Den gode jorda

Såmannssundagen eller seksagesima.

Dagens tekstar for Den norske kyrkja er å finna her.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Lukas i det åttande kapitlet. Ære vere deg, Herre.

4 Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning: 5 “Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. 6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det. 8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.” Då han hadde sagt dette, ropa han ut: “Den som har øyre å høyra med, høyr!” 9 Sidan spurde disiplane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: “Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal sjå, men ikkje sjå, og høyra, men ikkje skjøna. 11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger og rikdom og nytingar og ber ikkje fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde.”

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Eit korn eller eit frø er skjørt, sårbart. Og det inneheld heile livet. Men det treng gode vilkår for vokster. I dagens evangelietekst les vi om fire slike vilkår: grøfta attmed vegen, steingrunnen, klungeren og den gode jorda.

Det som landa attmed vegen, seier Kristus, “vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp.” Slike folk er dei som høyrer ordet, men som er likegyldige. Frøet vert ikkje ensa. Ein trakkar det ned, og ein bryr seg ikkje med å jage bort fuglane som kjem for å ete det. Ein slik haldning er verre enn open fiendskap. Dei fiendtleg innstilte kan ein ofte argumentere med, men dei likegyldige bryr seg ikkje. La oss be om at vi ikkje er slik. Å vera likegyldig overfor noko slikt er umenneskeleg, barbarisk. Vi er innstilt på å søkja sanninga.

Det som fall på steingrunn “visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte.” Her ser vi problemet med mykje av dagens forkynning. Det er ofte basert på billig retorikk og gode kjensler, men det skapar ikkje grobotn dersom menneska som høyrer på er som denne steingrunnen. Gode kjensler er berre verksame dersom vi har det godt. La oss be om at Gud opnar hjarto deira, slik at dei verkeleg kan ta Hans ord til seg — og slik at ordet for ‘væte,’ for lov til å veksa.

Det som “fall mellom klunger” voks opp saman med den, og den kvelte kornet. Her ser vi dei som lar bekymringane ta overhand. Dei som i staden for å setja fokuset på Gud, set fokus på bekymringane i denne verda — og difor misser begge delar. “Ta sikte på himmelen og du får jorda med,” sa C.S. Lewis. “Ta sikte på jorda og du misser begge.” “Søk først Guds rike og hans rettferd,” sa Kristus, “så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.” (Matt 6:33f)

Men det som “fall i god jord” fekk gode vilkår. Det “voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.” Her ser vi dei som har det rette fokuset. Det betyr ikkje at dei er perfekte, feilfrie menneske, men at dei innrømmer sine feil, og set fokuset der det skal vera — på Gud, som er den einaste som kan frelsa oss.

I dag må du be om at du har god jord, at du ikkje er bitter, at du ikkje har fiendskap til Gud, men at du “høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarta, held ut og ber grøde.” La oss be:

Å Gud, du som sender ut ordet ditt til vår frelse, gjev at vi tek imot det og tek vare på det i hjarto våre, så vi, ved din miskunn og i tålmod, kan bera frukt av ordet ditt. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg lever og råder, i eining med Den Heilage Ande, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[1]

Kjelder:

[1] Slutningsbøn for seksagesima, laudes, delvis redigert og omsett til nynorsk. (La oss alle be. Norsk tidebønn. Kirkelig fornyelse/Oremus 1968/1998, s. 173.13)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s