i ei kyrkje som ikkje deler din teologi rundt nattverden. Av den grunn kan ikkje eg gå til nattverd i katolske eller ortodokse kyrkjer (eg har ingen formell kommunion med dei) og eg går heller ikkje til nattverd i pinseteologiske, baptistiske eller medotistiske forsamlingar.

Det ville vore uærleg for meg å late som eg har kommunion med dei når eg ikkje har det. Og difor kan eg ikkje dele nattverd med dei, fordi det er nettopp nattverden som er teiknet på dette. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje smertar meg at fellesskapet er brote, men vi fiksar ikkje ein skade ved å late som den ikkje er der.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s