“Søk fyrst Guds rike og hans rettferd”

Oskeonsdag

Dagens tekstar for Den katolske kyrkja er å finna her. Dagens tekstar for Den norske kyrkja er å finna her. Eg held meg til Dnk.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det sjette kapitlet. Ære vere deg, Herre.

16 Når de fastar, skal de ikkje gjera dykk sturne som hyklarane; dei skaper seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. 17 Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, 18 så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I dag er det oskeonsdag, og vi er no komne inn i fastetida. Mange ser på fasten som eit ork, noko vi må gjera for å ‘tekkast Gud.’ Atter andre ser på fasten som ei tid der vi skal prøva å synda ekstra lite. Ein bekjent av meg opplevde ein gong eit døme på det siste. Han var medlem av ein kristen nettstad, og i eit forum der vart det diskutert kva ein skulle fasta frå, og ein av deltakarane i diskusjonen skreiv at han skulle fasta frå pornografi. Men det er ikkje det fasten handlar om. Synd er noko vi skal kjempa mot heile året — heile livet, ikkje berre i fasten. Men fasten handlar heller ikkje om å plaga seg mest mogeleg for å tekkast Gud — og får å virka from. “Når du fastar,” seier Jesus, “skal du salva hovudet og vaska andletet, så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.”

Nei, fasten handlar verken om å tekkast Gud eller om kamp mot synd, men om å skjerpa fokuset. I fasten trappar ein ned, forenklar livet — og tek seg meir tid med Gud. Det handlar som kjent ikkje berre om å stå imot synd — noko du skal gjere uansett! — men om å kutte ut noko som i seg sjølv som ikkje nødvendigvis er dårleg, men godt. Pinsepastoren (eller ‘pinsemunken’) Peter Halldorf seier i ei fastepreike at vi kan samanlikne fasten med tynning. Han seier:

Av de bilder som kan belyse hva fasten innebærer — er tynningen et av de tydeligste. Hver hageeier vet at det vanskelige med tynning er at den gjelder de gode vekstene. Det er ikke ugress det er snakk om når vi skal tynne., men planter som vi faktisk vil ha i vår hage. Her gjelder det altså ikke å være sentimental, ellers vil vi mot slutten av sommeren stå der med en jungel av vekster som frenetisk kjemper med hverandre om lys, vann og plass. (…)

Når Jesus sier “bare ett er nødvendig” (Luk.10,42) — så utfordrer han mangfoldigheten i våre liv og kaller oss å søke det salige enfoldet.

Jesus seier i Joh 15:1f: “Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.” Denne teksten vert ofte brukt for å illustrera at Gud reinsar bort all vår synd, og det er for så vidt sant, men eg trur at den går vidare enn det. Poenget med tynning eller skjering er ikkje at ein tek bort det som er galt, men at ein tek bort delar av sjølve greina, slik at den vert meir potent, meir kraftfull, meir fruktbar. Vingardsmannen tek bort det som hindrar vekst, det som ikkje nødvendigvis er galt i seg sjølv, men som hindrar oss i fokusere på det eine nødvendige.

På søndag (fastelavnsøndag) var eg på ein temakveld i Hilleren misjonshus og høyrde ein svært bra og interessant foredrag/appell av Ingvard Wilhelmsen, som snakka om å møta unødvendige utfordringar. Og eit av hans råd, som sikkert høyrest heilt banalt ut (tatt ut av sin naturlege kontekst) var at vi må læra oss å berre så å seie ‘setja foten ned.’ Bestemma oss. Vi må prøva å kasta bekymringane bort. Og eg seier det same om alt i oss som stengjer Gud ute. Det kan vera mat, internett, fjernsyn, tv-spel, ja, faktisk studiar. Eg seier ikkje at ein ikkje skal studere. Men dersom studiane eller kanskje jobben vert så viktig at Gud kjem på andreplass, då er det kanskje på tide å revurdere prioriteringane sine. Det vert som eit bilklistremerke eg såg ein gong. Der stod det: “Jesus is my co-pilot.” Men Jesus skal ikkje vera min medpilot. Han skal ikkje ‘vera med på lasset’ som ein eller anna fjøsnisse. Nei, han skal styra. Han skal vera hovudstyrmannen, og vi skal vera passasjeren.

I teksten som eg siterte innleiingsvis står det at Faderen “som ser i det dulde, han skal løna deg.” Men kva er denne løna, kva er poenget med fasten? Peter Halldorf seier at fastens løn er “at livet igjen får sin opprinnelige renhet og enkelhet slik at mennesket kan skue Gud — “Salige er de rene av hjertet, de skal se Gud” (Matt.5,8) — og dermed se på vår neste og oss selv i kjærlighetens lys.”

Fasten handlar altså om å sjå Gud. Eg vil oppfordra de som les dette til å ta det innover dykk. La oss no i fasten skjerpa blikket mot Jesus. La oss ta opp krossen vår og vandra saman med Han fram mot fullendinga i Jerusalem. Og la oss leggja av oss noko av det som tek opp tid. La oss ikkje gjera som Marta, som “gjer seg strev og uro med mange ting.” Nei, la oss gjera som Maria, som har “valt den gode delen.” Set deg ned for Herrens føter, og ta innover deg det Han vil fortelja deg. Som Jesus sjølv seier det, i Matt 6:33: “Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.” La oss be:

Herre, vår Gud, gjev du oss å ta krossen vår opp og fylgja etter Kristus, så vi kan halda rett fasta slik du vil. Gjer oss uthaldande i bøna, trugne i kjærleiken og usvikelege i kampen for rettferd, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[1]

Noter

[1] Kollektbøn for oskeonsdag Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1991, s. 145) Lettare språkleg endra.

2 comments on ““Søk fyrst Guds rike og hans rettferd”

  1. Harald says:

    Dette var meningsfylt! Takk!

  2. […] den som kan tenke seg å utforske dette ørkenmotivet nærmere så har fr. Arnfinn Haram og Kjetil Kringlebotten hver på sin kant blogget lesverdig om faste den siste tiden. Bloggpostene deres er herved […]

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s