Politi med hijab

Eg er ein av dei som har vorte invitert til Facebook-gruppa mot hijab. Eg melde meg ikkje inn (eg er med i litt for mange grupper), men eg er likevel imot dette. Og det vil eg skrive heilt kort om her. Eg vil ta for meg tre viktige aspekt; det kulturelle, religiøse og menneskerettslege aspektet.

Det kulturelle aspektet. For det fyrste må vi spørja; er hijab eit religiøst plagg? Eller er det eit kulturelt plagg? Dette er eit viktig spørsmål, for i debattane dei seinare dagane seier dei kvinnene som brukar hijab at det er ein viktig del av deira religion. Slik eg har forstått, så er hijaben noko som har vorte assimilert av Islam, og at det eigentleg er av kulturell avstamming. Dersom det er tilfelle, skal vi også kunna sjå politifolk i bunad?

Det religiøse aspektet. Det fyrste eg vil spørje, for det lurer eg heilt seriøst å: Er det i det heile teke opning for at kvinner kan jobba som politi i Islam? Dersom svaret er nei, så er vel strengt tatt ikkje hijaben så viktig. Islam, som kristendommen, er vel ikkje ein kafeteria der ein tek det ein vil og let andre ting vera? Vidare vil eg seie at for mange politifolk er sannsynlegvis kristendommen viktig. Men kan ein kristen politibetjent gå med ein kross utanpå uniformen? Nei, for uniformen skal vera nøytral. Som politimann/kvinne representerer du ikkje deg sjølv, men styresmaktene, og skal vera ein folkets tenar. Og dette tek meg vidare til neste punkt.

Det menneskerettslege aspektet. I ein debatt som gjekk på NRK1 i går sa ein av dei muslimske ungdommane i debatten at Noreg er eit demokratisk samfunn med ytringsfridom. Men betyr det at ein politibetjent kan ytra eigne meiningar når han er i teneste? Det trur eg ikkje, og ho som kom med denne kommentaren misforstår skjelninga mellom borgarlege rettar og dei rattane du har i ein teneste. La meg ta eit døme: Kan ein imam gå ut offentleg å seie at buddhismen er den rette religionen og framleis få lov til å halde fram i tenesta si? Nei, men betyr det at han ikkje har ytringsfridom? Sjølvsagt ikkje!

Heilt til slutt vil eg berre spørje nokre korte spørsmål: Ville ein politi med ein stor kross hengande rundt halsen hatt ein nøytral uniform? Og ville ikkje mangfald i uniformering vore ei sjølvmotseiing? Skal vi kanskje no endra neming frå uniform til multiform?

4 comments on “Politi med hijab

  1. Peter says:

    Det appelleres i alle fall til religionsfrihet, slik jeg forstår Shoaib Sultan.

    Men religionsfrihet og samvittighets-/ytringsfrihet henger slik jeg forstår det i hop. Og ditt menneskerettslige aspekt mener jeg er to the point.

  2. Gunhild says:

    Enkelt og greit handler det om relegion. De gjør det i tro om at deres Gud sier at de skal det.

    Alle vet jo at muslimer er ekstreme når det gjelder og følge sin relegion, mye mer ekstreme enn kristne nordmenn. Dette er en kulturkrasj, men jeg synes uansett det blir feil å kritisere folk som kun gjør det de er opplært til, og ikke minst det deres relegion sier.

  3. Klarar dei ikkje å fylgje reglane, som spesifiserar at ein politiuniform skal vera religiøs og politisk nøytral, så kan dei heller sjå seg om etter anna arbeid. Desse reglane er like for alle; kristne, jødar, muslimar, buddhistar, etc.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s