Å sjå Han som Han er

Kristi forklåringsdag (Transfirgurasjonen)

transfigurasjonen

Dagens tekstar for Den norske kyrkja er å finna her.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det syttande kapitlet. Ære vere deg, Herre.

1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2 Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset. 3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han. 4 Då tok Peter til ords og sa til Jesus: “Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.” 5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: “Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!” 6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: “Reis dykk opp, og ver ikkje redde!” 8 Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine. 9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei at dei ikkje skulle tala til nokon om dette synet før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

Det fyrste vi les i dag er at Kristus — seks dagar etter Kristus og læresveinane var i “bygdene ved Cæsarea Filippi” (Matt 16.13ff) — tok med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit stort fjell. Det står ikkje direkte i teksten, men eg trur at det Kristus gjorde var at Han tok desse tre sentrale personane — apostelhovdingen Peter og Sebedeus-sønene — opp der Han sjølv pleide å be. Og medan dei var der, skriv Matteus, “vart [Kristus] forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset.” Det skjedde ikkje noko nytt med Kristus, men det skjedde noko nytt med læresveinane. Der og då fekk dei sjå Han akkurat slik Han er, i heile si guddomsfylde. Der vart det openberra for dei at Kristus er Guds Son, “han som eg elskar, han som eg har hugnad i,” som Faderen sa det.

Det er altså ikkje kven som helst vi har med å gjera. Kristus er ikkje berre eit menneske, Han er Gud, Herren. Dei tre læresveinane opplevde altså eit konkret, nærast lekamleggjort møte med det guddomlege. Og det står at dei “kasta … seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle.” “Korleis kan eg, ein syndig mann, sjå på dette herlege ljoset,” tenkte dei sikkert alle tre. Men Kristus kom til dei, og sa: “Reis dykk opp, og ver ikkje redde!” Det Han seier er at vi skal få lov til å skua Han? Men korleis kan vi det? Står det ikkje at den som ser Gud skal dø?

Jo, men eg trur at det er nettopp inkarnasjonen som er det viktige her. Gjennom den får mennesket del i det evige ljoset. Johannes skriv: “Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” (Joh 1:14)

Ola Breivega skriv:

Til liks med dei fleste av dei greske kyrkjefedrane som har tala om forklåringi, lærer [Gregorios Palamas] at den mystiske opplevingi er uskapt og guddomleg. Det ljoset læresveinane såg på berget, høyrer Gud til av natur. Æveleg, uendeleg, tidlaust og romlaust kjem dette ljoset til synes i gudsopenberringane i Det gamle testamentet som Guds herlegdom (sjekinah). Med inkarnasjonen vert det guddomlege ljoset so å seia konsentrert i Kristus, for «i han bur heile guddomsfylla lekamleg» (Kol 2,9). Dette tolkar den ortodokse tradisjonen soleis at Kristi menneskenatur vart guddomleggjord gjennon den hypostatiske (personlege) sameiningi med den guddomlege naturen — og at Kristus under heile sitt jordeliv alltid stråla i guddomleg ljos. Men dei fleste av samtidingane hans kunne ikkje sjå det. Med Kristus hende det ingenting under forklåringi. Men det hende noko med læresveinane hans, med medvitet deira, so dei ei liti stund vart i stand til å sjå sin Herre og Meister slik han verkeleg var, strålande i sin guddomsnaturs ævelege ljos. [1]

Ved Kristus, og i Heilaganden, vert menneskenaturen lyfta opp; herleggjort, heilaggjort, frelst, og gjeve “del i guddomleg natur.” “Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel,” skriv Paulus, “vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.” (2Kor 3:18 ) Kristus er verdas ljos (Joh 8:12) — og gjennom Hans omlagande ljos får vi del i Guds energiar, og blir guddommeleggjorte, ikkje av natur eller vesen, men av nåde. Ja, som Johannes seier det: “Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.” (Joh 1:16-18 ) La oss be:

Gud, du som ved vitnemålet åt fedrane har stadfesta løyndomane åt trua i den herlege forklåringa åt din einborne Son, og som ved røysta som gjekk ut frå den lysande skya på underfull måte føreåt forkynte vår fullkomne utkåring som søner: unn oss i nåde at vi må verta medarvingar med sjølve herlegdomens Konge og få del i den same herlegdomen. Ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg lever og råder, i eining med Den Heilage Ande, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[2]

Kjelder:

[1] Ola Breivega, Austanljos: Glimtar av ortodoks kristentru. Bergen: Norsk bokreiingslag 1994, s. 43)

[2] Kyrkjebøn for Kristi forkåringsdag for TLM, delvis redigert og omsett til nynorsk. (Messeboken — Missale Romanum. Latin og norsk. Oslo katolske bispedømme 1961, s. 969)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s