Velkomen Halvor!

I dag vert Halvor Nordhaug sett inn som biskop i Bjørgvin. Eg vil berre ynskja han velkomen, og håpar at han gjer ein god jobb.

sx838c52_9173efk11d_479120c
Foto: Terje Bendiksby (bt.no)

Han vart som kjent forbigått av ei kvinne i Møre, sjølv om han hadde flest stemmer. (No skal ikkje biskopordinasjon handla om demokrati, men likevel.) Då er det jo interessant at han, ein mann, vert innsett 8. mars.

Då vil eg berre sitere dei bibelsatdene som vert brukt under innsetjing av biskopar.

Matteus 28:18-20:

18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

1. Korintarbrev 15:1-11:

1 Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i. 2 Ved det vert de frelste dersom de held fast på det ordet eg forkynte – så sant de ikkje til fånyttes har kome til tru. 3 For fyrst og fremst overgav eg dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene våre etter skriftene, 4 at han vart gravlagd, at han stod opp att tredje dagen etter skriftene, 5 og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv. 6 Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre er avsovna. 7 Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. 8 Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster. 9 For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfylgt Guds kyrkje. 10 Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengd. For eg har arbeidt meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. 11 Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.

Titus 1:7-9:

7 For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera sjølvrådig, bråsint, drikkekjær eller hardhendt og ikkje lysten etter låk vinning. 8 Men han skal vera gjestmild og glad i det gode, visleg og rettvis, ha age for Gud og vera herre over seg sjølv. 9 Han må halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å rettleia etter den sunne læra og visa at dei som talar imot, tek feil.

1. Petersbrev 5:1-4

1 Dei eldste mellom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast: 2 Ver hyrdingar for den Guds hjord som er hjå dykk! Ha tilsyn med henne, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men med ein viljug hug. 3 Gjer dykk ikkje til herrar over den kyrkjelyden som de har fått ansvar for, men ver eit føredøme for hjorda. 4 Og når overhyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege ærekransen.

Igjen; velkomen Halvor!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s