Tala, Herre, tenaren din høyrer!

2. sundag i det alminnelege kyrkjeåret

I dag er det 2. sundag etter Kristi openberringsdag (i fylgje Dnk) og 2. sundag i det alminnelege kyrkjeåret (i fylgje Dkk). I dag skal eg konsentrere meg om tekstane åt Dkk.

Det står skrive i 1. Samuelsbok i det 3. kapitlet (1Sam 3:3b-10.19):

Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod. Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Ja, her er eg,» og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg. Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!» Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han. Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten. Og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt. Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!» … Så voks Samuel opp. Og Herren var med han og lét ikkje noko av det han hadde sagt, falla maktlaust til jorda.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova!

Det står skrive i Paulus’ fyrste brev til Korintarane i det 6. kapitlet (1Kor 6:13c-15a.17-20):

Kroppen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for kroppen. Gud reiste opp Herren, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. Veit de ikkje at kroppane dykkar er Kristi lemer? … Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. Hald dykk langt borte frå hor! All synd som eit menneske gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. Veit de ikkje at kroppen dykkar er eit tempel for Den heilage ande som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: De er kjøpte, og prisen er betalt. Difor skal de æra Gud med kroppen!

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova!

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Johannes i det 1. kapitlet (Joh 1:35-42).
Ære vere deg, Herre.

Dagen etter stod igjen Johannes der med to av disiplane sine. Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» Dei to disiplane høyrde kva han sa, og følgde etter Jesus. Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi,» – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» «Kom og sjå,» svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.

Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». å tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Dagens tekstar står ikkje akkurat i den vestlege individualismen namn. Alle tre viser, på sin måte, kva det vil seia å fylgja Gud, å fylgja Kristus. I den fyrste teksten, som eg har tatt overskrifta frå, står det at Eli, overpresten i templet, sa til Samuel at i det Gud tala, skulle han svar: “Tala, Herre, tenaren din høyrer!” Vidare les vi nokre sterke formaningar frå Paulus om å reflektere over det faktum at kroppen vår no høyrer til Gud, at den er “eit tempel for Den heilage ande.” Og så les vi, i evangelieteksten, om læresveinane som slapp det dei hadde, og fylgde Kristus.

Desse tekstane understrekar at vi skal tene Gud, at vi skal ta sikte på Han, fokusere på Han. I samband med dette vil eg no gjere nokre refleksjonar rundt dette med bakgrunn i liturgien, i gudstenesta. I eit foredrag om liturgiens ordo og rolla den har i den liturgiske agenda la Dag Øivind Østereng fram si personlege liturgiske vedkjenning: “Den liturgiske retninga er aust.”[1]Med det meinte han hovudsakleg at liturgien på den eine sida må vere økumenisk, og på de andre sida at den må ha fokus på Gud. For som kristne er vi alle kalla til å leve liva våre som ein gudsteneste — med fokus mot Gud, mot soloppgongen i aust.

Etter at engelen Gabriel gav ho bodskapen om at ho skulle føda Kristus framviste Maria, som med rette er vorte kalle Mor åt kyrkja si, den haldninga som alle kristne er kalla til å ‘kopiera’: “Eg er Herrens tenestkvinne” sa ho. “Lat det gå meg som du har sagt.” (Luk 1:38 ) Prøv å leva slik. Fokuser på Gud — for elles kan du enda opp med å mista alt. “Ta sikte på himmelen og du vil få jorda med” sa C.S. Lewis. “Ta sikte på jorda og du misser begge.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vera skal, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

[1] “Ordo og dens betydning for den liturgiske agenda.” Foredrag om liturgi og liturgireforma i Dnk på Kyrkjeleg Fornying sitt stevne på Gran, januar 2009.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s