“For vi har alle del i det eine brødet…”

Skjærtorsdag

Tekstane for skjærtordag finn de her (Den katolske kyrkja). Eg vil berre sitera epistelteksten.

Det står skrive i Paulus sitt 1. brev til Korintarane i det 11. kapitlet.

23 For eg har teke imot frå Herren det eg òg har overgjeve til dykk: Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka, braut det og sa: «Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakta i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!» 26 For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.

Slik lyder Herrens ord. Gud vere lova.
Heilage Far, helga oss i sanninga, ditt ord er sanning. Amen.

I fyrste lesetekst (frå 2Mos 12) les vi om innsetjinga av påsken. Vi les der at israelsfolket fekk fire distinkte bod: Dei skulle (1) ta seg ut eit lam, v.1-5, (2) slakta lammet, v.6, (3) stryka blodet åt lammet “på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det,” v. 7, og (4) eta lammet, v.8-9. Påsken i 2. Mosebok er prototypen på den verkelege påsken, som vi les om i teksten eg har sitert oppfor. La oss samanlikna dette med boda til israelsfolket:

(1) Kristus, Guds Lam, gav seg sjølv, ofra seg sjølv. I Hebr 10:3-10 kan vi lesa om dette:

Men offera er kvart år ei påminning om synd. For blod frå oksar og bukkar kan umogleg ta bort synder. Difor seier Kristus når han stig inn i verda: Slaktoffer og offergåve ville du ikkje ha, men ein kropp laga du til meg; brennoffer og syndoffer har du inga glede av. Då sa eg: Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje, Gud. I bokrullen er det skrive om meg. Først seier han: «Slaktoffer og offergåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på», endå det er slike offer som blir borne fram etter lova. Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg for å gjera din vilje.» Han opphevar det første så han kan setja det andre i verk. På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi kropp vart boren fram som offer éin gong for alle.

Dette ser vi også symbolisert i offertoriet. Der ber presten fram takkofferet på vegne av kyrkjelyden (Fil 2:17), liksom Kristus bar seg sjølv fram frå unnfanginga til døden. Vi ser også ein klar skilnad mellom dyreofra og Kristi offer. “Men offera er kvart år ei påminning om synd” står det. Men Kristi offer er eit påminning om frelsa. “Gjer dette til minne om meg,” som Kristus seier det.

(2) Kristus, Guds Lam, vart ofra på krossen, liksom lammet vart slakta. Og vi kan sameinast med Han i døden (og i oppstoda), slik Paulus skriv om i Rom 6. I messa ser vi dette i konsekrasjonen. Der vert Kristi offer nærverande, ved Andens kraft. Kristus vart krossfest, men hadde ‘kontrollen.’ På same måte som Kristus gav seg sjølv på krossen, gjev Han seg sjølv til oss i nattverden. (Presten opererer her in persona Christi, i Kristi person.)

(3) Kristi gjev blodet sitt til oss i nattverden, for at vi slik skulle ha del i frelsa. “Velsigningsbegeret som vi velsignar,” spør Paulus, “gjev det ikkje del i Kristi blod?” (1Kor 10:16a) Vi ser også dette i 1Joh 1:7: “Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.”

(4) I nattverden gjev Kristus sin eigen lekam til oss, liksom israelsfolket åt påskelammet. “Brødet som vi bryt,” spør Paulus, “gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet.” (1Kor 10:16b-17) Dersom vi vil ha del i frelsa, må vi eta offeret, konsumera det — gjera det til ein del av oss. (Eller i dette tilfellet; verta ein del av det). “Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk,” seier Kristus: “Dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. Den som et min kropp og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.” (Joh 6:53f) Ved dette offeret har vi vår frelse, og utan at vi tar del i det, kan vi ikkje leva. Som Paulus seier det: “For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gamal surdeig av vondskap og synd, men med reinleiks og sannings usyrte brød.” (1Kor 5:7f)

La oss be:

Herre Jesus Kristus, vi takkar deg fordi du har sett inn den heilage nattverden, der du gjev oss din lekam og ditt blod til forlating for syndene, og sameinar oss med deg og di kyrkje i himmelen og på jorda. Gjev oss å ta imot desse gåvene rett og dagleg veksa i tru, von og kjærleik, til vi samlast hjå deg i ditt fullkomne rike, du som med Faderen og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.[1]

Noter:

[1] Kollektbøn for skjærtorsdag, Dnk. (Tekstane i kyrkjeåret. Oslo: Verbum 1990, s. 195)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s