Herren min Gud har gjeve meg ei læresveins-tunge

Palmesundag

Tekstane for palmesundag (for Den katolske kyrkja) finn de her. Eg skal ta for meg to av desse.

Det står skrive hjå profeten Jesaja i det 50. kapitlet.

4 Herren min Gud har gjeve meg ei læresveins-tunge, så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte. Kvar morgon vekkjer han mitt øyra, så eg kan høyra på læresveins vis. 5 Herren min Gud har opna mitt øyra. Eg sette meg ikkje imot og drog meg ikkje unna. 6 Min rygg baud eg fram til dei som slo, mine kinn til dei som reiv meg i skjegget. Eg gøymde ikkje mitt andlet for vanære og spytt. 7 Herren min Gud kjem meg til hjelp; difor skjemmest eg ikkje. Difor gjer eg andletet hardt som flint, og eg veit at eg ikkje vert til skammar.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.

Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Johannes i det 12. kapitlet. Ære vere deg, Herre.

12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge! 14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive: 15 Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, kongen din kjem ridande på ein eselfole. 16 Dette skjøna ikkje disiplane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.

Slik lyder det heilage evangeliet. Lova vere du, Kristus. Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I kristen tradisjon seier ein at tenaren som er nemnt i Jesaja er Kristus, at den er ein profeti. Men i jødisk tradisjon har den fått mange forskjellige tolkingar, t.d. at den er Israel, dvs. Guds folk. I dag skal eg ta for meg dette siste, og sjå litt på kva Gud ynskjer seg frå oss — ut frå Kristus.

Peter fortel oss at Kristus “leid for [oss] og gav [oss] eit førebilete, så [vi] skulle følgja i hans fotspor.” (1Pet 2:21) På same plass skriv han ned litt om Kristus, med utgangspunkt nettopp i tekstane om Herrens tenar i Jes 53:

Han gjorde inga synd, og det fanst ikkje svik i hans munn. Han svara ikkje med hån når han vart hånt, han truga ikkje når han leid, men overlét si sak til han som dømmer rettferdig. På sin eigen kropp bar han syndene våre opp på treet, så vi skulle døy bort frå syndene og leva for rettferda, og ved hans sår har de fått lækjedom. De var som bortkomne sauer, men no har de vendt om til han som er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar. (1Pet 2:22-25)

Kristus, som leid for syndene våre, som gav alt, gav oss altså eit førebilete, “så [vi] skulle følgja i hans fotspor.” Dette trur eg kjem best fram i dagens lesetekst frå profeten Jesaja. Fyrste delen, v. 4-5 handlar om å lytta til Guds ord og befaling. “Herren min Gud har gjeve meg ei læresveins-tunge, så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte. Kvar morgon vekkjer han mitt øyra, så eg kan høyra på læresveins vis. Herren min Gud har opna mitt øyra. Eg sette meg ikkje imot og drog meg ikkje unna.” Vidare les vi om tenaren si liding, i v. 6: “Min rygg baud eg fram til dei som slo, mine kinn til dei som reiv meg i skjegget. Eg gøymde ikkje mitt andlet for vanære og spytt.” Kristus tok mykje ‘bank,’ og tola mykje. Men kvifor? Eg trur svaret ligg i v. 7: “Herren min Gud kjem meg til hjelp; difor skjemmest eg ikkje. Difor gjer eg andletet hardt som flint, og eg veit at eg ikkje vert til skammar.” Gud redda Kristus ut — og i og med dette vart vi frelst. Men korleis er dette eit førebilete for oss?

Jo, på mange måtar, og eg skal konsentrera meg om den eine. I austleg-ortodoks tradisjon fokuserer ein på at Kristus er det arketypiske menneske, noko vi skal sjå opp til. Og difor vil eg no sjå på ein ortodoks tolking av Kristus. I gamle tider var det mange kongar som reid på esel for å vise at dei kunne kontrollere eit slikt stabeis — for å vise at dei kunne styre. Dette har ein i kristen tradisjon også knytt til læra om at våre lyster skal leggja seg under vårt intellekt, vår ånd — som skal leggjast under Gud. John Granger skriv:

The traditional Christian explanation of why Christ rides in triumph into Jerusalem on a donkey rather than a noble steed is that he wanted to show the hosanna-shouting assembly on the sides of the road a three-dimensional icon or symbol of the obedient man. Thus the donkey (certainly a picture of willful, stubborn desire) serves his master, Spirit and God incarnate in cheerful obedience.[1]

Slik kongen viser at han kan kontrollere eit stabeis — og seg sjølv — viser Kristus at han også har kontroll. Men dette viser også at Kristus er audmjuk. Sjølv om kontrolleringa av eit esel viste at dei hadde kontroll, så trur eg ikkje kongane hadde reist inn i sigerstog på eit esel. Men dette gjorde altså Kristus. Legg merke til orda mine: Kristi ferd inn i Jerusalem, der han skulle bli pint, bli krossfest til død og gravlagd, var eit sigerstog. Og ved dette sigertoget skal også vi sigra. La oss be:

Herre Jesus Kristus, du vart lydig til døden, ja, døden på krossen, og fekk det namnet som er over alle namn. Vi bed deg: Lat oss i tru på deg få eiga den frelsa du vann for oss då du leidd og døydde, så vi audmjukt og lydig kan fylgja deg etter, og vedkjennast deg som vår frelsar og konge, du som med Faderen og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[2]

Noter:

[1] John Granger, Looking for God in Harry Potter. (Updated second edition). SaltRiver 2006, s. 104

[2] Kollektbøn for palmesundag, Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1990, s. 188)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s