Snart er det påske

Snart (på sundag) er det påske, så eg vil gjerne sitere Salme 116, som er ein del av lovsongen som vart sunge under påskemåltidet. Den vil vera ei innleiing til dei neste dagane, frå skjærtordag til fyrste påskedag.

1 Eg elskar Herren,
for han høyrde meg
då eg trygla og bad.
2 Fordi han vende øyra til meg,
vil eg kalla på han alle mine dagar.
3 Dødens lekkjer snørte seg om meg,
helheims redsler greip meg,
eg fann berre naud og sorg.
4 Då kalla eg på Herren:
«Å, Herre, berga mitt liv!»
5 Herren er nådig og rettferdig,
miskunnsam er vår Gud.
6 Herren vernar dei umyndige,
han kom meg til hjelp då eg var veik.
7 Kom til ro att, mi sjel,
for Herren har gjort vel imot deg!
8 Ja, du har berga mitt liv frå døden,
mitt auga frå gråt og min fot frå fall.
9 Eg får ferdast for Herrens åsyn
i landet åt dei levande.
10 Eg trudde, jamvel då eg sa:
«Eg er ille plaga.»
11 I min angst og mi uro sa eg:
«Kvart menneske er ein lygnar.»

12 Kva skal eg gje Herren att
for alle hans velgjerningar mot meg?
13 Eg lyfter frelsesstaupet
og kallar på Herrens namn.
14 Eg vil halda mine lovnader til Herren
for augo på heile hans folk.
15 Det er dyrt i Herrens augo
at hans trugne døyr.
16 Å, Herre, eg er din tenar,
din tenar og son til di trælkvinne.
Du har løyst mine lekkjer.
17 Eg vil bera fram takkoffer til deg
og kalla på Herrens namn.
18 Eg vil halda mine lovnader til Herren
for augo på heile hans folk,
19 i føregardane til Herrens hus,
midt i deg, Jerusalem.
Halleluja!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s