Frelsa i dåpen

I Den augsburgske vedkjenninga eller Confessio Augustana (CA), ein av dei grunnleggjande lutherske vedkjenningsskriftene, står det slik å lese om dåpen, i art. 9: “Om dåpen lærer [dei lutherske forsamlingane] at han er naudsynleg til frelse, og at Guds nåde vert boden fram ved dåpen, og at borna bør døypast, dei som vert mottekne i Guds nåde, når dei ved dåpen er overgjevne til Gud. Dei fordømer gjendøyparane som vrakar barnedåpen og påstår at borna vert sæle utan dåp.”[1]

Mange ser ut til å ha eit problem med at dåpen er eit frelsesmiddel. Men kvifor har dei det? Slik eg ser det, så er det hovudsakleg to grunnar til det: For det fyrste opererer ein med ein kvasi-gnostisk tanke der Gud ikkje kan eller vil bruke konkrete middel. — Noko som faktisk rammar inkarnasjonen i seg sjølv. For dersom Gud ikkje kan, eller vil, bruke konkrete middel, kvifor måtte Ordet verta menneske — verta materie? For det andre meiner ein at dette er ‘frelse ved gjerningar.’ Men kyrkja har alltid lært oss at det er Gud som er det handlande subjekt i dåpen. Kristus sa: “Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.” (Joh 3:3) Og i Joh 3:5 heldt Han fram: “Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.” Berre Gud kan føda oss på nytt, og så vidt eg veit, kan uttrykket “fødd på nytt” også omsetjast; “fødd frå det høge” eller “fødd frå oven.” Vi ser det klart også i Peters ord til menneskemengda i Apg 2:38f: “Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve. For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.”

Men kanskje den mest direkte er Titus 3:5, som slår beina under påstanden om at dåpen ikkje frelsar og at det i så fall ville vore ‘frelse ved gjenringar’:

Han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande.

Noter:

[1] Arve Brunvoll, Vedkjenningsskriftene åt Den norske kyrkja. Ny omsetjing med innleiingar og notar. Oslo: Lunde 1979, s. 49-50

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s